UiO avlyser ex.phil-førelesingar og doktorkreering på grunn av koronaviruset

Ex.phil-førelesingar ved UiO er avlyst, truleg for resten av semesteret. Også doktorkreeringa denne veka og morgondagens Nokut-frukost om utdanning er avlyste som eit vern mot koronaviruset.

AVLYSER: UiO avlyser både ex.phil-førelesingar og doktorkreeringa som eit vern mot koronaviruset. (Arkivfoto)

Det humanistiske fakultetet har bestemt seg for å avlysa dei store fellesførelesingane i ex.phil.  Det går fram av ei tekstmelding som fakultetet har sendt til 500 studentar på kurset EXPHIL03, melder VG. Avisa får det også stadfesta frå administrativ leiar Karen Haugland. Ho viser til at dei fylgjer tilrådingane frå Folkehelseinstituttet og at det vil koma fleire opplysningar på onsdag.

Dei norske helsestyresmaktene rådde tysdag kveld til å avlysa alle arrangement med over 500 deltakarar. Det er truleg også årsaka til at doktorkreeringa ved UiO torsdag 12. mars er avlyst. Det same er eit frukostmøte om utdanning onsdag morgon på Realfagsbiblioteket . Det er eit felles arrangement mellom NOKUT og UiO.

Odontologi har skjerpa reiserestriksjonane

Måndag ettermiddag skjerpa også Det odontologiske fakultetet reiserestriksjonane sine for både tilsette og studentar. Kort sagt rår Det odontologiske fakultetet at alle planlagde utanlandsreiser vert utsette eller vert avlyste fordi det vil føra til arbeidsrestriksjonar ved heimkomst, står det i informasjonen som er lagt ut på fakultetet sine nettsider. Ingen tilsette får dra til risikoområde eller til område med eksisterande smittespreiing. Tenestereiser til land som ikkje er definerte som risikoområde, skal berre gjerast dersom det er heilt naudsynt. Det skal vurderast saman med leiar som hentar inn råd frå smittevernutvalet. Ingen skal reisa ut av landet på møte eller konferansar på UiOs rekning. Om dei reiser privat må dei ta ansvaret for det på eiga hand og undersøka moglege konsekvensar av det. Fakultetet kan likevel ikkje påleggja tilsette eller studentar reiserestriksjonar for private reiser.

– Ein helsedugnad

Under eit informasjonsmøte på måndag grunngav Pål Barkvoll dei skjerpa reiserestriksjonane med omsynet til å hindra vidare spreiing av koronaviruset hos innbyggjarane.

– Det må reknast som ein helsedugnad for å hindra smitte blant tilsette, studentar og pasientar, sa han. Han viste også til at det finst både tilsette, studentar og pasientar som tilhøyrer risikogruppene dersom dei skulle bli smitta av koronaviruset. Dekanen peika også på at det er viktig for fakultetet å hindra at mogleg smitte skal spreia seg i klinikkane, noko som kan føra til at dei vert stengde.

– Ventar ein konkret plan

Norsk studentorganisasjon etterlyste tysdag ettermiddag fleire tiltak frå styresmaktene og utdanningsinstitusjonane for å avgrensa skadeverknadene av koronaviruset.

– Norsk studentorganisasjon ventar at norske styresakter og høgare utdanningsinstitusjonar har ein konkret plan på korleis dei skal handtera koronavirusutbrotet i Noreg framover. Me reknar med at dei har klare beredskapsplanar for å sikra at studentar kan fullføra semesteret med alt det faglege det inneber, som til dømes undervisning, praksis og eksamen, seier leiaren av Norsk studentorganisasjon, Marte Øien i ei pressemelding.

Ho er einig med forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim i at utgangspunktet må vera at studentane blir så lite forseinka i utdanninga så langt som det er mogleg.

– Samtidig må me ikkje gløyma at alle studentar framleis fortener ei utdanning av høg kvalitet. Sjølv om koronaviruset skaper utfordringar kan ikkje eksamen gjennomførast utan at studentane først får undervisning, seier Øien.

I Noreg er til saman 277 personar no smitta av koronaviruset, ifylgje Folkehelseinstituttet.

 

(Oppdatert 11. mars kl. 10.21 med presisering av at det er dei store  fellesførelesingane på ex.phil som er avlyste, ikkje kurset EXPHIL03)


 

 

Emneord: Koronavirus, Studentsaker, Doktorgrader Av Martin Toft
Publisert 11. mars 2020 01:18 - Sist endra 11. mars 2020 15:25
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere