Alle spørsmål til leiarar skal gå gjennom pressekontakten. Det er meldinga me som journalistar ofte får når me prøver å få universitetsleiinga til å svara på spørsmål om saker som handlar om Universitetet i Oslo. Sjølv svara på enkle og ukompliserte spørsmål kan dra ut i langdrag fordi dei må sjekkast av ein pressekontakt først.
LEIAR: Dette er ein leiarkommentar. Uniforum står for meiningar og haldningar i teksten.
I verste fall endar vår førespurnad om ei bestemt sak brått opp som ein artikkel på UiOs sentrale nettsider skriven av ein av dei tilsette i Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt.
Sjølv svara på enkle og ukompliserte spørsmål kan dra ut i langdrag fordi dei må sjekkast av ein pressekontakt først.
Universitetsdirektør Arne Benjaminsen har sjølv i ei e-postutveksling med Uniforum gjort det klart at det ikkje er nødvendig at all kommunikasjon med presse går gjennom pressekontakten.
«Vi har ikke noen retningslinjer for dette, men vi har praktisert at pressevakt bidrar til å koordinere svar. Det er for å kunne gi god service til journalistene og sørge for at relevante innspill er med på tvers av organisasjonen» svarte han oss i juni 2024.
Den gongen hadde nokre lokale verneombod på UiO fått beskjed av leiaren sin at all kommunikasjon med pressa måtte gå via pressekontakten. Det var ikkje universitetsdirektør Arne Benjaminsen einig i.
«Når det gjelder verneombud må de selvsagt svare uavhengig, men de kan også benytte pressevakt for å få bistand», var vurderinga han kom med.
Uniforum, til liks med all anna presse, jobbar med å få ut nyhende så raskt som mogleg. Grunnane til dette er mange, blant anna å setja dagsorden. Då har me ikkje tid til å venta på eit svar i fire eller fem dagar.
Når regjeringa legg fram forslag til statsbudsjett, må me ha kommentaren til ein rektor så snart som mogleg etter at finansministeren har presentert forslaget i Stortinget. Då kan me ikkje gå gjennom ein pressekontakt som vil forseinka svaret. Og dersom Uniforum vil ha ein kommentar til eit tenkt innbrot i Lucy Smiths hus, treng me å få kommentaren så fort som mogleg, ikkje to dagar etter. Slik fungerer pressa. Lesarane prioriterer det som er nytt.
I denne klemma vel me heller å publisera nyhendet før alle stemmer er med, enn å venta på ei avdeling som ikkje kjenner saka og ikkje alltid svarar innafor rimeleg tid.
No har me inntrykk av at det har kome eit pålegg om at all kontakt UiO-tilsette har med pressa skal gå gjennom pressekontakten. Det fører til at det tar mykje lenger tid å få ut alle sidene av ei sak, óg dei reint faktiske forholda, enn om me hadde fått svar direkte frå dei ulike saksbehandlarane eller andre ansvarlege. Dermed blir eit ferskt nyhende mykje mindre aktuelt når det blir publisert.
I denne klemma vel me heller å publisera nyhendet før alle stemmer er med, enn å venta på ei avdeling som ikkje kjenner saka og ikkje alltid svarar innafor rimeleg tid. Om me hadde fått kommentaren direkte frå kjelda, ville me har spart tid, og fått ei langt betre sak. Dei som jobbar på UiO har akkurat som andre tilsette i offentleg forvaltning, ytringsfridom og rett til å ha kontakt med journalistar.
Den same framgangsmåten gjeld når me tingar dokument frå offentleg journal. Då er den generelle regelen at dei som ber om innsyn i saka, skal få svar i løpet av tre verkedagar. På Universitetet i Oslo er erfaringa vår at det tar altfor lang tid.
Me ber derfor om at universitetsleiinga gir tydeleg beskjed til alle tilsette om at dei har full rett til å lata seg intervjua av både Uniforum og andre media, og at saksbehandlarar bør klara å halda fristen på tre verkedagar til dei som ber om innsyn i dokument i offentleg journal.
Om UiO lykkast med det, vil det kome ut fleire nyhendesaker om universitetet, samtidig som omdømmet til UiO blant journalistar i heile pressa venteleg blir betre. Det er eit råd me gir av omtanke - fordi me er glade i universitetet og vil at det skal halda seg i eliteklassen i kommunikasjon, ved sida av å levera god forsking og undervisning.
Les tidlegare kommentarar i Uniforum:
Kommentar: Er frem og tilbake like langt?
Leiarkommentar: Uklokt å tvinga universiteteta til å ta i bruk omstridt IT-system
Leiarkommentar: Maktpåleggjande med ei ny Makt- og demokratiutgreiing
Logg inn for å kommentere