Iselin Nybø: – Vikingtidsmuseet blir vurdert i seinare statsbudsjett

– Det blir løyvd fem millionar til Saving Oseberg, opplyser statsråd Iselin Nybø, men meir pengar vil ikkje regjeringa gi til nytt vikingtidsmuseum på Bygdøy no. – Me er svært urolege for sikringa av gjenstandar i museet, seier prorektor Gro Bjørnerud Mo ved UiO.

SEINARE STATSBUDSJETT: – Dette er ei prioritering me må sjå på i seinare statsbudsjett, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø til kritikken frå UiO om manglande startløyving til nytt vikingtidsmuseum på Bygdøy.

Foto: Ola Sæther

Universitetet i Oslo har i dag gått hardt ut mot at regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2019 ikkje inneheld pengar til sikring av gjenstandar og startløyving til nytt vikingtidsmuseum på Bygdøy.

– Me er svært uroa for at det ikkje ser ut til å bli løyvd pengar til nytt vikingtidsmuseum, og me er svært urolege for sikringa av gjenstandane, seier prorektor Gro Bjørnerud Mo til Uniforum. Og ho meiner at regjeringa er blitt godt informert om situasjonen. – Denne sommaren blei det varsla om det i eit brev der det står at det er gjenstandar som blir brotne ned dag for dag, og derfor er me svært uroa over den situasjonen som både museum og gjenstandar er i, seier Gro Bjørnerud Mo.

• Les i Uniforum: Ikke prioritert av regjeringen: UiO frykter nasjonale ikoner vil kollapse

– Spennande, viktig og godt prosjekt

Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø kommenterer kritikken med å visa til at det blir vurdert satsing på museet i seinare budsjett.

– Vikingtidsmuseet er eit spennande, viktig og godt prosjekt. Det blei klart no i haust, og det er noko som regjeringa vil vurdera i komande statsbudsjett. Det er viktig å seia at me også skal bruka fem millionar på 2019-budsjettet til vidare forsking inn i Saving Oseberg-prosjektet. Så dette er noko me heilt sikkert vil koma tilbake til. Det er ei prioritering som me må sjå på i seinare statsbudsjett, seier Iselin Nybø.

Manglar oppfylging av Humaniorameldinga

Prorektor Gro Bjørnerud Mo synest også forslaget til statsbudsjett for 2019 manglar løyvingar til tiltak som kan føra vidare Humaniorameldinga.

UROLEGE: – Me er svært urolege for sikringa av gjenstandane i Vikingskipshuset og den manglande løyvinga til nytt vikingtidsmuseum, seier prorektor Gro Bjørnerud Mo til Uniforum. Ho saknar også pengar til etablering av fireårig bachelorgrad for spesielt vanskelege språkfag. (Foto:Ola Sæther)

– I Humaniora-meldinga går det fram at det skal vera fireårige bachelorgradar for spesielt vanskelege språkfag, og UiO er åleine om mange av dei språkfaga i Noreg. Så langt me kan lesa i budsjettet, så finst det inga finansiering av fire år lange bachelorgradar for vanskelege språkfag, peikar prorektor Gro Bjørnerud Mo på. Ho er også lei seg for at det ikkje er blitt .løyvd pengar til eit program for spesielt motiverte studentar i humaniora og naturvitskap. – Me har ikkje fått nokon studieplassar til det, og det er me svært overraska over, seier prorektoren ved UiO. 

Bjørnerud Mo ser også noko positivt i budsjettet. – Ja, me er veldig glade for at satsinga på livsvitskap held fram, konstaterer ho, samtidig som ho understrekar at forslaget til statsbudsjett i hovudsak er godt for forsking og høgare utdanning, trass i den uroa ho har uttrykt om dei manglande løyvingane til vikingtidsmuseet og til fireårig bachelor for vanskelege språkfag.

Satsar 1,5 milliardar på utvalde forskingsområde

Regjeringa og forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø føreslår også å leggja fram tre opptrappingsplanar til investering i forsking og utvikling på 1,5 milliardar kroner over fire år. Desse pengane skal gå til eit teknologiløft, forsking og utvikling i samband med fornying og omstilling i næringslivet og til kvalitet i høgare utdanning. I framlegget til statsbudsjett for 2019 er det sett av 481 millionar kroner til denne satsinga. Det er Iselin Nybø svært nøgd med.

– Det at me legg fram ein forpliktande opptrappingsplan til forsking og utvikling vil eg gjerne trekkja fram. Og det begynner godt allereie i år på alle dei tre opptrappingsplanane.

Håpar KrF merkar seg innhaldet i statsbudsjettet

– Korleis trur du sjansane er for å få vedtatt dette budsjettet?

– Eg trur sjansane er gode. Me har lagt fram eit godt budsjett som gir rom for vekst. Sysselsetjinga går i rett retning. Dett er eit godt budsjett for landet. Me ventar på KrF, og det er den store spenninga, og det er det berre KrF som veit. Dette viser at når Venstre går inn i regjering, så har det ein effekt på budsjettet regjeringa legg fram, og eg håpar KrF også merkar seg det, seier Iselin Nybø til Uniforum.

1,2 millardar til forskingssatsing i 2019

Samla fylgjer regjeringa opp den reviderte langtidsplanen for forsking og høgare utdanning med 1,2 milliardar kroner i forslaget til statsbudsjett for 2019. Dette talet inkluderer fleire satsingar enn dei som vert føreslegne som del av dei fleirårige opptrappingsplanane. Der ligg det også pengar til Livsvitskapsbygningen ved UiO, går det fram av ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet. Der er det no føreslått ei løyving på 383 millionar kroner for 2019, står det i framlegget til statsbudsjett.  I budsjettdokumentet går det fram at rundt 350 millionar kroner blir løyvd over budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Byggestart vil skje i byrjinga av 2019. Til saman vil bygningen kosta 6,8 milliardar kroner og stå ferdig i 2024.Det er også føreslått ei løyving på 10 millionar kroner til prosjektering av nytt bygg for Det odontologiske fakultetet ved UiO. Av budsjettpapira går det også fram at UiO i 2019 får ein reduksjon i budsjettet  på 27,597 millionar kroner som fylgje av avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma.

Forskingsrådet er nøgd

Forskingsrådet viser til at den føreslegne realveksten til forsking i 2019 er på 1,2 prosent.  Det peikar på at auken er på same nivå som den totale veksten i regjeringa sitt  forslag til statsbudsjett.  Administrerande direktør John-Arne Røttingen synest det burde ha blitt satsa meir.

– I ei tid med behov for store omstillingar i norsk økonomi burde regjerina  auka satsinga på forsking og innovasjon meir enn veksten i totalbudsjettet. Samtidig er det positivt at regjeringa viser vilje til å auka satsinga på forsking og innovasjon på enkelte sentrale område, seier Røttingen i ei pressemelding. Ifylgje Forskingsrådet er realveksten til forskning i 2019 på ein halv milliard kroner.

– Får samarbeida om oppussing og ombygging

Rektor Curt Rice ved OsloMet - storbyuniversitetet trekker fram positive ting ved forslaget til statsbudsjett for 2019:

– Me som leiger bygningane våre har no fått høve til å ha eit samarbeid med regjeringa om oppussing og ombygging. Det ser eg veldig positivt på. Eg er også positiv til at det ikkje blir lagt pengar inn i utviklingsavtalane for det blir umogleg å samanlikna den eine med den andre, seier Curt Rice til Uniforum. Men også han ser ting han ikkje likar i budsjettforslaget. – Det er ingen nye studieplassar og heller ingen nye stipendiatstillingar. Det klarar eg ikkje heilt å foreina med retorikken rundt opptrappinga av til dømes IKT. Så det er både- og, konstaterer Curt Rice.

Hard kritikk frå IKT-Noreg

Heidi Austlid i IKT-Noreg er ikkje nøgd med den manglande løyvinga til IKT-studium.

– Eg er overraska over at det ikkje kjem ein einaste ny studieplass i IKT. For med dei digitaliseringsambisjonane regjeringa legg opp til no, vil det ikkje vera folk til å utføra dei oppgåvene. For første gong er det 1,7 milliardar kroner til digitaliseringstiltak. Det har me ikkje nok folk til, og me må utdanna langt, langt fleire enn me klarer i dag. Det er sjokkerande at regjeringa ikkje leverer på studieplassar, meiner Heidi Austlid.

– Skuffa

For leiar Petter Aaslestad i Forskarforbundet er det mest frustrerande at regjeringa held fast på effektiviseringskuttet.

– Den første reaksjonen min er at eg er skuffa over dette ABE-kuttet som kjem nok ein gong, det er på rundt 0,5 prosent effektiviseringskutt som råkar flatt og som no blir på 200 millionar kroner i år, og då er me no oppe i over 1 milliard samla i kutt i universitets- og høgskulesektoren. Det er klart at det går ut over kvaliteten på forsking og utdanning. Eg er skuffa over at det er oppretthalde, slår han fast.

Studentar raser over strengare krav i Lånekassen

Skuffa er også studentane. Dei reagerer sterkt på at regjeringa vil stilla strengare krav til omgjering av lån til stipend. I dag blir 40 prosent av alt lån du tar opp i Lånekassen gjort om til stipend etter kvart som studentane får studiepoeng ved å stå på eksamen. No vil regjeringa at 15 prosent av stipenddelen skal gjevast etter fullført grad.  Det reagerer Norsk studentorganisasjon og leiar Håkon Randgaard Mikalsen sterkt på og meiner forslaget bør avvisast.

– Dette forslaget tar ikkje dei reelle utfordringane i studiekvardagen på alvor. Studentane ynskjer å gjera det bra i studietida og med trugsmål om auka gjeld bidrar regjeringa til å mistenkeleggjera studentane sin innsats, snarare enn å skapa gode, utfordrande og trygge utdanningar, uttalar NSO-leiar Håkon Randgaard Mikalsen i ei pressemelding.

2200 nye hybeleiiningar

Derimot kan studentane gleda seg over at det blir føreslått å løyva pengar til bygging av endå fleire studentbustader.

– Regjeringa vil oppretthalde ambisjonane for bygging av studentbustader, og foreslår å vidareføra nivået frå 2018 om tilskot til 2200 nye hybeleiningar i 2019. Me føreslår dessutan å vidareføra auka kostnadsrammer og tilskotssatsar, og å prisjustera tilskota framover, seier statsråd Iselin Nybø frå Venstre.

 

Viktige tal i framlegget til statsbudsjett for 2019:

Samla tal:

Universitet og høgskular:  37,170 milliardar kroner, 3,8 prosent auke i høve til 2018

Noregs forskingsråd: 4,878 milliardar kroner, 5,1 prosent auke i høve til 2018

Forskingsinstitutt og andre tiltak: 483.789 millionar kroner,  - 6,3 prosent i høve til 2018

 

Føreslått 2019-løyving til enkeltinstitusjonar:

Universitetet i Oslo                                                 5,688 milliardar kroner

Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet          6,716 milliardarar kroner

Universitetet i Bergen                                            3,606 milliardar kroner

Universitetet i Tromsø                                           3,292 milliardar kroner

OsloMet-storbyuniversitetet                                  2,449 milliardar kroner

Noregs miljø- og biovitskaplege universitet          1,295 milliardar kroner

Les meir om regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2019:

Framlegg til statsbudsjett for 2019

Kunnskapsdepartementets framlegg til budsjett 2019

(Oppdatert 8.10. klokka 17.00)

 

 

 

Emneord: Økonomi, Vikingskipshuset, Forskningspolitikk, Studentforhold, Studentsaker Av Martin Toft
Publisert 8. okt. 2018 16:17 - Sist endra 8. okt. 2018 17:26
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere