Livsvitskapsbygget: Statsbyggs kuttforslag er uakseptable for UiO

Alle kutta Statsbygg har føreslått for å få ned kostnadene på bygginga av Livsvitskapsbygget vil øydeleggja samfunnsmåla for prosjektet. UiO kan derfor ikkje gå inn for dei. Det viser ein rapport regjeringa fekk på bordet i går.

MÅ SPARA: UiO og Statsbygg har fått beskjed om å halda seg innanfor den vedtatte budsjettramma for Livsvitskapsbygget i Gaustadbekkdalen.. Dei har no kome med fleire sparealternativ. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Universitetet Oslo og Statsbygg klarte i fellesskap å sy saman ein rapport til regjeringa med tilrådingar om korleis det skal vera mogleg å få ned kostnadene på bygginga av Livsvitskapsbygget i Gaustadsbekkdalen.

Om livsvitskap

Formålet med satsinga på livsvitskap og Livsvitskapsbygget er å kopla saman  ulike fag og disiplinar for å forstå liv og livsprosessar. Dette skal brukast til å løysa utfordringar med aldring, sjukdom, matproduksjon, bioteknologi, klima og miljøendringar. Livsvitskap skal samla farmasi, medisin og kjemi med forsking biologi, nano- og bioteknologi, medisinsk teknologi, stordata og kunstig intelligens. Gjennom samarbeid med Oslo universitetssykehus, næringsliv og innovasjonsmiljø skal det skapast innovasjon, næringar og arbeidsplassar.

(Kjelde: UiO)

– Har etterlyst meir transparens frå Statsbygg

Det er viserektor Per Morten Sandset som har leia arbeidet frå  UiO inn i den felles arbeidsgruppa til UiO og Statsbygg som har laga rapporten.

– For UiO var det ikkje enkelt å setja seg inn i alle økonomiske detaljar i løpet av fire veker på det som Statsbygg har arbeidd med i fleire år. Inntrykket vårt er at Statsbygg ikkje har vore opne nok med å visa fram kostnadane sine med bygget. Me har difor etterlyst meir transparens frå Statsbyggs side. Det har gjort det vanskeleg for UiO å vurdera den samla prisen for bygget, seier han til Uniforum.

Henrik Asheim sette foten ned

Det var den 26. august det blei kjent at ei uventa stor mengde kvikkleire og auka prosjektkostnader på tomta til Livsvitskapsbygget hadde skapt store problem og ville føra til store overskridingar av den vedtatte ramma på 6,196 milliardar kroner. Derfor sette regjeringa ved forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim  foten ned og bad UiO og Statsbygg om å laga ei felles rapport med tilrådingar om korleis dei samla kostnadene med bygget skulle kunna halda seg innanfor budsjettramma.

Om Livsvitskapsbygget: 

Den planlagde bygningen for livsvitskap, kjemi og farmasi – Livsvitskapsbygget – ved Universitetet i Oslo (UiO) skal stå ferdig ved utgangen av 2024 og skal husa om lag 1000 tilsette og 1600 studentar. Med sine 85 000  m² blir det Noregs største og mest komplekse universitetsbygning. Kostnadsramma er rekna ut  til 6,196 milliardar kroner (oppdatert  i 2020).

Aktuelt: Vanskelege grunnforhold og auka prosjektkostnader har ført til overskridingar av budsjettet. UiO og Statsbygg har laga ein felles rapport med ulike innsparingsalternativ.

(Kjelde: Uniforum)

Stor usemje mellom UiO og Statsbygg

På måndag blei rapporten handsama i Universitetsstyret på UiO og i går blei heile rapporten sendt til Kunnskapsdepartementet. Den avslører stor usemje mellom UiO og Statsbygg om korleis kostnadene skal bli reduserte.

Medan Statsbygg er opptatt av å kutta drastisk i areala og i  funksjonar for å halda seg innanfor den vedtatte budsjettramma, er UiO mest opptatt av å ha naudsynte funksjonar og areal til den forskingsverksemda som skal gå føre seg i bygget.

Då saka var oppe i Universitetsstyret på måndag var det klart at det berre var to moglege alternativ UiO kunne gå inn for. Det eine var ei realisering av dagens planar for bygget med ei mogleg mindre nedskalering og det andre var å inngå ein partnarskap med Oslo universitetssykehus og Helse Søraust, slik Uniforum tidlegare har skrive.

• Les i Uniforum:

Partnarskap med Oslo universitetssykehus kan bli løysinga for Livsvitskapsbygget

Dette er alternativa som er vurderte i rapporten:

0-alternativet

Det første var 0-alternativet som inneber ingen kutt av areal og funksjon. Då blir bygget slik som det var planlagt, og det blir heller inga rehabilitering av Kjemibygningen på Nedre Blindern.

Det andre er ein variant av 0-alternativet der det opphavlege arealet på 85 000 kvadratmeter blir redusert med inntil 7000 kvadratmeter. Heller ikkje då blir det behov for rehabilitering av Kjemibygningen på Nedre Blindern.

1d-alternativet

Det tredje forslaget er 1d-alternativet som inneber effektivisering og omfattande kutt, til saman ein reduksjon på 17 000 kvadratmeter. Det vil gi ei innsparing på 900 millionar kroner, men samtidig krevja rehabilitering av Kjemibygningen på Nedre Blindern. Alternativet inneber også anten reduksjon i kjemi, reduksjon i livsvitskap eller ein miksvariant som er ein reduksjon in vivo, hovudsakleg i livsvitskap. Statsbygg har også lagt inn ei innsparing på 200 millionar kroner i krav til kvalitet. Det vil krevja stor og ny planlegging av bygget. Dette forslaget er derfor uakseptabelt for UiO.

1c-alternativet

Det fjerde forslaget er 1c-alternativet. Det medfører også ein arealreduksjon på 17 000 kvadratmeter, og gjennom andre innsparingar vil det gi eit kutt på 1 milliard kroner. Konsekvensen vil bli ei rehabilitering av Kjemibygningen på Nedre Blindern. Dette er ein såkalla «mulighetsstudie» av nytt og forenkla bygg gjennomført av entreprenøren HENT i samarbeid med Statsbygg.

Det vil føra til at mange funksjonar må ut av prosjektet og flyttast til andre bygningar og vil også krevja omfattande nyplanlegging. UiO spør også om kvifor Statsbygg har inkludert alternativet i alternativanalysen sin. Det strir også mot prinsippet om samansmelting av fagmiljø, og det er også derfor uakseptabelt for UiO, heiter det i rapporten.

1b-alternativet

Det femte forslaget er 1b-alternativet. Det inneheld ein reduksjon i areal på 21 000 kvadratmeter og ein kostnadsreduksjon på 800 millionar. Også dette forslaget fører til at det blir behov for rehabilitering av Kjemibygningen på Nedre Blindern. Det inneber også at Kjemisk institutt ikkje vil få plass i bygget. UiO meiner at det vil bryta med konvergensprinsippet og heller ikkje vil oppfylla efffektmåla og samfunnsmåla. Derfor er det uakseptabelt for UiO.

1a-alternativet

Det sjette forslaget, 1a-alternativet, er det også heilt uaktuelt for UiO å akseptera. Det er det mest drastiske alternativet, og det vil kutta arealet i bygningen med 30 000 kvadratmeter og spara inn 1,1 milliardar kroner. Dessutan vil det innebera ei naudsynt rehabilitering av Kjemibygningen på Nedre Blindern. Om det blir realisert, vil ikkje Kjemisk institutt få plass i bygget og det vert heller ikkje areal nok for dei som skal forska på livsvitskap. UiO meiner at også dette alternativet er uakseptabelt fordi det bryt med konvergensprinsippet og ikkje vil oppfylla effekt- og samfunnsmåla.

Alle forslaga frå 1a til 1d er lanserte av Statsbygg. UiO er svært tydeleg på at det berre er alternativ 0 som er akseptabelt i rapporten levert frå Statsbygg og UiO.

UiO tok initiativ til partnarskap med OUS

For å få til ei løysing har UiO tatt  initiativ til ein partnarskap med Helse Søraust og Oslo universitetssykehus..UiO meiner fordelen med dette alternativet er at areal som dei må skalera ned i ein viss grad kan overtakast av OUS. Det vert peika på at ei slik samlokalisering vil styrkja forskingssamarbeidet endå meir og gjera at samfunnsmålet for Livsvitskapsbygget i større grad kan realiserast. Alternativet vil føra til at OUS kan koma til å overta inntil 15 000 kvadratmeter av det samla arealet. Også dette alternativet føreset ei mindre rehabilitering av Kjemibygningen på Nedre Blindern, går det fram av rapporten. 

Ville oppnå to ulike mål

For Per Morten Sandset og UiO-leiinga er det klart at Statsbygg og UiO har prøvd å oppnå to ulike mål gjennom alternativa og tilrådingane i rapporten.

GRUNNLAG: – Denne rapporten er eit grunnlag for at politikarane skal kunna ta ei endeleg avgjerd, seier viserektor Per Morten Sandset, som har lea arbeidet med den felles rapporten frå UiO og Statsbygg med tilrådingar om sparealternativa for Livsvitskapsbygget (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Statsbygg har vore opptatt av å halda byggjekostnadene nede innanfor den vedtatte prosjektramma, medan UiO har vore opptatt av å levera på det som var det opphavlege målet med Livsvitskapsbygget nemleg å levera eit forskingssenter med konvergens eller samansmelting av fagområda kjemi, farmasi og livsvitskap, slår han fast.

For han og UiO vil derfor alle kuttalternativa til Statsbygg vera i strid med det opphavlege formålet med bygget.

– Alle deira alternativ vil gjera at samfunnsmåla til prosjektet ikkje blir oppfylte. Derfor er dei uakseptable for oss, slår han fast.

Eitt av forslaga til Statsbygg går ut på å lata dei ulike fagmiljøa halda seg for seg sjølve i bygget.

– Det strir imot heile ideen om korleis forskingsbygg vert realiserte i dag. Det skal ikkje vera slik at om du går opp ei trapp, så kjem du til andre forskarar i ditt eige fagmiljø. Nei, då skal du kunna snakka med andre frå eit anna fag, treffa dei på laben eller på andre møteplassar. Slik kan nye idear og kreativitet dukka opp, og det kan danna grunnlag for tverrfagleg samarbeid, seier Per Morten Sandset.

Nokre forskargrupper kan måtta bli igjen på Nedre Blindern

For Universitetet i Oslo står det dermed berre to alternativ igjen. Det første er at dei opphavlege planane for bygget blir fylgde, samtidig som regjeringa løyver ein ekstra milliard til prosjektet. Det andre alternativet er altså at Oslo universitetssykehus og Helse Søraust går inn som partnar og kjøper seg inn i bygget og får driva med livsvitskapsforsking der. Det inneber at dei vil trengja ut det arealet som var tiltenkt framifrå forskargrupper ved UiO.

– Ved denne løysinga vil arealet UiO må kutta bli mindre, og me må sjå på om nokre forskargrupper må bli igjen på Nedre Blindern, seier Sandset.

Kan løysa arealproblem for storsjukehus

Oslo universitetssykehus er i gang med å planleggja eit nytt stort sjukehus på Gaustad. Per Morten Sandset trur at moglege areal i Livsvitskapsbygget kan passa inn.

– Eg ser ikkje bort ifrå at det kan gi ei løysing på arealproblema i eit nytt sjukehus på Gaustad, seier han.

Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet har gitt Helse Søraust og UiO i oppdrag å laga eit kunnskapsgrunnlag for ein mogleg partnarskap. Det skal leverast den 19.oktober.

No er dei ulike alternativa skisserte opp av UiO og Statsbygg i fellesskap. I løpet av november vil me få vita kva regjeringa vil gå inn for.

– Denne rapporten er eit grunnlag for at politikarane skal kunne ta ei endeleg avgjerd. Dei må kunne ta standpunkt til kva funksjjonar det framtidige Livsvitskapsbygget skal innehalda, understrekar Per Morten Sandset.

 

 

Emneord: Livsvitenskapsbygget, Livsvitskap, Livsvitenskap Av Martin Toft
Publisert 1. okt. 2020 15:38 - Sist endra 1. okt. 2020 15:49
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere