20 nye medisinstudentar frå UiO må i koronakarantene

20 nye medisinstudentar frå Universitetet i Oslo som hadde undervisning på Sunnaas sykehus 6. mars må i karantene. Grunnen er at ein av dei to koronasmitta tilsette på sjukehuset var tre dagar på jobb, før smitta blei oppdaga.

Dette er hovudbygningen til Det medisinske fakultetet ved UiO

I KARANTENE: Fleire medisinstudentar frå UiO er sette i karantene etter å ha hatt undervisning på Sunnaas sykehus. Dette er Domus Medica, hovudbygningen til Det medisinske fakultetet. (Arkivfoto)

Foto: Øystein Horgmo, UiO

Det var i i går NRK kunne melda at to tilsette ved Sunnaas sykehus var blitt smitta av koronaviruset. Den eine av dei var på jobb i to dagar, før det blei oppdaga.

UiO og koronaviruset:

- UiO har sett sentral beredskapsleiing

- 20 medisinstudentar som har hatt undervisning på Sunnaas sykehus er sett i karantene i to veker etter at to tilsette fekk påvist smitte

- 31 medisinstudentar  som har hatt praksis på Augeavdelinga på Ullevål sykehus har måtta halda seg heime i to veker. Dei har no vore i karantene i over ei veke

- 1 tilsett ved UiO er i karantene

- UiO oppfordrar studentar, tilsette eller tilreisande som kjem frå eller er i utsette område, til å fylgja vanlege hygienetiltak og instruksar frå lokale styresmakter.

UiO set opp dispensarar for handhygiene på heile universitetet

Dersom tilsette eller studentar vert smitta av koronaviruset, vert det sett opp ei sentral beredskapsleiing. 

Alle studentar og tilsette dette vedgår vert varsla via epost eller sms.

Les også UiOs informasjonssider om koronaviruset

Kjelde: UiO

 

Det får no direkte fylgjer for 20 medisinstudentar frå Universitetet i Oslo. Dei hadde undervisning på Sunnaas sykehus fredag 6. mars, og må no vera i karantene i to veker. Det får Uniforum stadfesta frå Det medisinske fakultetet. Og dei studentane som skulle hatt undervisning der denne veka, får avlyst heile undervisninga. Det går fram av informasjonen om koronaviruset på nettsidene til Det medisinske fakultetet.  

Frå før er det mest dramatiske som har hendt på UiO i samband med utbrotet av koronaviruset at 31 medisinstudentar og 1 tilsett er sette i ei to veker lang karantene.  Grunnen var at dei hadde hatt praksis  på Augeavdelinga på Ullevål sykehus eller hatt anna kontakt med andre som hadde vore i det avstengde området.  No har dei sete i karantene i ei veke.  Augeavdelinga blei stengt  for ti dagar sidan etter at ein augelege som hadde vore i Nord-Italia, først var på jobb, før det blei stadfesta at personen var smitta.

Dette er den sentrale beredskapsleiinga ved UiO:

Universitetsdirektør Arne Benjaminsen (leiar)

Anita Sandberg, direktør  for HMS og beredskap,

Les meir på nettsidene til UiO

 

Også farmasi- og psykologistudentar får lokal informasjon

Etter at det først berre var Det medisinske fakultetet og Det odontologiske fakultetet som hadde lagt ut eigen lokal informasjon til studentane og dei tilsette om korleis dei skulle gå fram for å hindra spreiing av koronaviruset, har no også Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet og Det samfunnsvitskaplege fakultetet gjort det same.  SV-fakultetet har eigen informasjon til psykologistudentar som er ute i praksis, medan MN-fakultetet har gjort det same til farmasistudentane.

Når det gjeld psykologistudentane, vert dei minna om at både dei og rettleiarane deira blir rekna som helsepersonell også når dei har praksis i internklinikken til Psykologisk institutt. Derfor fylgjer kilinikken retningslinjene frå Folkehelseinstituttet.

Om det dukkar opp tilfelle av sjukdom eller bruk av karantene blant studentar, rettleiarar eller pasientar, skal det meldast til avdelingleiar for klinikk og praksis. Dei studentane som er i praksis utanfor instituttet skal fylgja dei smitteverntiltaka som gjeld for den arbeidsplassen dei er på. Om dei har vore i ein smittesituasjon eller vert sette i karantene, må dei gi beskjed til studentinformasjonen ved fakultetet, SV-info.. Det går fram av informasjonen som SV-fakultetet har lagt ut.

Føre-var-prinsippet

Farmasistudentane er dei einaste studentane frå MN-fakultetet som er ute i praksis. Spesielt dei som har praksis på sjukeheimar og sjukehus får streng beskjed om av omsyn til pasientane å vera ekstra aktsame og ta i bruk føre-var-prinsippet om dei opplever tvilstilfelle der dei har praksis. Det går fram av ei melding MN-fakultetet har lagt ut til farmasistudentane.

I slutten av februar la både Det medisinske fakultetet og Det odontologiske fakultetet ut informasjon om koronaviruset til alle sine studentar og tilsette. Frå måndag 2. mars sette UiO sentral beredskapsleiing og oppdaterer informasjonen sin kvar gong beredskapssleiinga, det vil seia universitetsdirektør Arne Benjaminsen og direktør for HMS og beredskap, Anita Sandberg, har hatt møte.

Oppfordrar til vanleg handhygiene og bruk av antibac

Alle andre studentar og tilsette ved Universitetet i Oslo vert bedne om å praktisera vanleg handhygiene og hosta og nysa i papirlommetørkle. UiO gjer også merksam på at det er plassert dispensarar med antibac over heile universitetet, og alle blir oppfordra til å bruka det desinfeksjonsmiddelet.  Og alle som har vore i kontakt med ein smitta person eller vore på reise i i område med koronasmitte i utlandet, må halda seg heime i fjorten dagar. Dei tilsette skal ikkje møta på jobb, og studentane skal ikkje møta opp til undervisning, står det i informasjonen frå UiO om koronaviruset.

Koronaviruset i Noreg: 

- 224 tilfelle av koronasmitte i heile landet

- fem personar er innlagde på sjukehus

- 5 tilfelle ved Augeavdelinga ved Ullevål sykehus

- 280 Ullevål-tilsette er i karantene

-alle som som har vore i områda med smitte, må halda seg heime frå jobb i 14 dagar etter dei har kome heim. 

- områda det gjeld er fastlands-Kina, Hong Kong, Singapore, Japan, Iran, Sør-Korea og regionane Lombardia, Piemonte, Emilia-Romagna og Veneto i Italia og Tyrol i Austerrike.

- Equinor var først ute med å be alle tilsette som har vore i Kina, Sør-Korea , Iran og Nord-Italia om å halda seg heime i to veker

Kjelder :OuS NRK, VG og  Folkehelseinstituttet 

 

Folkehelseinstituttet ber alle som har vore i Nord-Italia om å gå inn i ei to veker lang karantene med ein gong dei har har kome heim. Den same oppfordringa gjeld for dei som kjem frå andre utsette område, som Kina, Sør-Korea, Iran og Tyrol i Austerrike.

192 tilfelle i Noreg

Til no er det registrert 192 tilfelle av koronasmitte i Noreg, ifylgje VG.  Fem av dei smitta er innlagde på sjukehus på grunn av komplikasjonar dei har fått etter at dei har fått smitten i seg. NRK og andre media melder at det har vore ei innlegging på Oslo universitetssykehus, ei på Drammen sykehus, ei på Bærum sykehus, ei på St. Olavs hospital i Trondheim og sist på Sykehuset Vestfold. Tre av dei innlagde har fått smitta under opphald i risikoområde. Når det gjeld personen som er innlagt på Oslo universitetssykehus, og på Sykehuset Vestfold, er det førebels ikkje opplyst noko om kvar vedkomande har fått smitta frå.

Aftenposten melder i kveld at høgare utdanningsminister Henrik Asheim ber universiteta leggja opp til alternativ eksamen. Ein utvida bruk av heimeeksamen kan vera eit alternativ for å unngå virussmitte, er forslaget statsråden ber universiteta vurdera. 

I Spania har dei lokale styresmaktene i Madrid bestemt seg for å stansa undervisning i alle skular og universitet, Det blir gjort som eit tiltak for å stansa smitte av koronaviruset, melder avisa 20 minutos, ifylgje VG. Dei skal vera stengde fram til 23. mars, skriv avisa ABC. 

Tidlegare har den italienske regjeringa bestemt å stansa all undervisning i skular og universitet i heile landet. 

(Oppdatert kl. 23:48 med nye tal på smitta og innlagde i Noreg og med utspelet til Asheim og stansen av undervisning i skular og universitet i Madrid)

Emneord: Koronavirus, Medisin, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 9. mars 2020 18:20 - Sist endra 10. mars 2020 00:02
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere