Universitetet i Oslo demonstrerer mot statsbudsjettet

Universitetet i Oslo held torsdag 16. november klokka 1400 ei markering i protest mot regjeringa sitt framlegg til universitetsbudsjett. - Me håpar å fylla heile Universitetsplassen i Sentrum med folk under denne aksjonen, seier rektor Kaare R. Norum.

- Dersom det framlagde universitetsbudsjettet til regjeringa blir vedtatt, vil det gå utover både grunnforskinga, læringsmiljøet og studiekvaliteten, meiner rektor Kaare. R. Norum.
Foto: Ståle Skogstad

Det er fagforeiningane og Studentparlamentet ved UiO som arrangerer protestmarkeringa, men aksjonen får full støtte frå universitetsleiinga, og rektor Kaare R. Norum vil halda appell.

- Det framlagde universitetsbudsjettet blei eit stort vonbrot både for meg og resten av universitetsleiinga, ikkje minst på bakgrunn av dei signala me fekk frå Arbeidarpartiet den tida partiet var i opposisjon. Sidan partiet brått kom i posisjon, hadde me rekna med at det hadde fylgd opp det representantane for partiet hadde lova oss tidlegare, seier Norum. Og han viser til at budsjettframlegget kan få store konsekvensar om det blir vedtatt.

- Dei manglande løyvingane vil gå utover både grunnforskinga, læringsmiljøet og studiekvaliteten ved UiO. I solidaritet med dei som blir direkte råka av desse nedskjeringane, vil me halda denne markeringa mot dette budsjettframlegget, fortel Norum. Under markeringa vil også representantar for fagforeiningane og studentane halda appellar. Til slutt vil demonstrasjonstoget gå frå Universitetsplassen til Stortinget og overlevera eit protestbrev til alle stortingsrepresentantane. Norum trur ikkje det vil gjera vondt verre for UiO å skipa til ein demonstrasjon mot budsjettframlegget.

- Nei, dette blir ei verdig markering, og eg trur det kan vera ein fin måte å få gjort opinionen medviten om det dårlege framlegget til universitetsbudsjett som regjeringa har kome med, synest UiO-rektoren.

Emneord: Økonomi Av Martin Toft
Publisert 7. nov. 2000 16:52 - Sist endra 10. des. 2008 16:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere