LEIAR: Rette krisetiltak på UiO i koronaens tid

Me har eit felles mål: Å unngå at folk blir smitta av koronaviruset. For oss er det derfor eit lite offer å jobba for UiO heime for å sleppa nærkontakt med moglege smitteberarar ute i samfunnet.

KRISETILTAK: Dette er ein dugnad som me gjer for heile laget Noreg, skriv ansvarleg redaktør Martin Toft i Uniforum. (Arkivfoto frå Blindern)

Foto: Ola Sæther

 

Denne veka har stått i koronaens teikn både på Universitetet i Oslo og i resten av Noreg. Det begynte som ein liten auke i smittetilfella til koronasmitta til sist skaut i veret til 800 tilfelle og eit dødsfall i går.

Torsdag ettermiddag kulminerte det med ein pressekonferanse med blant andre statsminister Erna Solberg og helse- og omsorgsminister Bent Høie der dei kunngjorde at universiteta , skulane og barnehagane i heile landet ville bli stengde i to veker.

For universiteta gjaldt det frå i går kveld klokka 18.00. Også utestader, restaurantar, museum og teater vart stengde saman med symjehallar og treningshallar.

Derfor er det  heilt naudsynt at alle fylgjer tiltaka og reglane som regjeringa har bestemt

Dette er viktig for å hindra at smitta frå koronaviruset spreier seg endå meir i Noreg. Dette tiltaket er ein viktig måte å visa solidaritet med eldre, sjuke og dei som har dårleg immunforsvar. Me kan gjennom veremåten vår hindra at fleire av dei blir innlagde på sjukehusa med koronasmitte.

Som helse- og omsorgsminister Bent Høie sa på pressekonferansen i går ettermiddag. – Du gjer det for bestemora di, for niesa di som har astma og for den kreftsjuke naboen din.  Me er derfor overtydde om at det var eit rett avgjerd å stengja både universiteta, høgskulane, skulane og barnehagane no. Det skal regjeringa ha honnør for, noko den også får frå ein nesten samla opposisjon.

Derfor er det  heilt naudsynt at alle fylgjer tiltaka og reglane som regjeringa har bestemt. Me har eit felles mål: Å unngå at folk blir smitta av koronaviruset. For oss er det derfor eit lite offer å jobba for UiO heime for å sleppa nærkontakt med moglege smitteberarar ute i samfunnet.

No er me utestengde frå UiO i to veker. Men gjennom nettet klarer me likevel å få arbeidet gjort. Førelesarar kan halda førelesingar digitalt, medan andre tilsette kan kommunisera via nettet.

Dette er ein dugnad som me gjer for heile laget Noreg

Tiltaka ved UiO kom i siste liten. vil nokon meina, men me trur at det det var heilt rett å setja dei i verk no. I utgangspunktet skulle folk kunne ha vore på universitetet ,om det var behov for det. Etter at regjeringa og helsestyresmaktene innførte straksstenging av blant andre universiteta og høgskulane, gav universitetsdirektør Arne Benjaminsen med ein gong beskjed til alle studentar og tilsette om at universitetet ville bli stengt klokka 18.00 i går ettermiddag. Den beskjeden kom ut til dei alle fleste både på norsk og på engelsk.

Dette er ein dugnad som me gjer for heile laget Noreg. Om me samarbeider godt og er fleksible, klarer me å få gjort arbeidsoppgåvene våre frå heimane våre.

Noreg har klart seg bra gjennom kriser tidlegare. Saman med andre europeiske land, og med Kina, USA ,Canada og Japan og alle andre land med koronavirus skal me klara å vinna kampen denne gongen også. Det kan vera både ubehageleg og upraktisk, men me får det til  – saman.

Det er eit viktig offer for å kunna redda livet til dei svakaste blant oss

Universitetsdirektør Arne Benjaminsen og resten av UiO-leiinga skal også få ros for at dei har skunda seg langsamt, men då dei såg at dei måtte ta i bruk drastiske tiltak, som å avlysa all tradisjonell undervisning og gå over til digital undervisning., nølte dei ikkje lenger. Dei bad også alle tilsette som ikkje hadde behov for å vera på universitetet om å jobba heimifrå.

Med den siste avgjerda til regjeringa, vil dette seia at alle tilsette på UiO må jobba heimifrå,så sant dei ikkje må møta etter avtale med leiar. Studentane må fylgja undervisninga frå hybelen eller kollektivet.

Slik blir det færre folk som brukar kollektivtrafikken, og det blir færre personar som kan smitta kvarandre på universitetet. Det er eit viktig offer for å kunna redda livet til dei svakaste blant oss. Det er eit teikn på meir solidaritet og mindre egoisme. Og det er ein verdi som det akkurat no er endå viktigare enn nokon gong før å setja pris på.

 

 

 

Av Martin Toft, ansvarleg redaktør for Uniforum
Publisert 13. mars 2020 11:42 - Sist endra 13. mars 2020 11:42
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere