Korona: Svein Stølen er imponert over heile universitetssamfunnet

– Eg er imponert over kor raskt heile universitetet har klart å kasta seg rundt etter at statsminister Erna Solberg torsdag varsla drastiske tiltak for å hindra spreiing av koronaviruset. Det seier rektor Svein Stølen.

Eit portrett av ein mann med briller og blå skjorte

SVÆRT VIKTIG: – Den menneskelege faktoren er svært viktig. Derfor må me også ta vare på kvarandre i ein slik situasjon. seier UiO-rektor Svein Stølen frå kontoret i 9. etasje i Lucy Smiths hus.

Foto: Ola Gamst Sæther

Svein Stølen sit på rektorkontoret i 9.etasje i Lucy Smiths hus og arbeider medan han har kontakt med andre i universitetsleiinga som arbeider heimifrå via den digitale plattforma zoom eller via telefon. Men ein del frå UiO-leiinga er på plass i Lucy Smiths hus.

  – Eg sit på kontoret for me må snakka saman, men med god avstand, fortel  han til Uniforum.

– Har avlyst eit møte

 Koronaberedskapen har førebels ikkje endra mykje på planane hans.

– Eg skulle ha vore eit møte i Kristiansand, og det blei avlyst.  No handlar det om å ta seg best mogleg av oss sjølve og ikkje minst av studentane, understrekar han.  Derfor har han også nær  kontakt med dei.

 – Ja, me har invitert leiaren for Studentparlamentet med på møte med oss, og saman har me sett i gang ein digital dugnad . No vl han spreia den informasjonen vidare til alle studentorganisasjonane, seier han.

 Så langt har det vore ulike erfaringar med det digitale tilbodet.

 – Nokre treng hjelp, medan andre får det til. Nettopp derfor har me oppretta ei digital ressursgruppe på 30 personar som alle som har behov for det, kan kontakta, seier han.

– Står skulder ved skulder

UiO-rektoren er imponert over alle på universitetet

– Det er dyktige folk over alt som står skulder ved skulder.

På Universitetet i Oslo er det mange laboratorieforsøk og anna forsking som får føre seg kontinuerleg. Kva skjer med dei no?

– Alt som er av tiltak som går føre seg heile tida, slik som dyrking av plantar og av kulturar og andre laboratorieforsøk skal haldast i gang. Og det same gjeld for maskiner og utstyr som må haldast i drift. Likevel førsteprioriteten vår no er å verna liv og helse, understrekar  Svein Stølen.

 – Familien må prioriterast

Opp i alt det tekniske minner han om at dette også handlar om kjensler, familiar og kontakt.

 – Den menneskelege faktoren er svært viktig. Derfor må me også ta vare på kvarandre i ein slik situasjon.  Og det er essensielt å ha nokon å snakka med.  Dei tilsette kan ha foreldre som blir sjuke eller barn som blir sjuke. Då må jobb vera jobb, og familien må prioriterast. Det må me ta høgde for, peikar han på.  

Svein Stølen synest  folk på Universitetet i Oslo skal vera stolte over det som dei har klart å få til. 

– Eg er imponert over kor raskt heile universitetet har klart å kasta seg rundt etter at statsminister Erna Solberg på pressekonferansen på torsdag varsla  drastiske tiltak for å hindra spreiing av koronaviruset.  Det er ein fantastisk kollektiv innsats som er blitt gjort., seier Svein  Stølen.

–  Har sendt ut informasjon til alle studentar

Tidlegare i dag var Uniforum også i kontakt med universitetsdirektør Arne Benjaminsen.  Førebels er det ikkje sett i gang nye tiltak som vern mot spreiing av smitte frå koronaviruset på UiO. 

– No fylgjer me opp tiltak som me har innført tidlegare. Og så har me sendt ut informasjon til alle studentar innanlands og utanlands, fortel han til Uniforum. 

Så langt har dei ikkje fullt oversyn over korleis koronaviruset har verka inn på dei tilsette ved UiO.

 – Me har så langt som me kjenner til ein person som er smitta, og så er mange tilsette i karantene etter utanlandsopphald, seier Arne Benjaminsen.

Medan universitetsbygningane vore opne for studentar fram til no, vil dei vera heilt stengde for alle studentar frå i morgon klokka 15.00.

– Dei som skal henta tinga sine inne i bygningane, må gjera det  før den fristen går ut, seier han.  Universitetsdirektør Arne Benjaminsen viser til at tilsette framleis kan koma inn med tilsettekort og kode.

– Men tilsette skal helst ikkje opphalda seg lenge i bygningane, presiserer han.  

Han understrekar likevel at det er gjort unntak for nokre tilsettegrupper. Så listar han opp fylgjande: 

  • Dei som må være til stades for å avverja fare for liv og helse eller hindra at eigedom, materiell, utstyr med meir  blir øydelagde eller går tapt.
  • Dei som jobbar med å oppretthalde funksjonar, materiell og eigedom som sikrar ivaretaking av uerstatteleg forskingsmateriale
  • Dei som arbeider med ivaretaking av UiOs arbeidsgjevarfunksjonar, som til dømes utbetaling av lønn til våre tilsette eller med ivaretaking av UiOs økonomiske forpliktingar overfor eksterne samarbeidspartnarar, til dømes betaling av fakturaer for inngåtte avtalar.
  • UiOs sentrale beredskapsleiing,  lokale beredskapsleiing på fakultetsnivå og tilsvarande nivå.

Les meir på Universitetet i Oslos nettsider om koronaviruset.

 

 

 

 

Emneord: Koronavirus Av Martin Toft
Publisert 16. mars 2020 16:03 - Sist endra 16. mars 2020 16:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere