UiO har sett sentral beredskap etter at studentar er sette i koronavirus-karantene

Medisinstudentar som har hatt praksis på Augeavdelinga ved Ullevål sykehus blir no bedne om å halda seg heime i to veker etter at fem tilsette der er smitta av koronaviruset. Derfor har UiO sett sentral beredskap, opplyser universitetsdirektør Arne Benjaminsen.

Ein mann sit ved eit skrivebord og ser alvorleg inn i kameraet

HAR SETT BEREDSKAP: Universitetsdirektør Arne Benjaminsen har sett sentral beredskapsleiing på UiO fordi medisinstudentar er sett i karantene på grunn av koronaviruset.

Foto: Ola Gamst Sæther

– Årsaka til at UiO no har sett sentral beredskapsleiing er at fleire studentar er satt i karantene som fylgje av utbrotet av koronoviruset. Det stadfestar universitetsdirektør Arne Benjaminsen overfor Uniforum.  Han stadfestar at også tilsette ved UiO er satt i karantene på grunn av virusutbrotet.

– Ja, det stemmer.

– Er nokre av dei smitta av viruset?

– Så  langt er det ikkje påvist at nokre av dei er smitta, opplyser han til Uniforum.

Arne Benjaminsen forklarar også kva det inneber å setja sentral beredskapsleiing.

– Me har eit sett med rutinar om korleis me skal koordinera oss og informera studentar og tilsette i denne situasjonen, fortel han.

Fem smitta på Ullevål

I helga kom meldinga om at fem tilsette ved Augeavdelinga på Ullevål sykehus var blitt smitta av koronaviruset.

Dette er den sentrale beredskapsleiinga ved UiO:

Universitetsdirektør Arne Benjaminsen (leiar)

Anita Sandberg, direktør  for HMS og beredskap,

Les meir på nettsidene til UiO

Den første som blei smitta var ein augelege som hadde vore på skiferie i Nord-Italia.  Han drog på jobb etter at  legen som hadde bakvakt hadde gitt han melding om at det ikkje var naudsynt å testa om han hadde blitt smitta av koronaviruset. Seinare viste det seg at han hadde fått smitten. No er også fire andre på augeavdelinga smitta. Samtidig har sjukehusdirektør Bjørn Atle Bjørnbeth  og sjukehusleiinga bede 150 tilsette på Augeavdelinga om å halda seg heime dei neste 14 dagane. Augeavdelinga er no stengt. 

Koronaviruset i Noreg: 

-19 tilfelle av koronasmitte, Tromsø, Oslo, Bergen

- 5 tilfelle ved Augeavdelinga ved Ullevål sykehus

- 150 Ullevål-tilsette er i karantene

-alt helsepersonell som har vore i områda med smitte etter 17. februar, må halda seg heime frå jobb i 14 dagar etter dei har kome heim. 

- områda det gjeld er fastlands-Kina, Hong Kong, Singapore, Japan, Iran, Sør-Korea og regionane Lombardia, Piemonte, Emilia-Romagna og Veneto i Italia 

- Equinor har bede alle tilsette som har vore i Kina, Sør-Korea , Iran og Nord-Italia om å halda seg heime i to veker

Kjelder :OuS , NRK og  Folkehelseinstituttet 

Medisinstudentar må halda seg heime

Det medisinske fakultetet ved UiO ber derfor alle studentar som har hatt praksis på Augeavdelinga om å halda seg heime. Det går fram av ei melding som er lagt ut på nettsidene til fakultetet.  Ifylgje det Universitas får opplyst frå leiaren for Medisinsk studentutval, Oline Marie Sæther, vil det seia at 30 studentar på fjerde kullet må vera i karantene. Dei som skulle ha vore i praksis der no, må ta praksisen når Augeavdelinga ved sjukehuset er opna igjen.  Dei studentane som skulle hatt undervisning i nevrologi i same bygning som Augeavdelinga held til i, får beskjed om at førelesinga er flytta til eit anna lokale.

– Fylgjer råd frå Folkehelsa og UD

Dagleg reiser tilsette og studentar på Universitetet i Oslo ut og inn av landet. UiO vil ikkje setja i verk spesielle tiltak for dei.

– Når det gjeld mogleg smitte eller sjukdom på grunn av koronaviruset, held me oss til dei overordna råda frå Folkehelseinstituttet. Og når det gjeld reiser, viser me til dei overordna reiseråda frå Utanriksdepartementet, fortel Arne Benjaminsen.

Vil ikkje avlysa førelesingar

– Det er mange hundre studentar som sit saman på førelesingar på UiO. Vil det koma på tale å avlysa førelesingar på grunn av utbrotet av koronaviruset?

– Det er ikkje snakk om å avlysa førelesingar per no. Me fylgjer heile tida råda frå smittevernoverlegen i Oslo, seier Benjaminsen. Og så gjentar han dei generelle råda både studentar og tilsette på UiO bør fylgja.

– Det generelle rådet er å praktisera god hygiene, vaska hender, nysa eller hosta i papirlommetørkle, og halda seg heime om ein er sjuk. Kontakt lege berre per telefon,  er oppfordringa hans. Han peikar også på at dei har lagt ut anti-bac over heile universitetet.

Både Det medisinske fakultetet og Det odontologiske fakultetet har lagt ut eigen informasjon på sine nettsider. Også SV-fakultetet som har psykologstudentar i praksis, må fylgja dei same reglane som dei to førstnemnde fakulteta. 

– Me har i dag hatt eit eige møte med fakultetsleiarar der det er informert om kva tiltak me organiserer på grunn av koronaviruset, seier Arne Benjaminsen.

UiO har lagt ut ny informasjon  om beredskapen mot koronaviruset på toppen av den offisielle nettsida si.

Odontologi har eige smittevernutval

I førre veke sette dekan Pål Barkvoll ned eit temporært smittevernutval ved Det odontologiske fakultetet. Det gir råd knytte til handteringa av koronaviruset på det fakultetet.  Derfor blir det tatt ekstra forholdsreglar ved pasientbehandling på tannklinikkane. 

UiO og koronaviruset:

- UiO har satt sentral beredskapsleiing

- medisinstudentar som har hatt praksis på Augeavdelinga på Ullevål sykehus må halda seg heime i to veker

- UiO oppfordrar studentar, tilsette eller tilreisande som kjem frå eller er i utsette område, til å fylgja vanlege hygienetiltak og instruksar frå lokale styresmakter.

UiO set opp dispensarar for handhygiene på heile universitetet

Dersom tilsette eller studentar vert smitta av koronaviruset, vert det sett opp ei sentral beredskapsleiing. 

Alle studentar og tilsette dette vedgår vert varsla via epost eller sms.

Les også UiOs informasjonssider om koronaviruset

Kjelde: UiO

Det er dessutan laga eigne prosedyrar for opning av pakker som er sende frå Kina. Det er ofte tanntekniske arbeid i metall, porselen eller akryl. Alle som skal handtera desse sendingana må ha hanskar på seg og så må dei også bruka desinfeksjonsmiddel, går det fram av ein artikkel i Uniforum som blei publisert tidlegare i dag.

Studentar måtte avlysa utanlandsopphald

To tannleggestudentar som skulle ha vore på eit ein månad langt studieopphald i Sør-Korea har fått avlyst opphaldet. Det same har fem tannpleiarstudentar som skulle ha praksis på landsbygda i Tanzania.  Opphaldet i Sør-Korea blei kansellert på grunn av at sjukehuset der dei skulle sjå på nye høgteknologiske undervisningsmetodar for tannlegestudentar, var blitt stengt på grunn av koronaviruset. Sør-Korea er det landet som er hardast råka av koronaviruset etter Kina. Så langt har  4212 personar blitt smitta. 

Koronaviruset er førebels berre kome til Nigeria i Afrika sør for Sahara og til Algerie og Egypt i Nord-Afrika. Men sidan det er sannsynleg at det lett kan spreia seg til andre land, valde smittevernutvalet ved Det odontologiske fakualtetet å frårå at dei fem studentane drog på den planlagde turen til Tanzania.  Dei viser til at studentar frå Tanzania som studerer i Kina, blir verande i Kina, for vurderinga er at helsevesenet i heimlandet ikkje vil ha kapasitetet til å behandla dei, dersom dei skulle bli smitta av koronaviruset. Om dei blir smitta, vil dei få betre og lettare tilgang til behandling i Kina, er vurderinga også frå styresmaktene i Tanzania.

Folkehelseinstituttet har gitt melding om at helsepersonell som har vore i område  som er blitt ramma av koronaviruset over lengre tid etter 17. februar, må halda seg heime og ikkje dra på jobb dei komande to vekene.

 

 

 

 

Emneord: Medisin, beredskap, Studentforhold, Studentsaker, Koronavirus Av Martin Toft/
Publisert 2. mars 2020 16:12 - Sist endra 2. mars 2020 16:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere