Korona: Alle universitet, høgskular, skular og barnehagar i Noreg må stengjast i to veker

Alle universitet, høgskular, skular og barnehagar i Noreg vert stengde frå og med i morgon og fram til 26. mars.  Det  gjorde statsminister Erna Solberg og helse- og omsorgsminister Bent Høie  klart i ettermiddag.

To kvinner og to menn held ein felles pressekonferanse

STENGJER NOREG: Heile Noreg blir stengt av dei tiltaka regjeringa og helsestyresmaktene vil setja i verk. Dei blei kunnsgjorde på ein felles pressekonferanse med frå venstre, Camilla Stoltenberg, direktør forFolkehelseinstituttet, helse-og omsorgsminister Bent Høie, statsminister Erna Solberg og helsedirektør Bjørn Guldvog.

Foto: Skjermfotografering /Martin Toft

Heile Noreg blir stengt av dei tiltaka som regjeringa no vil setja i gang for å hindra spreiing av koronaviruset. Det kom fram på den felles pressekonferansen til regjeringa, Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet i ettermiddag.

– Alle universitet, høgskular, skular og barnehagar i Noreg vert stengde, sa Erna Solberg.  Det vert ei bør for alle, og me kan ikkje overlata barnepass til besteforeldre, sa ho.

– Me  har sett i verk drastiske tiltak for å hindra spreiing  smitte frå  koronaviruset Det politiske miljøet står saman om å bruka kraftfulle middel, slo ho fast.

– Me mobiliserer alle. Viruset er så alvorleg at me ikkje kan ta på kvarandre, men me kan ta vare på kvarandre, understreka ho.

– Liv og helse må setjast først

Erna Solberg annonserte at det også ville koma akutte tiltak for næringslivet. Dei blir kunngjorde i morgon.

-Liv og helse må setjast først  både for kvarandre og for dei me er glade i, meinte ho. 

Også utestader og frisørsalongar må stengja

Helse og omsorgsminister Bent Høie gjekk gjennom dei ulike tiltaka:
– Grepet me må ta kan kjennast som ei bør for mange, men me må ta det på vegner av fellesskapet. Gjer det av omsyn til bestemora di,  til  niesa di som har astma og til naboen din som har kreft,  oppfordra han.  Så lista han opp alle tiltaka som Helsedirektoratet vil setja i verk frå klokk 18.00 i dag og som vil gjelda fram til 26. mars:

- Stenging av barnehagar, skular, universitet og høgskular, og andre utdanningsinstitusjonar.

- Rektorar og barnehagestyrarar må finna alternativ omsorg for barna til helsepersonell eller tilsette i transportsektoren.

- Forbod mot kultur- og idrettsarrangement.  Restaurant, pubar og kafear må stengjast, men kantiner kan haldast opne.

- Daglegvarebutikkane vil halda ope. 

- Frisørsalongar, hudsalongar og tatoveringsstudio må stengja.

-Transportsektoren vil halda fram som normalt. Unngå nærkontakt med folk.

- Kollektivtransport skal oppretthaldast. Behov for god plass. 

- Sterke avgrensingar av besøk på helseinstitusjonar.

- Alt helsepersonell får forbod mot utanlandsreiser, anten private eller i embets medfør. Det gjeld førebels ut april.

- Alle som kjem heim til Noreg frå land utanfor Norden, må halda seg heime i 14 dagar uavhengig av om dei har symptom eller ikkje.  Det gjeld frå den dagen personen kom tilbake til Noreg.

Les om alle tiltaka på nettsidene til Helsedirektoratet

– Eskalering av epidemien

Helsedirektør Bjørn Guldvog forklarte kvifor tiltaka blei sette i verk no:

– Det handlar om ei eskalering av epidemien. Me har oppdaga smitte hos folk utan at den kunne sporast opp. Det europeiske smitteverrnbyrået har også bede om slike tiltak, som har vore planlagde over tid, sa han.

Camilla Stoltenberg, direktør for Folkehelseinstituttet ,konstaterte at koronasituasjonen no er blitt ein verdsomfattande epidemi.

– Dette er ein pandemi. 621 smitta personar fram til midnatt.   Gjennomsnittsalderen på dei smitta er 46 år.  384 av dei er smitta utanlands.  Dei som er under avklaring er dei som har vore i Austerrike og i Italia. Me har ein epidemi eller ein stille smitte i Noreg, sa ho.

10 personar innlagde på sjukehus

Camilla Stoltenberg opplyste også at at 10 personar er lagde inn på sjukehus, ein av dei får intensiv behandling.  Ho kom også med moglege scenario over kor mange som kan få i seg koronaviruset i Noreg.

– 2,2 millionar kan bli smitta i Noreg. 730 000 til 800 000 kan bli sjuke. 30 000 av dei kan måtte leggjast inn på sjukehus.  Me prøver å spreia smitten og sjukdomen ut over tid, og det gjer at helsetenesta kan tilby alle som treng det,  behandling., sa Camilla Stoltenberg.

Erna Solberg understreka også fylgjande:

– Noreg vil gå sakte dei neste to vekene. Alle må stilla opp og fylgja tiltaka.  Dei som har vore i risikoområde må gå i karantene i to veker. 

Regjeringa og helsestyresmaktene har også fått kritikk frå legar blant anna ved Oslo universitetssykehus for å ha estimert feil.

 – Ja, det har me gjort, og me  kjem sikkerrt til å gjera i tida framover også, sa Camilla Stoltenberg. 

– Me skal no fylgja med på all litteratur som kjem frå Kina om koronaviruset, sa ho.

– Me har sett alvoret i Kina sidan utbrotet kom,  sa Erna Solberg. 

Handhelsing

Helse- og omsorgsminister Bent Høie fekk også spørsmål om kvifor oppfordringa om ikkje å  handhelsa på kvarandre kom før.

– Rådet om handhelsing kom frå Helsedirektoratet på fredag. Då fylgde me kvar smitta, sa han. Også kritikken av at regjeringa har vist for lite handlingsrom, noko som har ført til at nokre kommunar har stengt barnehagar og skular på eiga hand, måtte han svara på.

– Kommunane kan heller kkje berre einsidig stengja barnehagar og skular utan vidare utan å ha eit tilbod til tilsette på samfunnskritiske område, svarte Bent Høie.

 Helsedirektør Bjørn Guldvog fekk spørsmål om kor alvoleg sjukdomen er.

– Du kan ha symptomar utan å vera sjuk, men kan vera smittsam, sa Bjørn Guldvog.

 – Korleis kan me definera at ein person er frisk? var eit anna spørsmål.

– Å vera utan symptomar i sju dagar, svarte Camilla Stoltenberg.

Statsminister Erna Solberg måtte også svara på om regjeringa og helsestyresmaktene hadde vore for seint ute med tiltak, samanlikna med blant andre Danmark.

– Tiltaka i Danmark kom ut på ein pressekonfeanse i går. Og me har den i dag, trekte ho fram.

– Noreg har testa fleire personar enn mange andre land, sa Bent Høie.

Han lova også ekstra personell i helsetenesta, og at dei vlle  få tak i studentar og pensjonistar som kan utføra arbeidsoppgåver der.

Alle tiltaka skal setjast i verk frå klokka 18.00 i dag.

Les meir om tiltak ved Universitetet i Oslo.

 

 

 

Emneord: Koronavirus Av Martin Toft
Publisert 12. mars 2020 15:32 - Sist endra 12. mars 2020 17:21
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere