Vikingtidsmuseet er på plass i regjeringsplattforma

Vikingtidsmuseet på Bygdøy er på plass i regjeringsplattforma. - Dette er svært gledeleg, seier UiO-rektor Svein Stølen

JA TIL VIKINGTIDSMUSEUM: Det blir bygt nytt vikingtidsmuseum på Bygdøy. Det går fram av regjeringsplattforma som dei fire partia Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti la fram torsdag kveld. 

Foto: Ola Sæther

Det blir gitt klarsignal til bygging av eit nytt vikingtidsmuseum på Bygdøy. Det går fram av regjeringsplattforma som dei fire partia Høgre, Venstre, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti no er blitt einige om.

– Viktig for kultur- og kunnskapsnasjonen Noreg

UiO-rektor Svein Stølen er no  svært glad og letta etter at det var mykje vonbrot på universitetet då Vikingtidsmuseet ikkje kom med då endelege statsbudsjettet for 2019 blei vedtatt før jul.

- Det har gitt fleire ved UiO søvnlause netter. No er me inne i ein ny fase. Dette er viktig for kultur- og kunnskapsnasjonen Noreg og for Universitetet i Oslo, slår han fast. 

– Eg gler meg

Svein Stølen er difor svært nøgd med dette punktet i regjeringserklæringa.

- No seier me tusen takk og lovar å jobba hardt og dedikert vidare med den felles kulturarven vår. Eg gler meg til det fantastiske museet som vil setja Noregs historie endå tydelegare på kartet, seier Svein Stølen til Uniforum. 

Dette er hovudpunkta om høgare utdanning i regjeringserklæringa: 

“Regjeringen vil:

• Øke antall studieplasser i tråd med arbeidslivets behov og studentenes ønsker.

• Videreføre gratisprinsippet i høyere utdanning.

• Gjennomføre Kvalitetsmeldingen for høyere utdanning og Humaniorameldingen.

• Styrke kvaliteten på utdanningene gjennom styrking av Dikus kvalitetsprogrammer. • Videreutvikle ordningen med Sentre for fremragende undervisning (SFU)

. • Legge til rette for at utdanningsinstitusjonene kan ta i bruk supplerende inntaksformer.

• Stimulere til utvikling av digitale læringsressurser og mer fleksible undervisningsopplegg, samt innføring av digital vurdering og eksamen i fag der det er naturlig.

• Legge til rette for at studenter i større grad kan få relevant arbeidspraksis under studiene.

• Legge til rette for mer innovasjon og entreprenørskap innenfor høyere utdanning.

• Legge frem en stortingsmelding om samarbeid mellom arbeidsliv og høyere utdanningsinstitusjoner, med vekt på praksis.

• Starte arbeidet med bygging av Vikingtidsmuseet.”

(Frå regjeringserklæringa til Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti)

• Les også i Uniforum:

Ikke prioritert av regjeringen: UiO frykter nasjonale ikoner vil kollapse

Iselin Nybø: - Vikingtidsmuseet blir vurdert i seinare statsbudsjett

UiO ber regjeringa om å prioritera vikingtidsmuseet i 2020

Emneord: Vikingskipene, Kulturhistorisk museum, Museene Av Martin Toft
Publisert 17. jan. 2019 22:42 - Sist endra 18. jan. 2019 08:27
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere