2017 - Side 2

Publisert 5. des. 2017 00:15

I dag tidleg klokka sju startar dei første rettssakene mot akademikarane som i januar 2016 skreiv under på oppfordringa til Tyrkias regjering og dei kurdiske gruppene om å starta fredsforhandlingar. Dei kan få ein dom på sju og eit halvt år i fengsel.

Publisert 30. nov. 2017 13:15

Kinaprogrammet ved Norsk senter for menneskerettar fekk nyleg tildelt den kinesiske Li Buyun-prisen. Grunngjevinga er den viktige rolla Kinaprogrammet har spelt i å fremja  menneskerettsutdanning, forsking og rettsstatsprinsipp i Kina.

Publisert 23. nov. 2017 11:07

Juss-Buss og Juridisk Rådgiving for Kvinner (JURK) og andre rettshjelptiltak unngår kutt og får ei påplussing på fem millionar kroner. Dermed får dei ei samla løyving på 20 millionar kroner. Men universiteta og høgskulane får auka effektiviseringskuttet med 0,2 prosent.