UiO ber regjeringa om å prioritera vikingtidsmuseet i 2020

Eit nytt vikingtidsmuseum må ikkje berre sjåast på som  eit byggjeprosjekt, men først og fremst som eit prosjekt for å sikra den unike verdsarven.  Det skriv UiO i eit innspel til statsbudsjettet for 2020, som blei vedtatt av universitetsstyret i dag.

BER FOR VIKINGSKIPA: UiO-rektor Svein Stølen ber om at nytt vikingtidsmuseum får ei startløyving på forslaget til statsbudsjett for 2020 for å kunna redda denne verdsarven. Her står han saman med kong Harald og dronning Sonja under besøket i Vikingskipshuset på Bygdøy i mai i år.

Foto: Ola Sæther

I innspelet blir det vist til kor uroa Universitetet i Oslo er over at det ikkje kom noka startløyving til nytt vikingtidsmuseum på Bygdøy i forslaget til statsbudsjett for 2019. Samtidig synest UiO at det er gledeleg at departementet har godkjent ei venta kostnadsramme i samsvar med forprosjekt og ekstern kvalitetssikring. «UiO vil likevel understreke at situasjonen for Oseberg- og Gokstadskipene er dramatisk, og for hver dag som går skades samlingen ytterligere. UiO forutsetter at startbevilgning for nytt vikingtidsmuseum kommer i statsbudsjettet for 2020. Uten midler til nødvendig sikring fortsetter den alvorlige ødeleggelsen», heiter det i innspelet til satsingar utanfor ramma i statsbudsjettet  for 2020, som UiO no skal senda til Kunnskapsdepartementet.

Det høgast prioriterte byggeprosjektet ved UiO, Livsvitskapsbygget, er allereie godt inne på statsbudsjettet og fekk ei startløyving på rundt 50 millionar kroner på statsbudsjettet for 2018. På statsbudsjettet for 2019 ligg byggjeprosjektet inne med 383 millionar kroner. No er det derfor Vikingtidsmuseet på Bygdøy UiO-rektor Svein Stølen og universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe går i forbønn for i innspelet til forslaget til statsbudsjett for 2020.

Bad om pengar til talentprogram

I det same innspelet gjentar UiO ynsket om å få ei løyving på 10 millionar kroner til utvikling av tilbod for dei mest talentfulle og motiverte studentane, altså ordninga med bachelor honours-program. UiO understrekar også kor viktig det er å få utvida bachelorgraden i spesielt vanskelege språk frå tre til fire år. 

Universitetet i Oslo ber også om at det blir oppretta 15 nye rekrutteringsstillingar for å styrkja det tverrfaglege og sikra HumSam-perspektiv i livsvitskap i statsbudsjettet for 2020. I innspelet ber universitetet også om at den rettsvitskaplege forskinga blir styrkt. UiO viser til utkastet til eit tematisk forskingsprogram «Rettens transformasjoner» som universitetet har laga saman med Universitetet i Bergen og Universitetet i Tromsø. 

UiO skal ha 20 000 kvadratmeter i nytt sjukehus

Eit eige punkt i innspelet handlar om Oslo universitetssykehus sine planar om utbygging på Gaustad og på Aker. Der skal UiO ha rundt 20 000 kvadratmeter areal til utdanning og forsking i nybygga. Det vil føra til ein auke i dei årlege husleigekostnadane, går det fram av dokumentet. UiOs husleigekompensasjon skal handsamast i statsbudsjettet for 2020 saman med Helse Sør-Austs lånesøknad.

UiO-leiinga legg til grunn at det blir kompensert for 75 prosent av leigekostnadane som vil koma i samband med nye universitetsareal som ein konsekvens av sjukehusutbygginga.  I motsett fall vil ein lågare kompenasjon gå utover kvaliteten på kjerneoppgåvene og kunne vera skadelidande for utdanningskvaliteten, peikar UiO-leiinga på i budsjettinnspelet til Kunnskapsdepartementet for satsingar utanfor ramma i 2020. Heile dette budsjettinnspelet frå UiO blei samrøystes vedtatt av universitetsstyret. 

Frå tilsett til valt senterleiar

Senter for tverrfagleg kjønnsforsking får godkjent søknaden om å gå frå tilsett til vald senterleiar. Det vedtok universitetsstyret samrøystes i dag.

Senter for tverrfagleg kjønnsforsking bad om å gå frå å ha tilsett direktør på åremål til å ha valt leiar. Dagens senterleiar Anne Jorunn Berg sluttar når åremålet går ut 31. desember. Senteret har sidan 2015 hatt Anne Jorunn Berg som tilsett direktør for senteret. No går åremålet ut, og  Anne Jorunn Berg går tilbake til den faste vitskaplege stillinga si ved Nord Universitet i Bodø, får Uniforum opplyst både av henne og senteret.

Styret for senteret har derfor bede om å få gå tilbake til valt leiing frå 1. januar 2019. Då vil ein av dei fast vitskaplege tilsette bli vald som senterleiar.  Universitetsstyret fylgde tilrådinga frå universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe og vedtok dermed forslaget. 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Vikingskipene, Undervisning, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 23. okt. 2018 14:57 - Sist endra 23. okt. 2018 15:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere