Li Buyun er ein framifrå jurist og ein av grunnleggjarane av Shanghai Institute of Finance and Law. Og det er nettopp det instituttet som har oppretta ein pris som ber namnet hans, og prisen blir delt ut til ein kinesar og ein ikkje-kinesar kvart år.
Første gong til utanlandsk organisasjon
Kinaprogrammet ved Norsk senter for menneskerettar er den første utanlandske organisasjonen som får prisen, ifylgje leiaren for Kinaprogrammet, Cecilie Figenschou Bakke. Ho tok imot prisen på vegner av programmet som ho er leiar for.
Juryen legg også vekt på at Kinaprogrammet også har gjort ein stor innsats når det gjeld likestilling og ikkje-diskriminering, gjennom å fremja den nye lova om vald i nære relasjonar. Dessutan har programmet også publisert dei første kinesiske bøkene om om dei internasjonale menneskerettane og om arbeidslivsdiskriminering.
– Gjer meg audmjuk
Cecilie Figenschou Bakke uttaler til nettsidene til Norsk senter for menneskerettar at ho er svært glad for at Kinaprogrammet har fått denne prisen.
– Det er ei stor ære for oss å få denne prisen. Å få eit synleg prov på at arbeidet vårt blir sett pris på av Li Buyun-komiteen, gjer meg svært audmjuk. Ingen av dei resultata me har oppnådd, ville ha vore moglege utan engasjert kinesiske akademikarar og samarbeidspartnarar. Prisen er ei fin oppmuntring til å halda fram med vidare samarbeid om menneskerettar også i framtida, seier Cecilie Figenschou Bakke.
Denne månaden er ho i Kina for å delta i markeringa av det 20 år lange akademiske samarbeidet mellom Noreg og Kina.
Logg inn for å kommentere