Korona: Sverige stengjer alle universitet og høgskular i morgon

Alle universitet, høgskular og vidaregåande skular i Sverige vil stengja i morgon som eit vern mot smitte frå koronaviruset. Det kunngjorde statsminister Stefan Løfven på ei pressekonferanse i dag. 

To kvinner og to menn held pressekonferanse om koronaviruset i Sverige

VARSLAR STENGING: Statsminister Stefan Løfven varslar stenging av universitet og vidaregåande skular. Her står han saman med høgare utdannings- og  forskingsminister Matilda Ernkrans (lengst til venstre) ,utdanningsminister Anna Ekström og generaldirektør i det svenske Helsedirektoratet (Folkhälsmyndigheten), Johan Carlson

Foto: Fotografi frå SVT

Sverige og Storbritannia er dei europeiske landa som har nølt lengst med å stengja universitet og høgskular og vidaregåande skular som ein konsekvens av koronakrisa. No har Sverige bestemt seg for likevel å setja i verk slike drastiske tiltak, ifylgje Sveriges Television. 

Koronaviruset i Norden: 

Noreg 1360 smitta /3 døde

Sverige 1121 smitta /7 døde

Danmark 960 smitta/4 døde

Finland: 294 smitta /0 døde

Island: 180 smitta /0 døde

(Kjelde: Johns Hopkins University)

I formiddag kunngjorde statsminister Stefan Løfven saman med høgare utdannings- og  forskingsminister Matilda Ernkrans, utdanningsminister Anna Ekström og generaldirektør i det svenske Helsedirektoratet (Folkhälsmyndigheten), Johan Carlson at alle universitet, høgskular og vidaregåande skular i Sverige vert stengde frå i morgon. Det gjeld også for vaksenopplæringa.  Etter kvart kan det også koma på tale å stengja grunnskular og barnehagar, også i Sverige, opplyste den svenske regjeringa på pressekonferansen. 

I Noreg stengde alle universitet og høgskular torsdag kveld, medan grunnskulen og den vidaregåande skulen med nokre få unntak blei stengde før helga. 

Også i Sverige er stenginga eit tiltak for å hindra vidare spreiing av smitte frå koronaviruset. Der har dei registrert 1121 tilfelle av koronasmitte, ifylgje Johns Hopkins University sin statistikk over korleis koronaviruset har spreidd segi verda.  Det er 219 færre tilfelle enn Noreg har, som har registrert 1360 personar med koronasmitte.  Men medan sju personar er døde av koronaviruset i Sverige, har Noreg så langt opplevd 3 dødsfall. 

Danmark bestemte seg for å stengja universitet, vidaregåande skular, grunnskulen og barnehagar allereie onsdag i førre veke. 

I Storbritannia har regjeringa bestemt seg for  å setja alle personar på over 70 år i karantene  i fleire veker fordi dei tilhøyrer risikogruppa som kan bli aller sjukast av smitte frå koronaviruset. Der har dei så langt registrert 1553 tilfelle av koronasmitte og 56 dødsfal, ifylgje Johns Hopkins University.  

 

Emneord: Koronavirus, Sverige Av Martin Toft
Publisert 17. mars 2020 12:21 - Sist endra 17. mars 2020 12:22
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere