I dag blei det klart at regjeringa føreslår ei løyving på 948 millionar kroner ekstra til Livsvitskapsbygget i Gaustadbekkdalen. Det er ein del av det ekstra bidraget på til saman fem milliardar kroner som denne forskingsbygningen vil kosta etter utvidinga som blei sett i gang etter at det i sommar blei klart at Klinikk for laboratoriemedisin på Oslo universitetssykehus også skal inn i bygningen.
Når den 97 000 kvadratmeter bygningen står ferdig i 2027, skal prislappen til saman koma på 11,6 milliardar kroner.
– Me kan gleda oss over desse milliardane til Livsvitskapsbygget som me no skal etablera saman med OUS, seier UiO-rektor Svein Stølen i ein telefonsamtale med Uniforum, medan han er på veg til Lillestrøm-konferansen.
Han er overtydd om at Livsvitskapsbygningen ikkje berre får mykje å seia for for forskinga ved UIO og OUS, men også nasjonalt når den er ferdig.
– Der skal det utførast verdsleiande grunnleggjande forsking som skal takast i bruk. Det blir hjartet i Oslo Science City i samarbeid med Oslo Universitetssykehus og Helse Søraust, slår han fast.
Gler seg
Men også eit anna forslag i statsbudsjettet for 2022 er han svært nøgd med. Det er framlegget om å løyva 378 millionar kroner til bygginga av nytt vikingtidsmuseum på Bygdøy.
– Det gler me oss sjølvsagt også over, sjølv om det også finst nokre utfordringar i budsjettet.
– Kva tenkjer du på då?
– Avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma (ABE-reforma), svarar UiO sin rektor.
– Men akkurat no er det viktig å trekkja fram korleis forskinga på livsvitskap vil koma inn i eit nytt bygg som vil vera viktig både for UiO og for Noreg, men også for heile det norske helsevesenet, understrekar Svein Stølen overfor Uniforum.
Glad Henrik Asheim
Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim deler begeistringa til UiO-rektor Svein Stølen.
– Eg er glad for at me har fått på plass dei store byggjeprosjekta som til dømes Livsvitskapsbygget og Vikingtidsmuseet ved Universitetet i Oslo. Dei kjem til å verta viktige bautaer, og derfor må me ha fortgang i prosessen, seier Henrik Asheim til Uniforum i Vandrehallen i Stortinget.
Når det gjeld Vikingskipshuset på Bygdøy seier han seg lei for at dørene no er stengde.
– Det er dumt for alle at det er stengt akkurat no, men me gler oss alle til å sjå det nye museet, seier Henrik Asheim.
I to dagar til skal han vera forskings- og høgare utdanningsminister. Men torsdag er det slutt. Då skal han overrekkja nøkkelen til etterfylgjaren sin.
– Det veit eg enno ikkje kven blir, så det er litt rart, tykkjer han.
• Les meir om Livsvitskapsbygget i Uniforum:
Milliardsprekk for Livsvitenskapsbygget - trolig ikke ferdig før i 2027
Helse Sør-Øst gir grønt lys: Oslo universitetssykehus får lokaler i Livsvitenskapsbygget
Regjeringa vil at UiO og Oslo universitetssjukehus skal dela Livsvitskapsbygget
Livsvitenskapsbygget: Universitetsstyret vurderer partnerskap med OUS som beste løsning
OUS kan overta 20 prosent av Livsvitenskapsbygget
"Usannsynlig" med ekstra milliard til Livsvitenskapsbygget
Livsvitskapsbygget: Statsbyggs kuttforslag er uaksepable for UiO
Partnarskap med Oslo universitetssykehus kan bli løysinga for Livsvitskapsbygget
UiO vil be regjeringa om 1 milliard ekstra til Livsvitskapsbygget
Livsvitenskapsbygget: – Mer kvikkleire enn undersøkelsene viste
Vanskelige grunnforhold gir budsjettsmell for Livsvitenskapsbygget
Koronasituasjonen påvirker ikke Livsvitenskapsbygningen
Prosjektdirektøren for Livsvitenskapsbygningen: Denne gangen har vi full kontroll
Erna tok grabben i bruk da hun satte i gang arbeidet med livsvitenskapsbygget
Livsvitskapssenteret skal vera på plass i 2023
• Les meir om nytt vikingtidsmuseum i Uniforum:
I dag er siste mulighet til å se vikingskipene
UiO får 200 millioner i gave til nytt vikingtidsmuseum
Haugesunds-selskap skal sikre og flytte vikingskipene
UiO får pengar til nytt vikingtidsmuseum i fødselsdagsgåve frå regjeringa
UiO-leiinga ber statsministeren om å sikra pengar til nytt vikingtidsmuseum
Ikke penger til vikingtidsmuseum før neste budsjettår
Ingen pengar til nytt vikingtidsmuseum i revidert budsjett
Gokstadskipet fikk seks nye støtter for å hindre kollaps
Dei tok ein high five for nytt vikingtidsmuseum
Vikingtidsmuseet er på plass i regjeringsplattforma
Logg inn for å kommentere