Vann arkitektkonkurransen om nytt vikingtidsmuseum

Med bidraget "Naust" vann det danske arkitektfirmaet AART plan- og designkonkurransen for  nytt vikingtidsmuseum på Bygdøy. - Me er superbegeistra, seier assosiert partnar Thomas Pedersen.

DRAUM: - Me ser fram til å få laga dette prosjektet, som altså er ein draum som har gått i oppfylling for oss, seier Thomas Pedersen, assosiert partnar i AART architects. Firmaet vann plan- og designkonkurransen for nytt vikingtidsmuseum på Bygdøy.

Foto: Ola Sæther

- Det er dette alle arkitektar drøymer om. Difor er det heilt utruleg at me vann denne plan- og designkonkurransen, sa assosiert partnar Thomas Pedersen i arkitektfirmaet AART architects. Bidraget deira Naust blei i formiddag kunngjort som vinnar av konkurransen, der 110 bidrag frå heile verda var komne inn. 

- Visste ingenting

- Me visste ingenting om at me hadde vunne før me kom hit. Det einaste me fekk vita var at me var mellom dei tre på pallplass, fortalde Thomas Pedersen til Uniforum.  På andreplass kom Jaja Architects i samarbeid med Coast studiobidraget  med bidraget "Vikingetiden på ny", medan Arkitekturfabrikken kom på tredjeplass med bidraget "Favn." 

Men det var altså AARTArchitects som stakk av med førsteplassen til stor glede både blant representantane for firmaet og alle dei andre som var på den uvanleg godt besøkte pressekonferansen i Vikingskipshuset på Bygdøy.

- For oss er det viktig å ta vare på det beste i Vikingskipshuset som blei teikna av Arnstein Arneberg. Det får med seg masse symbolikk frå vikingtida. Derfor ser me fram til å få laga dette prosjektet som altså er ein draum som har gått i oppfylling for oss, sa Thomas Pedersen. 

Og kvifor har dei kalla bidraget for "Naust"? Det spørsmålet får han assistanse frå arkitektkollega Mads Nygaard til å svara på: - Det er på grunn av langborda som blei brukte til å byggja vikingskipa av, sa Mads Nygaard.  

- Står ferdig i 2022

Direktør Håkon Glørstad i Kulturhistorisk museum håpa  at det nye vikingstidsmuseet kan bli stå ferdig i 2022. - Eg har god tru på at det vil skje. Grunnen er at planarbeidet og førebuingane har vore så bra. Difor er eg svært optimistisk, sa han til Uniforum.

- Vinnarbidraget vil gi oss eit heilt fantastisk flott, nytt museumsbygg, syntest han.

VANN ARKITEKONKURRANSE: Med bidraget "Naust" vann AART architects plan- og designkonkurransen for nytt vikingtidsmuseum på Bygdøy. (Modell frå AART architects/Statsbygg)

Oppsving for interessa for vikingtida

UiO-rektor Ole Petter Ottersen var sikker på at det nye vikingstidsmuseet på Bygdøy vil gi eit nytt oppsving for interessa for vikingtida. 

- Og då reknar eg med at det også vil gi eit skikkeleg løft for forskinga på vikingtida som går føre seg på Kulturhistorisk museum og på Universitetet i Oslo. Eg er stolt over den forskinga dei har gjort på vikingtida, sa Ole Petter Ottersen. 

- Verdas viktigaste samlingar frå vikingtida

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen hadde rolla med å kunngjera dei tre vinnarane av plan- og designkonkurransen. 

- Kulturhistorisk museum og Vikingskiphuset har verdas aller viktigaste samlingar frå vikingtida. Difor er det viktig at det blir gode vilkår både for forsking på og formidling av vikingtida, understreka han.

Så opna han konvoluttane og avslørte dei tre arkitetkfirmaene som hadde kapra dei tre øvste plassane mellom dei 110 bidraga som var sendt inn frå fjern og nær:

1. Naust, AArt architects

2. Vikingetiden på ny, JAJA ARCHITECTS i samarbeid med Coast studio

3. Favn, Arkitekturfabrikken.

Førsteprisvinnaren fåt utdelt 650 000 kroner, andreprisen gir 500 000 kroner, medan tredjeplassen gir ein pengesum på 400 000 kroner.

Juryen var leidd av Bjørne Grimsrud, som er strategi- og utviklingsdirektør i Statsbygg. For UiO sat både museumsdirektør Håkon Glørstad og seniorarkitekt Trine Faye Lund i Eigedomsavdelinga i juryen.

Les meir om alle  dei tre bidraga på nettsidene til Statsbygg.

 

 

 

Emneord: Universitetspoltikk, Vikingskipene, Vikingskipshuset, Kulturhistorisk museum Av Martin Toft
Publisert 12. apr. 2016 11:42 - Sist endra 12. apr. 2016 13:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere