Bygginga av livsvitskapsbygget er enno ikkje påverka av koronakrisa

Både bygginga av livsvitskapsbygget til Universitetet i Oslo og rehabiliteringa av Brøggers hus i Naturhistorisk museum held fram som planlagt også under koronakrisa.

ARBEIDET HELD FRAM: Grunnarbeida på livsvitskapsbygget held fram etter planen i Gaustadbekkdalen utan å bli påverka av tiltaka for å stansa spreiinga av smitte frå koronaviruset. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Grunnarbeida på livsvitskapsbygget  i Gaustadbekkdalen går vidare dag for dag utan å bli hindra av tiltaka som er sette i verk  for å hindra spreiing av  smitte frå koronaviruset.  Det opplyser kommunikasjonsdirektør Hege Njaa Aschim i Statsbygg til Uniforum. Og eigedomsdirektør John Skogen på Universitetet i Oslo stadfestar det.

– Også arbeidet med å rehabilitera Brøggers hus på Naturhistorisk museum på Tøyen held fram heilt etter planen, seier universitetsdirektør Arne Benjaminsen. Derimot vert opninga av det heilt ferdige Klimahuset på Tøyen utsett frå 26. mars til ein dag etter at livet i Noreg og på Universitetet i Oslo er blitt normalisert igjen, opplyser han. 

– Alt har gått som det skal

Livsvitskapsbygget i Gaustadbekkdalen har ein prislapp på sju milliardar kroner.

– Så langt har alt gått som det skal. Akkurat som koronatiltaka får effektar i heile landet, kan det henda at det også vert dårlegare framdrift for dette prosjektet, seier eigedomsdirektør John Skogen til Uniforum. 

– Sjølv om tilsette og studentar ikkje lenger kan opphalda seg i universitetsbygningane, har ikkje det tiltaket noko å seia for desse byggjeprosjektet. Det gjeld berre å halda den fysiske avstanden mellom dei som arbeider på prosjektet. og elles fylgja dei retningslinjene og råda som styresmaktene gir. Statsbygg tar seg av bygginga og fylgjer opp også alle dei helseføreskriftene som dei må  halda seg til, legg han til.

Trur ikkje arbeidet vil stansa opp

Det kan også kommunikasjonsdirektør Hege Njaa Aschim i Statsbygg skriva under på.

– Me har nyleg sendt ut eit skriv til alle på prosjekta våre og understreka at reglane frå Folkehelseinstituttet skal fylgjast. Byggenæringens landsforening  har også utarbeidd retningslinjer om korleis det er mogleg å hindra smitta frå koronaviruset på byggjeplassar, seier ho til Uniforum.  Ho trur ikkje at bygginga av livsvitskapsbygget i Gaustadbekkdalen vil stansa opp på grunn av tiltaka mot viruset.

– Men det kan vera risiko for at det blir  forseinkingar av vareleveransar og at nokre av dei som arbeider på prosjektet vert sitjande i karantene. Men det kan sjølvsagt skje ei brå forandring, er ho klar over.

Italienarar måtte i karantene

Hege Njaa Aschim viser til erfaringa med bygginga av Nasjonalmuseet.

– Me fekk nyleg besøk av fleire italienske arbeidarar som skulla setja opp monterar. Dei blei sette rett i karantene då dei kom til Noreg. No er karantenetida deira snart over, men dei kan ikkje venda tilbake til Italia for då vert dei sette i karantene der. Derfor kan dei halda fram med å setja opp monterane i Nasjonalmuseet heilt til dei kan venda tilbake til Italia, fortel ho. 

Stansa mellombels arbeidet med Veterinærbygget

På Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) på Ås er Statsbygg i ferd med å byggja Veterinærbygget som etter planen skal stå ferdig 15. juni.  I går blei arbeidet stansa mellombels på grunn av mistanke om koronasmitte blant ein av bygningsarbeidarane.  Kommunikasjonsdirektør Hege Njaa Aschim  seier til Khrono at arbeidet vert tatt opp igjen tysdag.

 – Me har no mykje betre oversyn over situasjonen og har gjort naudsynte tiltak for med tanke på den personen det gjeld og dei han har hatt kontakt med, så me tar opp igjen arbeidet som normalt tysdag, seier Hege Njaa Aschim til Khrono.

 

Emneord: Koronavirus, Livsvitenskap Av Martin Toft
Publisert 17. mars 2020 16:19 - Sist endra 19. mars 2020 09:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere