Odontologiklinikkane vert under koronakrisa "sjukehus" for munn- og kjevekirurgi for Austlandet
Klinikkane til odontologi skal no i koronakrisa brukast til munn- og kjevekirurgi og oral medisin for pasientar frå heile Austlandet. UiO gir smittevernutstyr til Helse Sør-Aust.

SLUSE: Inngangspartiet til Det odontologiske fakultetet i Geitmyrsveien er delt opp i ei sluse for å skilja pasientar med og utan koronasmitte. Dekan Pål Barkvoll leier klinikkane som no vert "sjukehus" for munn- og kjevekirurgi og oral medisin for pasientar frå heile Austlandet.
Klinikkane til Det odontologiske fakultetet i Geitmyrsveien blir no stilte til disposisjon for fylka i helseregionen på Austlandet etter oppfordring frå Helsedirektoratet. Dei skal nyttast som “spesialsjukehus” for heilt naudsynt munn- og kjevekirurgi og oral medisin. Dekan Pål Barkvoll leiar dette arbeidet.
– Sett opp i 2.linje for koronasmitta pasientar
– Djupast sett er me helsepersonell, og derfor må me ta oss av alle pasientar som høyrer til Det odonologiske fakultetet, og som har bruk for hjelp, med ein einaste gong. Men Helsedirektoratet har også sett oss opp som 2. linje for pasientar som er smitta, eller som det er mistanke om er smitta av koronaviruset, seier han til Uniforum.
Dermed står klinikkane i Geitmyrsveien til disposisjon for helseregionen som omfattar Oslo, Viken, Innlandet og Vestfold/Telemark, med andre ord heile Austlandet. Eit område med nærare 3 millionar innbyggjarar. Den nye funksjonen gjer at fylka må sila ut pasientar som dei vil senda til oss.
– Me tar oss sjølvsagt først og fremst av dei pasientane som høyrer til Det odontologiske fakultetet og har smerter, og som ikkje kan venta lenger før dei får behandling. Alle dei andre får no utsett avtalane sine, seier Pål Barkvoll. Han fortel at dei no arbeider under høgtrykk og direkte i samarbeid med Helsedirektoratet og dei enkelte fylka.
– Spelar ei samfunnskritisk rolle
– Det odontologiske fakultetet er saman med Det medisinske fakultetet kome med på lista over dei institusjonane som Direktoratet for samfunnssikring og sivilt beredskap meiner spelar ei samfunnskritisk rolle. Og dei som bur i desse regionane, og som treng naudsynt behandling som ikkje kan løysast i det einskilde fylket, vil me ha eit eige tilbod for, slår han fast.
Denne statusen inneber at både helsepersonalet og reinhaldarane på fakultetet kjem inn under stillingsgruppene med spesielle rettar under koronakrisa.
– Ja, det vil seia at dei kommunane som dei bur i, må sørgja for at dei får barnehage eller barneskuleplass for barna sine. Og alle dei som går i 3. året på tannpleiarutdanninga og på 5. året på tannlegeutdanninga har me sendt inn eit oversyn over til Helsedirektoratet, for dei er helsepersonell som kan kallast til teneste straks det er behov for dei. Det same har me gjort med dei faglege tilsette på fakultetet, fortel han.
Inngangspartiet er omgjort til ei sluse
Dekan Pål Barkvoll synest dette er viktig.
– Det er fint at dei tilsette får høve til å bistå Helsedirektoratet i denne situasjonen. For oss som arbeider med helsefaga i universitets- og høgskulesektoren er vane med å koma inn under helselover, pasientlover og pasientrettslova, tykkjer han.
Og frå måndag av reknar han med at han kan ynskja pasientar velkomne til eit komplett munn- og kjevekirurgisk spesialsjukehus.
– Heile inngangspartiet vårt er blitt omgjort til ei sluse for at me skal kunna skilja ut pasientar med eller utan koronasmitte, seier han.
UiO gir smittevernutstyr til Helse Sør-Aust
Det skjer også ein dugnad for koronakrisa på andre delar av Universitetet i Oslo. No har universitetsleiinga bestemt at smittevernutstyr skal sendast frå helseutdanningane ved UiO til Helse Sør-Aust. Det opplyser universitetsdirektør Arne Benjaminsen til Uniforum.

I setta finst det vernebriller, munnbind, eingongshanskar, eingongs laboratoriefrakkar, antibac og anna naudsynt utstyr som universitetet kan avsjå. I ei melding på nettsidene til Universitetet i Oslo går det fram at dei er i dialog med Helse Sør-Aust om det dei har av smittevernutstyr og at dei no fortløpande går gjennom lagra ved ulike fagmiljø for å kunna overførta utstyr til Helse Sør-Aust. Det vert også vist til at Det medisinske fakultetet er i tett kontakt med Oslo universitetssykehus og dei samhandlar om smittevernutstyr i ein situasjon der no personell og studentar vil jobba på sjukehuset.
– Me er veldig glade for at UiO kan bistå helsestyresmaktene når dei ber om hjelp i ein vanskeleg periode, seier universitetsdirektør Arne Benjaminsen.

Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere