UiO får pengar til nytt vikingtidsmuseum i fødselsdagsgåve frå regjeringa

Universitetet i Oslo får tildelt ei startløyving på 35 millionar kroner til nytt vikingtidsmuseum på Bygdøy. Det opplyste forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø på ein pressekonferanse i Vikingskipshuset i formiddag.

Iselin Nybø oo tre andre står framfor Osebergskipet.

FÅR PENGAR: Statsråd Iselin Nybø stadfesta at det kjem ei startløyving til bygging av nytt vikingstidsmuseeum på Bygdøy. Kulturminister Trine Skei Grande var også på plass. Nyhendet gler UiO-rektor Svein Stølen og museumsdirektør Håkon Glørstad. Pengeløyvinga.blei kunngjort på ein pressekonferanse i Vikingskipshuset på Bygdøy i formiddag.

I dag på 208-årsdagen til Universitetet i Oslo, stadfestar forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø at det vil koma ei startløyving på 35 millionar kroner til bygging av nytt vikingtidsmuseum på Bygdøy i regjeringas forslag til statsbudsjett for 2020. Dermed held regjeringa lovnaden frå regjeringserklæringa frå Granavolden.

Fakta om Vikingskipshuset og framtidas Vikingtidsmuseum:

• det er ein del av Kulturhistorisk museum ved UiO

• i huset finst det gravfunna frå Oseberg, Gokstad, Tune og Borre

• Osebergskipet og Gokstadskipet er verdas einaste heilt intakte vikingskip.

• arkitektfirmet AART vann arkitektkonkurransen i 2016 med bifraget "Naust"

• Vikingskipshuset skal bli utvida og i framtida bli eit vikingtidsmuseum. Detaljprosjekteringa av desse planane,  skal startløyvinga på 35 millionar gå til.

• Vikingtidsmuseet skal etter planen kosta rundt to milliardar kroner og stå ferdig i 2024.

(Kjelder: Kunnskapsdepartementet og Kulturhistorisk museum, UiO, Uniforum)

UiO-rektor Svein Stølen er svært nøgd.  

– Det er det me treng no for at vikingskipa skal verta tekne vare på for generasjonane som kjem. I dag skal me berre feira. I dag er det berre glede,fortel han rett etter at nyhendet er slept av forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø.

Også Iselin Nybø var svært glad då ho kunne avsløra nyhendet på ein pressekonferanse i Vikiingskipshuset på Bygdøy i formiddag:

– Nei, som eg sa: Viss eg ikkje hadde hatt øyre, hadde smilet gått heilt rundt i dag. Det er ein god dag, strålar Iselin Nybø i eit intervju med Uniforum like etterpå.

– 35 millionar kroner er løyvde. Vil det seia at det blir løyvd meir pengar i budsjetta framover?

– Ja, absolutt. Dette er eit nytt bygg til i underkant av to milliardar kroner. Og det er det me seier no at no går med i gang. Det som det er behov for første året er 35 millionar, og det er det me legg på bordet no.

– Vil klora meg fast i statssrådsstolen

– Og når reknar du me at du kan ta dei første stega inn i eit nytt vikingtidsmuseum?

– Dei seier at det vil ta ei femårstid før det er ferdig. Og eg må jo høyra på det ekspertane seier, så  eg må berre klora meg fast i statsrådsstolen, slik at eg får med meg den store hendinga som det kjem til å bli, seier Iselin Nybø til Uniforum.

– Det er mange Venstre-folk her i dag. Vil det seia at Venstre tar ære for at dei pengane kom på bordet, eller er det andre parti som også skal ha ros for det?

– Det er regjeringa som står bak denne avgjerda. For Venstre har dette vore ei av dei viktigaste sakene av prioriteringane våre inn i budsjettforhandlingane. Derfor kan me seia at eg er glad både som statsråd med ansvar for feltet, og som Venstre-politikar. Og eg skal fortelja deg eg, at eg har Venstre-folk frå heile landet som ringjer og masar på meg og seier at no må me få dette vikingtidsmuseet på plass. Så dette er noko som betyr mykje for mange Venstre-folk, slår ho fast.

– Nyttig

– Har det vore tøft for deg med all kritikken mot at det ikkje har kome pengar til nytt vikingtidsmuseum?

– Det har stort sett handla om tilstandsrapporten til skipa. Det synest eg har vore nyttig.  Dette er det første ordinære budsjettet der det har vore mogleg å gi pengar til eit nytt museum, understrekar ho.

– Gåva me ynskte oss

Rett framfor Osebergskipet står UiO-rektor Svein Stølen og stråler om kapp med både Iselin Nybø og med sola på himmelen over Vikingskipshuset.

– Dette var jo den gåva me ynskte oss på  208-årsdagen. Men dette handlar ikkje berre om Universitetet i Oslo, men om noko som er større enn oss. Så i dag må me berre seia gratulerer til heile Noreg og til heile verda.

Dette handlar no om å laga dette fantastiske museet som blir viktig for publikum, men som først og fremst skal sørgja for at vikingskipa vert tekne vare på. I dag skal me berre feira. I dag er det berre glede, seier Svein Stølen til Uniforum, nokre timar før han skal delta på årfesten til Universitetet i Oslo i Universitetets aula.

– Stor glede og lette

Direktør Håkon Glørstad ved Kulturhistorisk museum, UiO,  er  også svært nøgd med nyhendet frå Iselin Nybø og regjeringa.

– Eg reagerer med stor glede og lette. Dette er ein fantastisk dag for meg, for UiO, men også for heile landet.  Dette er ein bygning alle har venta på, og no blir den ein realitet. 

– Så no blir det litt mindre politisk lobbyverksemd og meir planlegging av framtidas museum?

– Ja, me har nådd godt gjennom med bodskapen vår, og dagen i dag viser at dette er ei sak regjeringa har valt å gå inn for. Det er me veldig glade for. 

– Stor symbolsk verdi

– 35 millionar kroner høyrest ikkje så mykje ut. Kva går dei pengane til, eigentleg?

– Det er ei oppstartsløyving som går til detaljprosjektering. Det er å gjera planane for bygget heilt ferdige. Når planane er klare, er det mykje større summar som skal investerast i bygget.. Oppstartsløyvinga er viktig fordi regjeringa med dette forpliktar seg til at dette er eit bygg dei vil realisera.  Det er ein liten sum, men den har stor symbolsk verdi, understrekar Håkon Glørstad overfor Uniforum.

Om alt går etter planen, vil det heller ikkje gå så altfor lenge før det første spadestikket for museet kan takast.

– I januar 2021 vil eg tru, seier Håkon Glørstad. 

Vann arkiterktkonkurranse

Det var i april 2016 det blei kjent at det danske arkitektkontoret AART sitt  bidrag hadde vunne arkitektkonkurransen om nytt vikingtidsmuseum. No ser det ut som om planane kan bli realiserte om rundt fem år, altså i 2024.

FRAMTIDAS VIKINGTIDSMUSEUM: Dette er modellen av bidraget "Naust" frå arkitektfirmaet AART som vann arkitektkonkurransen i april 2016. (Illustrasjon frå arkitektfirmaet AART)

Heile byggjeprosjektet omfattar både nybygg, sikring av vikingskipa og alle gjenstandane som tilhøyrer museet. Inkludert i prosjektet er rehabilitering av det eksisterande vikingskipshuset og eit utandørsanlegg, går det fram av ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet. I første omgang vert det altså ei tildeling på 35 millionar kroner til museet, som altså vil koma på rundt to millardar kroner til saman.

Med seg på pressekonferansen hadde forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø, ikkje berre selskap av kulturminister og Venstre-leiar Trine Skei Grande, men også toppkandidatane til opposisjonspartia i Oslo kommune  under kommune- og fylkestingsvalet 9. september. 

MED OPPOSISJONSKANDIDATAR FRÅ OSLO:  Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø hadde med seg både kulturminister Trine Skei Grande og toppkandidatane til dei borgarlege partia i Oslo under kommune- og fylkestingsvalet. F.v. Marit Kristine Vea (V), Camilla Wilhelmsen (FrP) og Saida Begum (H). (Foto: Martin Toft)

 

Emneord: Vikingskipshuset, Vikingskipene, Kulturhistorisk museum, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 2. sep. 2019 10:50 - Sist endra 2. sep. 2019 15:13
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere