Korona: UiO stengjer dørene for både tilsette og studentar frå klokka 18.00 i dag
Universitetet i Oslo stengjer dørene for alle frå klokka 18.00 i dag. Det er konsekvensen av tiltaka regjeringa og helsestyresmaktene har innført for å hindra spreiing av koronaviruset.

UIO STENGJER KLOKKA 18.00: Heile UiO stengjer for både tilsette og studentar klokka 18.00 i kveld. Det er ein konsekvens av tiltaka regjeringa og helsestyresmaktene har sett i verk for å hindra spreiing av koronaviruset. (Arkivfoto)
Universitetsdirektør Arne Benjaminsen har sendt melding til alle studentar og tilsette om stenginga. Det vil seia at alle må vera ute av universitetsbygningane innan klokka 18.00 i dag. Det gjeld også eksamen i SIlurveien i perioden fram til påske, går det fram av meldinga frå Arne Benjaminsen. Han ber tilsette og studentar om å ta med relevante eignedelar for å arbeida og studera heime.
– UiO vil oppretthalda beredskapsleiing og løpande leggja ut informasjon på uio.no om konsekvensar av tiltaka, skriv han i eposten. Han understrekar samtidig at det skal leggjast til rette for at dei som ikkje får henta tinga sine i dag, kan bli låste inn og henta dei seinare.
Tidlegare i dag kunngjorde universitetsdirektør Arne Benjaminsen at all tradisjonell undervisning skal avlysast. Frå og med i morgon skal all undervisning skje digitalt.
• Les i Uniforum: UiO avlyser all normal undervisning frå i morgon
Les meir om tiltaka mot koronaviruset på nettsidene til UiO
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere