Pestforskaren Nils Chr. Stenseth vil forska på koronaviruset

Biologiprofessor Nils Chr. Stenseth på UiO  har søkt om fem millionar til forsking på koronaviruset. – Eg får med meg eit draumeteam frå Kina, USA, Storbritannia og Noreg.

KORONAFORSKING: Biologiprofessor Nils Chr. Stenseth ved UiO har sett saman ei forskargruppe som har søkt Forskingsrådet om pengar til forsking  på koronaviruset. 114 forskingsgrupper har sendt inn søknad. 

Foto: Ola Gamst Sæther

For ei veke sidan hasteutlyste Forskingsrådet ein sum på 30 millionar kroner øyremerkt til forsking på koronaviruset. Interessa er stor, og det har til saman kome inn 114 søknader frå forskingsinstiusjonar over heile Noreg, står det i ei pressemelding frå Forskingsrådet. 60 av skissene kjem frå universiteta, 20 frå forskingsinstitutta og 30 frå helseføretaka. Næringslivet er også med.

Frå Svartedauden til koronaepidemien

Ein av dei som har søkt om pengar, er biologiprofessor Nils Chr. Stenseth som tidlegare leia Senter for evolusjonær og økologisk syntese ved MN-fakultetet på Universitetet i Oslo. Han er mest kjent for å ha forska på og funne ut korleis bakterien som stod bak Svartedauden, fann vegen frå lopper på rotter i Kazakstan til handelsreisande som tok skip vidare til Europa. No er han klar for å løysa mysteriet om korleis koronaviruset oppstod og spreidde seg over heile verda.

– Eit draumelag

– Den forskinga som me har gjort på andre sjukdomar, får me nytte av her, slår han fast. Då utlysinga frå Forskingsrådet kom, kasta han seg rundt og tok kontakt med fagfellar verda rundt.

– Resultatet blei eit draumelag av forskarar frå Kina, USA, Storbritannia og Noreg. Frå Kina kjem dei frå Folkehelseinstituttet og frå Institutt for mikrobiologi i Beijing, som ligg under Forsvaret.  I tillegg kjem forskarar frå Beijing Normal University og frå Tsinghua–universitetet med i i teamet. Forskarane frå USA kjem frå Pennsylvania State University og University of Florida, medan dei britiske forskarane kjem frå Oxford University, fortel Stenseth til Uniforum.

– Desse forskarane har jobba med epidemiar over heile verda. Og om me får forskingspengane, vil me kunne få data frå alle land som viser korleis koronaviruset har spreidd seg geografisk, legg han til.  

– Meir eller mindre like smittsamt

Stenseth vil ikkje direkte samanlikna koronaepidemien med Svartedauden.

– Det som er likt, er at det er meir eller mindre like smittsamt. Men koronaviruset er ikkje så dødeleg som bakterien som forsårsaka Svartedauden var, understrekar han. Til saman vil ti forskarar og fire medlemar i ei rådgjevingsgruppe delta i forskarlaget.

Om dei får dei fem millionar kronene som dei har bede om, kan dei starta opp forskinga i mai eller juni.  

– Og då vil me halda på i to år før me kan presentera forskingsfunna våre, seier Nils Chr. Stenseth til Uniforum.

- Vil de også få med forskarar frå andre hard råka land som Sør-Korea og Iran?

- Nei, ikkje i første omgang. Men eg har god kontakt med forskarar der også som me kan nytta oss av.

Også for han har koranviruset fått konsekvensar.

– Eg skulle ha vore i Kina i førre veke, men den reisa måtte avlysast, seier Nils Chr. Stenseth.

– Skal hjelpa oss å forstå viruset

Administrerande direktør John-Arne Røttingen i Forskingsrådet  har store forventingar til kva forskinga kan finna ut om koronaviruset.

– Me veit blant anna ikkje kor smittsamt viruset eigentleg er, kva som bidrar til spreiing, kva risikofaktorar som påverkar spreiiing og sjukdom og kor alvorleg infeksjonen er. Me treng forsking som kan hjelpa oss å forstå viruset og evaluere effektane av ulike behandlingstiltak. Mykje av dette bør me også gjera i internasjonalt samarbeid, seier Røttingen i pressemeldinga frå Forskingsrådet.

Alle som har levert skisse, vil få ei tilbakemelding frå Forskingsrådet  i løpet av få dagar. Frist for å senda inn full søknad er 31. mars.

Dette er lista over forskingsmiljøa som har meldt interesse for å forska på koronaviruset.

Tidlegare i dag gjorde Forskingsrådet det også klart at det ville utsetja den generelle fristen for å søkja om støtte frå Forskingsrådet frå 6.mai til 20. juni. Også det er ein konsekvens av koronakrisa. 

 

Av Martin Toft
Publisert 20. mars 2020 16:31 - Sist endra 23. mars 2020 10:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere