LEIAR: Kriselov kan øydeleggja tilliten til regjeringa og Stortinget

Det er ein overreaksjon og eit brot på demokratiske konsensus i samfunnet vårt, når regjeringa no ber Stortinget om å få innført ei kriselov som kan lata regjeringa setja i verk tiltak utan å konsultera Stortinget.

VIL ØYDELEGGJA TILLIT:EN:  Me vil åtvara Stortinget mot å vedta denne ekstraordinære beredskapslova. Det vil øydeleggja tilliten som alle i Noreg har til både Stortinget og regjeringa. Biletet er frå pressekonferansen 12. mars der regjeringa og helsestyresmaktene kunngjorde stenging av  blant anna universitet, skular og barnehagar. 

Foto: Skjermfotografering /Martin Toft

Koronakrisa har på ei veke forandra dagleglivet til alle i Noreg. Det skjer gjennom tiltak som både skal  hindra spreiing av smitte og å setja sjukehusa i beredskap for å ta imot sjuke.  Universiteta og høgskulane er stengde . Det er også barnehagane, grunnskulen og den vidaregåande skulen. Regjeringa og stortingsfleirtalet har også blitt einige om vedtak om pengeoverføringar som skal redusera økonomiske tap for arbeidstakarar og arbeidsgjevarar.  

Alt dette er det mogleg å få gjennomført i samtalar og samarbeid mellom regjeringa og Stortinget.  Derfor er det ein overreaksjon og eit brot på demokratisk konsensus i samfunnet vårt, når regjeringa no ber Stortinget om å få innført ei kriselov som kan lata regjeringa setja i verk tiltak utan å konsultera Stortinget.

Statsminister Erna Solberg (H)  viser til at dette kan gi regjeringa høve til å setja til side arbeidsmiljølova, EØS-avtalen og NAV-reglar, skriv Aftenposten. I første omgang vil kriselova gjelda for seks månader.  Etter planen skal den leggjast fram for Stortinget i dag eller i morgon.

Me er einige med jussprofessor Hans Peter Graver på Universitetet i Oslo som kallar den ekstraordinære beredskapslova for galskap. Det same gjer advokat Geir Lippestad som i Aftenposten gir uttrykk for at det er betre å få i stand raske avgjerdslinjer i samarbeid med Stortinget. Også jusprofessor Terje Einarsen ved Universitetet i Bergen meiner,  ifylgje Dagbladet at dette er udemokratisk og viser til at forhandlingane mellom regjeringa og opposisjonen har gått føre seg i løynd utan at det har vore mogleg å ha noko offentleg debatt om det.  “ Stortingsrepresentantene abdiserer når denne fullmakten blir vedtatt”, seier han til avisa. 

Det vil øydeleggja tilliten som alle i Noreg har til både Stortinget og regjeringa

Jusprofessor Hans Petter Graver kalla i Dagsnytt 18 i går heile den ekstraordinære beredskapslova for galskap. Han viste til at det er nettopp når folk opplever og oppfattar samfunnet som truga at rettsvernet for individet står svakt.  Verken justisminister Monica Mæland (H) eller Arbeidarpartileiar Jonas Gahr Støre frykta i debatten med Graver at rettsvernet til individet, demokratiet eller ytringsfridomen er truga av denne kriselova.

Me vil åtvara Stortinget mot å vedta denne ekstraordinære beredskapslova. Det vil øydeleggja tilliten som alle i Noreg har til både Stortinget og regjeringa. Og så langt har både Stortinget og regjeringa klart å takla koronakrisa på ein god og tillitsvekkjande måte. 

No ber me dei om å lytta til dei kritiske innspela frå mellom andre jusprofessorane Hans Petter Graver og Terje Einarsen og advokat Geir Lippestad og ikkje vedta regjeringa sitt forslag til kriselov. Det vil vera å slå ring om demokratiet og demokratiske prinsipp også i ei krisetid. Det er nettopp då demokratiet skal stå sin prøve. Me oppfordrar Stortinget til å visa alle at dei tar dette ansvaret alvorleg og ikkje går med på å setja seg sjølv til side når framlegget  frå regjeringa om å vedta ei kriselov kjem opp denne veka.

 

 

 

Emneord: Koronavirus, Jus Av Martin Toft, ansvarleg redaktør i Uniforum
Publisert 19. mars 2020 12:27 - Sist endra 19. mars 2020 12:27
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere