UiO vil be regjeringa om 1 milliard ekstra til Livsvitskapsbygget

Oppdaterte utrekningar syner at kostnadsramma for det nye Livsvitskapsbygget vil sprekka med meir enn 1 milliard kroner. Det opplyser universitetsdirektør Arne Benjaminsen. UiO håpar regjeringa vil gi dei den ekstra milliarden.

To personar og ei anleggsmaskin er i aktivitet på tomta til Livsvitskapsbygget

DYR GRUNN: Problema med kvikkleire i grunnen på tomta til Livsvitskapsbygget, har drive utgiftene i veret. No er overskridinga på over ein milliard kroner. (Arkivfoto)

Foto: Ola Gamst Sæther

Det var den 26. august det først blei kjent at vanskelege grunnforhold har gitt auka kostnader for bygginga av Livsvitskapsbygget i Gaustadbekkdalen. Reint konkret viste det seg at det var uventa mykje kvikkleire i grunnen. 

– Det er ikkje noko i vegen for å byggja på kvikkleire, men no ser me meir enn det undersøkingane viste, sa kommunikasjonsdirektør Hege Njaa Aschim i Statsbygg til Uniforum dagen etter. Ho opplyste også at dei ville sjå på kva som ville vera ei formålstenleg løysing innanfor kostnadsramma.

• Les meir i Uniforum:

Livsvitenskapsbygget: – Mer kvikkleire enn undersøkelsene viste

Ein plan for å halda kostnadsramma

Denne veka fekk Universitetsstyret informasjon om korleis statusen er for arbeidet med å få ned overskridingane på budsjettet til Livsvitskapsbygget.

Om livsvitskap

Formålet med satsinga på livsvitskap og Livsvitskapsbygget er å kopla saman  ulike fag og disiplinar for å forstå liv og livsprosessar. Dette skal brukast til å løysa utfordringar med aldring, sjukdom, matproduksjon, bioteknologi, klima og miljøendringar. Livsvitskap skal samla farmasi, medisin og kjemi med forsking biologi, nano- og bioteknologi, medisinsk teknologi, stordata og kunstig intelligens. Gjennom samarbeid med Oslo universitetssykehus, næringsliv og innovasjonsmiljø skal det skapast innovasjon, næringar og arbeidsplassar.

(Kjelde: UiO)

Det første som skjer er at UiO og Statsbygg  skal laga ein plan for korleis Livsvitskapsbygget kan byggjast innanfor den vedtatte ramma på 6,145 milliardar kroner.  Ei arbeidsgruppe leia av viserektor Per Morten Sandset er derfor sett ned.  På slutten av denne månaden skal dei ha levert ein plan over korleis Statsbygg og UiO har tenkt å klara å  halda seg innanfor kostnadsramma. Rapporten skal leverast til Kunnskapsdepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Finansdepartementet. 

– Det er viktig at det ikkje blir så store endringar på tomta at det krev ein ny reguleringsplan Då vil ting ta tid. Målstrukturen må også bestå elles vil det verta naudsynt med ein ny KS1- og KS2-prosess. Og det vil også ta tid, har Arne Benjaminsen fortalt til Universitetsstyret og han gjentar det overfor Uniforum. 

Ekstra kostnader på over1 milliard

Oppdaterte utrekningar syner at kostnadsramma for det nye Livsvitskapsbygget vil sprekka med meir enn 1 milliard kroner. Det er det universitetsdirektør Arne Benjaminsen som opplyser til Uniforum.

– Kva er grunnane til den store overskridinga på over 1, milliard kroner?

– Det handlar sjølvsagt om ekstra utgifter på grunn av dei vanskelege grunnforholda og til prosjekteringa som er blitt dyrare enn føresett. I mindre grad handlar det om forseinka leveransar på grunn av koronatiltak, forklarar Arrne  Benjaminsen overfor Uniforum.  

Og han trur at UiO og Statsbygg  i fellesskap skal klara å laga ein plan med naudsynte innsparingar i utgiftene innanfor fristen den 30 september. 

Om Livsvitskapsbygget: 

Den planlagde bygningen for livsvitskap, kjemi og farmasi – Livsvitskapsbygget – ved Universitetet i Oslo (UiO) skal stå ferdig ved utgangen av 2024 og skal husa om lag 1000 tilsette og 1600 studentar. Med sine 66 700 m² blir det Noregs største og mest komplekse universitetsbygning. Kostnadsramma er rekna ut  til 6,8 milliardar kroner (i 2018-verdi).

(Kjelde: Uniforum)

 

– Me legg til grunn at Statsbygg då har gjort ei god kartlegging av grunnforholda på tomta, seier han. Benjaminsen viser til at dei har eit eit heilt klart ynske. 

– UiO og Statsbygg ber om at Livsvitskapsbygget blir realisert i samsvar med dei opphavlege planane, og me vil be om ei ekstra løyving for å få det til. Men me må altså også utgreia korleis me skal få det til innanfor den vedtatte ramma, seier han. 

Universitetsdirektøren fortel også at den vidare planen går ut på at når regjeringa har fått rapporten på bordet, vil den ta  stilling til endeleg løyving.

Før den tid skal altså arbeidsgruppa som viserektor Per Morten Sandset leier, setja seg ned saman med Statsbygg og med representantar for dei fagområda som skal inn i Livsvitskapsbygget. Dei skal i fellesskap koma fram til ei løysing som er i samsvar med dei måla som blei sette då bygget blei planlagt.

– Eg er viss på at me får det til i samarbeid med brukarane og Statsbygg, seier Arne Benjaminsen.

 

 

 

Emneord: Livsvitskap, Livsvitenskapsbygget, Livsvitenskap, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 11. sep. 2020 17:27 - Sist endra 11. sep. 2020 17:27
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere