SiO Helses lokale på Blindern vert poliklinikk for koronasjuke

Personar med mogleg koronasjukdom skal no få undersøking av lege på feberpoliklinikk-korona på Blindern. Det er bydelane Nordre Aker, Bjerke og Sagene som måndag opnar feberpoliklinikk i lokala til SiO Helse.

KORONAKLINIKK: SiO Helses lokale i Kristian Ottosens hus på Blindern vert frå måndag feberpoliklinikk for pasientar som kan vera koronasjuke.

Foto: Ola Gamst Sæther

Det var eit svært uvanleg oppdrag bydelsoverlege Bjørn Sletvold i Nordre Aker fekk frå Oslo kommune denne veka: Etablér ein poliklinikk for å undersøkja og testa pasientar som kan ha  koronasjukdom. Samarbeid gjerne på tvers med dei andre bydelane forå få finna ei felles løysing.

Koronasmitta i Noreg:

  • 1926 smitta. Av desse er 183 rapporterte det siste døgnet frå kl. 00.00 til kl. 24.00 i går.
  • 7 dødsfall er varsla til Folkehelseinstituttet, dei døde er eldre personar.
  • Gjennomsnittsalder for dei smitta er 47.1 år, 44.7 prosent er kvinner og 55.3 prosent er menn.
  • 891 personer er blitt smitta i Noreg, 892 personer har blitt smitta utanlands og for 143 er smittestad under avklaring.
  • I Noreg er det i formiddag rapportert 49 451 personar testa for koronavirus (SARS-CoV2).
  • 130 pasientar er innlagde på sjukehus med påvist covid-19  
  • Det er totalt 33 personar som har vore eller er innlagde på intensiv med stadfesta SARS-CoV-2  (Kjelde: Folkehelseinstituttet)

– Det er sett i verk eit stort apparat i kommunen på grunn av koronaepidemien. Då eg fekk oppgåva med å finna lokale til ein feberpoliklinikk for koronapasientar ,måtte eg vurdera fleire alternativ. Eg retta ganske tidleg ein førespurnad til Universitetet i Oslo og universitetsdirektør Arne Benjaminsen. Me drøfta moglege lokale og kom fram til at me kunne ta kontakt med Studentsamskipnaden for å få høve til å bruka SiO Helse sine lokale på Blindern.  Dagen etter hadde me eit møte med UiO og SiO, og dei var positive, seier Bjørn Sletvold til Uniforum. 

– Me er svært nøgde med den fantastiske responsen me har fått, legg han til. 

Lagar ei sluse mellom mogleg koronasjuke pasientar og andre

Også etter at ein del av lokala til SiO Helse blir ein feberpoliklinikk for mogleg koronasjuke pasientar, skal studentar som har behov for hjelp straks til tannbehandling eller medisinsk behandling, framleis få det same tilbodet som før.

– Det blir laga ei sluse slik at pasientar med sannsynleg koronasmitte kan stå i ei kø og bruka ein inngang, medan studentane som skal til behandling straks hos tannlege eller fastlege, skal bruka ei anna kø og ein annan inngang, seier Bjørn Sletvold. 

– Skal behandla pasientar med akutte luftvegsinfeksjonar

Og det er pasientar i risikogrupper som skal koma til poliklinikken for å bli testa eller få behandling. 

– Det handlar om behandling av pasientar i desse bydelane med akutte luftvegsinfeksjonar. Om dei skulle ha koronasmitte, er det viktig at dei ikkje tar turen innom eit legekontor eller eit helsesenter fordi dei då lett kan smitta andre pasientar, fortel Bjørn Sletvold.

Samtidig minner han alle om at folk berre er lettare forkjøla eller snufsete skal folk halda seg heime eller berre konsultera fastlegen på telefon, om dei treng sjukemelding eller annan hjelp.

– Når fastlegen konkluderer med at pasienten treng legeundersøking eller har mogleg kraftig koronainfeksjon, skal dei sendast vidare til denne feberpoliklinikken, slår han fast.

Opnar på måndag

Klinikken vil ha nedslagsfeltet sitt i eit område med nærare 130 000 innbyggjarar.

Når klinikken opnar på måndag skal tre legar vera på plass for å behandla desse pasientane.  Om det er behov for det, kan klinikken også ta i bruk andre kontor og engasjera fleire legar.

– Nettopp derfor etablerer me klinikken i desse lokala. Dei andre alternativa me såg på, var altfor små, konstaterer han. 

– Vil arbeida på spreng

Det blir ikkje noko helgefri for han og medarbeidarane hans denne helga. 

– Nei, me vil arbeida på spreng for å få alt dette på plass, få sett opp datautstyr, plassert ut undersøkingsutstyr, få inn smittevernutstyr og få laga tydeleg skilting.  Det siste gjer me i samarbeid med dei tilsette i Studentsamskipnaden i Oslo.

– Me hadde ikkje fått dette til om ikkje både Universitetet i Oslo og Studentsamskipnaden hadde stått på for å få det til. Det har vore ei dugnadsånd frå alle, også frå private aktørar, seier han.

– Glade for å kunna bidra

Universitetsdirektør Arne Benjaminsen er også godt nøgd.

– Me er glade for å kunna bidra. Det er først og fremst Studentsamskipnaden som har stått i fremste rekkje for å få til dette, seier han til Uniforum.

Helsetilbodet til studentane blir lite påverka

Og i Studentsamskipnaden i Oslo får Uniforum via epost kontakt med direktør for SiO Helse, Trond Morten Nejad-Trondsen. Han lovar at ordninga ikkje skal gå ut over tilbodet til studentane.

– Dette vil i svært liten grad påverka tilbodet til studentane. Drifta går som normalt, men det meste av SiO Helses konsultasjonar og bistand til studentane skjer no over digitale flater. Det er for tida  avgrensa med pasientar som møter i lokala våre på grunn av stenginga av UiO. Det er også avgrensa areal som blir frigjorde til dette tilbodet, og me gjer ei rekkje tiltak som eigne inngangar, skilde areal og skilting, så pasientar hos SiO Helse skal merka minst mogleg til dette.

– Korleis kom denne avtalen i stand?

– UiO fekk førespurnad frå bydelane om oppretting av feberpoliklinikk på Blindern, og SiO blei så førespurt om å avgi lokale ettersom me allereie har helsetenester og eigna lokale på campus gjennom UiO.

Nejad-Trondsen er glad for at SiO kan stilla opp på denne måten.

– Dette ser me positivt på i SiO. Som mange andre, så ynskjer også me i SiO å bidra med det me kan i den nasjonale dugnaden som no går føre seg. Me skal også leggja til rette så me kan oppretthalda tilbodet til studentane, lovar han. 

Eigedomsavdelinga på Universitet i Oslo opplyser Uniforum om at pasientar som skal til feberpoliklinikken,skal bruka inngangen ved trappehuset  nærast Villa Eika., der SiO kundesenter.er. Det blir også stengt ute frå fellesarealet mellom dei to inngangane i Kristian Ottosens hus. Alle andre som skal inn i bygningen skal bruka inngangen mot Frederikkeplassen.

I Oslo er det no til saman 448 personar som er smitta av koronavirus, medan det er 583 i Viken.  I heile landet er det no registrert 1926 smitta, viser dagens tal frå Folkehelseinstituttet.

(Oppdatert 22. mars kl. 20:28)

Emneord: Koronavirus, SiO, Helsetjenesten Av Martin Toft
Publisert 21. mars 2020 13:36 - Sist endra 22. mars 2020 20:28
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere