Koronaviruset hindrar tannlegestudentar studieopphald i Sør-Korea

Heilt sidan september har tannlegestudentane Oona Martine Østmo og Line Løvberg  ved UiO sett fram til  eit 1 månad langt studieopphald ved Seoul National University i Sør-Korea. No fører utbrotet av koronaviruset til at planen blir kansellert.

To kvinnelege tannlegestudentar står og ser inn i kameraet

KANSELLERT: Studieopphaldet i Sør-Korea er kansellert.  – Alternativet vårt er å bli her. Me har tenkt på høvet for utveksling andre stader, men då må me ha mange papir i orden. seier tannlegestudentane Line Løvberg(t.v.,) og Oona Martine Østmo ved Det odontologiske fakultetet, UiO. 

Foto: Ola Gamst Sæther

– Dette er veldig kjedeleg. For me hadde gledd oss veldig til opphaldet i Sør-Korea sidan september i fjor. Det seier Oona Martine Østmo etter at ho og medstudenten Line Løvberg på fjerde året på masterstudiet ved odontologi har måtta kansellera planen om å observera bruk av høgteknologi i undervisninga av tannlegestudentar ved Seoul National University i Sør-Korea.  

Fakta om koronaviruset i Noreg:

- 4 tilfelle av koronasmitte, Tromsø, Oslo og Mo i Rana

- Equinor har bede alle tilsette som har vore i Kina, Sør-Korea , Iran og Nord-Italia om å halda seg heime i to veker

Kjelde: Folkehelseinstituttet

Grunnen er at sjukehuset der dei skulle vera, blei stengt på grunn av det var oppdaga fleire tilfelle av personar i Seoul som hadde koronaviruset.

– Når reisa no er blitt avlyst, så er det slik sett greit at me er på den sikre sida, synest Oona Martine Østmo.

Fakta om koronaviruset i Sør-Korea:

1766 personar er smitta

13 døde av koronaviruset

53 er smitta i Seol og 1766  i heile landet

Kjelder: WHO og Folkehelseinstituttet

Sjukehus blei stengt

Ein viktig del av studieopplegget var å sjå nærare på pasientbehandlinga som blir utført av studentar og lærarane deira.

– Då me for tre veker sidan fekk melding om at sjukehuset var blitt stengt på grunn av at det var oppdaga 23 tilfelle av personar med koronavirus i Seoul, forstod me at det ville bli vanskeleg å få gjort det me hadde planlagt i Seoul, seier Line Løvberg.

UiO og koronaviruset:

Universitetet i Oslo oppfordrar studentar, tilsette eller tilreisande som kjem frå eller er i utsette område, til å fylglja vanlege hygienetiltak og instruksar frå lokale styresmakter.

UiO set opp dispensarar for handhygiene på heile universitetet

Kjelde: UiO

UiO oppfordrar alle som skal ut på reise om å fylgja råd frå Utanriksdepartementet.

Til no er det rapportert om 13 dødsfall på grunn av koronaviruset i Sør-Korea. I hovudstaden Seoul er det rapportert om 55 personar som er blitt sjuke. I heile landet er 1766 personar smitta av viruset.

– Mange studentar ville dra til Sør-Korea

Prodekan for studiar,  Alix Rosslyn Young Vik tykkjer også at dette er svært leit.

– Dette er første gong me hadde planlagt å senda studentar på eit studieopphald i Sør-Korea.  Det var mange studentar som melde seg som interesserte i å dra, og til slutt var Oona Martine Østmo og Line Løvberg dei to heldige som blei plukka ut, fortel ho.

Turen til Sør-Korea skulle ha begynt fredag 6. mars og dei skulle ha kome tilbake like før påske.  Det odontologiske fakultetet  gir eit stipend på 7000 kroner til kvar av dei  utreisande studentane for å dekkja ein del av kostnadene deira.  

Til saman risikerer dei to studentane å tapa 32 000 kroner på at desse planane ikkje blir noko av.

– For så langt har ikkje Utanriksdepartementet kome med råd om at nordmenn ikkje skal dra til Sør-Korea, slik som dei har gjort når det gjeld reiser til Kina, seier Line Løvberg.  Ho meiner derfor at fakultetet må dekkja desse utgiftene, dersom ikkje dei får pengane igjen frå forsikringsselskapet.

Må bli verande i Oslo

Neste fredag vert det altså ikkje nokon flytur til Sør-Korea for Oona Martine Østmo og Line Løvberg.

 – Alternativet vårt er å bli her. Me har tenkt på høvet for utveksling andre stader, men då må me ha mange papir i orden.  Og når me ikkje får kontakt med pasientar i Sør-Korea, får me ikkje gjort det me eigentleg hadde planar om å driva med, seier Østmo. 

Det sørkoreanske universitetet har tilbydd dei å delta på kurs saman med sørkoreanske tannlegestudentar, dersom utdanningsinstitusjonen i Seoul opnar igjen tidsnok for det planlagde opphaldet.

– Det er litt vanskeleg å takka ja til, sidan me ikkje veit om det er på engelsk eller på koreansk, fortel  Østmo. Den einaste fordelen dei ser med å bli verande i Oslo handlar om undervisningstilbodet.

– No får me fleire klinikkøkter enn det me hadde fått om me hadde reist til Sør-Korea. For oss er det likevel ikkje noko plaster på såret, seier Oona Martine Østmo og Line Løvberg.

Sør-Korea har utsett studiestart med to veker

Også studentar i Sør-Korea merkar fylgjene av utbrotet av koronaviruset.

 – Der er studiestart førebels utsett med to veker, fortel  Young Vik.  No vil ho og resten av fakultetsleiinga visa fram situasjonen for studentane for Utanriksdepartementet og be om at dei vil få høve til å krevja pengane dei har lagt ut for flyreisa, tilbake.

 – Det står mykje generell informasjon på UiOs nettsider  og  om at studentane treng reiseforsikring. Men det er ikkje spesifisert kva andre ting dei må gjera,  før dei drar på utveksling, seier ho.

OD har engasjert  Kjersti Carlsen som er rådgjevar ved fakultetet og har blant anna spesielt ansvar for studentutveksling og avtalar, men ho sit også som  fakultetet sin representant i UiOs internasjonale nettverk. Ho skal spela inn dette for UiO sentralt.

For det er fleire studentar ved Det odontologiske fakultetet som allereie har reist på utveksling denne våren. Young tel opp at det er fire tannlegestudentar  som har reist til i Sør-Afrika, medan to har reist til Paris.

Verken Oona Martine Østmo eller Line Løvberg har gitt opp planen om å dra til Sør-Korea.

– Om det hadde vore mogleg å få det til på eit anna tidspunkt,  ville me ha vald det igjen, seier dei to tannlegestudentane.

Emneord: Medisin, Odontologi, Helse Av Martin Toft
Publisert 28. feb. 2020 00:57 - Sist endra 28. feb. 2020 11:16
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere