Ibsensenteret inn i Observatoriet

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 10 1999


KUPPELEN: Dette er utsikten frå kuppelen i Observatoriet som saman med nullpunktrommet skal disponerast av dei naturvitskaplege interessene. (Foto: Ståle Skogstad)

Ibsensenteret kan flytta inn i Observatoriet og disponera så mykje av bygningen det har behov for i ti år etter innflytting. Det vedtok Kollegiet førre tysdag.

- Ein kalddusj, seier formann for Observatoriets venner, Kaare Aksnes.
- No ser me framtida lyst i møte, seier styreleiar for Ibsensenteret, Helge Rønning.

Av Martin Toft

Det endelege vedtaket var eit framlegg som blei lagt fram av Cathrine Fabricius Hansen og Gunnar Handal under kollegiemøtet. Det fekk rektoratet til å trekkja sitt opprinnelege framlegg og støtta framlegget frå dei to kollegiemedlemane. Kort fortalt gir dette vedtaket Ibsensenteret og prosjekt ”Henrik Ibsens skrifter” ein sikrare garanti for at UiO forpliktar seg til å skaffa dei passande lokale når dei må flytta ut av Observatoriet innan år 2010.

Dessutan presiserer vedtaket at Kollegiet skal be universitetsdirektøren om å vidareføra arbeida med ei generell restaurering av Observatoriet med pengar frå Jahrestiftelsen. Kollegiet opprettheld også vedtaket om at Senter for Ibsenstudiar skal inn i Observatoriebygningen saman med prosjektet ”Henrik Ibsens skrifter” i ti år frå dei har flytta inn i bygningen. Dei skal disponera så mykje av bygningen som dei har behov for. Unnateke for dette er nullpunktrommet og observatoriekuppelen som skal brukast til museale formål og dei romma som skal nyttast i fellesskap av Ibsensenteret og dei naturvitskaplege interessene.

Eivind Osnes var det einaste kollegiemedlemet som stemte imot dette framlegget. Vedtaket presiserer også at etter kvart som Ibsensenteret kan flytta meir og meir av aktivitetane sine inn i Brahdevillaen, kan fleire rom i Observatoriet disponerast til naturvitskaplege formål.

Før møtet tok til, hadde styreleiar for Ibsensenteret, Helge Rønning, gått sterkt imot det opprinnelege framlegget til vedtak frå universitetsdirektøren. Samstundes hadde formann for Observatoriets venner, Kaare Aksnes, gjort det klart at han syntest det var eit godt kompromiss.

Revidert framlegg til vedtak

Etter at rektor Kaare R. Norum hadde presentert ein revidert versjon av universitetsdirektørens opprinnelege framlegg til vedtak for kollegiemedlemane, gjorde Eivind Osnes det klart at han ville støtta det opprinnelege framlegget frå universitetsdirektøren.

- Eg synest at det innanfor dagens ramme, må vera mogleg å plassera både Ibsensenteret og eit museum for naturvitskapen i Observatoriet, meinte Osnes. Han ville difor at det opprinnelege framlegget frå universitetsdirektøren blei lagt fram til votering i staden for det reviderte framlegget. Deretter fekk prorektor Rolv Mikkel Blakar ordet. Han meinte heile saka var eit problem Kollegiet hadde arva frå det førre Kollegiet.

- Både dekanen ved MN-fakultetet og dekanen ved HF-fakultetet har vore under eit sterkt press i denne saka. No meiner begge at det framlegget som ligg føre er eit godt kompromiss. Difor er dette ei sak der Kollegiet no er nøydd til å skjera gjennom og gjera eit vedtak.

”Time-out”

Like etter kom både Cathrine Fabricius Hansen og Gunnar Handal med framlegg som la større vekt på behovet Ibsensenteret og Prosjekt Henrik Ibsens skrifter har for større og meir permanente lokale. Borger A. Lenth gjorde det også klart at han ville støtta framlegget til desse to. Resultatet blei at rektor Kaare R. Norum ba om ein ti minuttar lang ”time-out”.

Då pausen var over, fortalde Norum at universitetsleiinga hadde bestemt seg for å trekkja universitetsdirektøren sitt siste framlegg til vedtak, og støtta framlegget frå Gunnar Handal og Cathrine Fabricius Hansen. Eivind Osnes sa ifrå om at han likevel ville stå fast på det opprinnelege framlegget frå universitetsdirektøren. Under avrøystinga fekk framlegget berre støtte frå Eivind Osnes. Deretter blei det votert punkt for punkt over framlegget frå Gunnar Handal og Cathrine Fabricius Hansen. Det blei til slutt vedtatt, og Eivind Osnes var den einaste som stemte imot to av punkta i det framlegget.

Vonbrot og glede

- Vedtaket er ein skikkeleg kalddusj for oss, meiner formannen i Observatoriets venner, Kaare Aksnes og formannen i MN-fakultetet sitt adhocutval for Observatoriet, Oddbjørn Engvold. Dei synest vedtaket er ei klar vedgåing av krava frå Ibsensenteret og ei nedprioritering av dei vitskaplege interessene, slik dei var tilgodesette i universitetdirektøren og rektor sitt eige kompromissframlegg. Dette framlegget hadde rektor brukt lang tid på å utarbeida i samråd med partane.

- Vi er forundra og vonbrotne over at rektor gjekk i frå dette framlegget til fordel for eit lite gjennomtenkt benkeframlegg, er dei samde om.

- Det er bittert at me må tigga om plass i den bygningen som Norum sjølv har kalla for "naturvitenskapenes vugge" i Noreg.

Styreleiar for Ibsensenteret, Helge Rønning er derimot godt nøgd med vedtaket.
- No kan me endeleg sjå framtida lyst i møte. Men no begynnar også arbeidet for å skaffa permanente lokale ved Ibsens husvære i Arbins gate, som kan stå klare før Ibsensenteret må flytta ut av Observatoriet, seier Rønning.

Dette er det endelege vedtaket:

  1. Kollegiet ber universitetsdirektøren vidareføra arbeida med ei generell restaurering av Observatoriebygningen med midlar frå Jahrestiftelsen. Dette framlegget blei samrøystes vedtatt.
  2. Kollegiet opprettheld vedtaket om at Senter for Ibsenstudiar blir lokalisert i Observatoriebygningen. Senteret med tilhøyrande prosjekt ”Henrik Ibsens skrifter” disponerer bygningen frå innflytting og for 10 år framover så mykje av Observatoriebygningen som det har behov for, med dei unnatak som er spesifisert i pkt. 3. Dette framlegget blei vedtatt mot stemma til Eivind Osnes.
  3. Unnateke er nullpunktrommet og observatoriekuppelen som frå innflytting blir sette av til museale formål, og areal som det vil vera naturleg å innretta til sambruk mellom Ibsensenteret og naturvitskaplege interesser (inngangsparti, resepsjon, møte og medierom) Også dette framlegget blei vedtatt mot stemma til Eivind Osnes.
  4. Øvrige lokale i Tverrfløyen - og andre lokale som Ibsensenteret kan avsjå - blir frigjorde til naturvitskaplege /museale formål, når Brahde-villaen kan takast i bruk av Ibsensenteret/prosjektet i samsvar med avtalen med Jahrestiftelsen. Framlegget blei samrøystes vedtatt.
  5. Universitetet i Oslo forpliktar seg til innan 2010 å skaffa passande lokale som Ibsensenteret kan flytta inn i ved fråflytting frå Observatoriebygningen. Framlegget blei samrøystes vedtatt.
  6. Universitetsdirektøren blir beden om å fremja framlegg til eit mandat for og samansetjing av eit utval som skal greia ut opprettinga av eit universitets-/vitskapshistorisk museum med lokalisering i heile eller delar av Observatoriebygningen. Framlegget blei samrøystes vedtatt.

Pekere til andre artikler og innlegg i Uniforum:


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 10 1999

Publisert 17. juni 1999 15:18 - Sist endra 1. sep. 2014 13:53
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere