Send madonnaene heimatt!

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 10 1999


VIL SAMARBEIDA: Ordførarkandidatane i Oslo, Per Ditlev-Simonsen og Åse Kleveland, vil gjerne samarbeida med Universitetet i Oslo og rektor Kaare R. Norum. (Foto: Martin Toft)

Norum til musea:

  • Universitetet i Oslo må bli eige reguleringsområde
  • Fleire og billegare studentbustader
  • Studentmoderasjon på kollektivtransport
  • Bygging av fleire sykkelstiar

Av Martin Toft

Dette var ynskjelista rektor Kaare R. Norum presenterte for dei to ordførarkandidatane Åse Kleveland frå Arbeidarpartiet og Per Ditlev-Simonsen frå Høgre då dei deltok i ein debatt med den retoriske tittelen ”Er universitetet til bry for hovudstaden”. Norum viste til at studentane er ei viktig gruppe som Oslo kommune ikkje kan lata vera å ta omsyn til.

7,3 milliardar kroner

- Dei 35 000 studentane ved Universitetet i Oslo og dei 9000 studentane ved Høgskulen i Oslo legg årleg igjen 120 000 kroner kvar i Oslo. Til saman blir det eit samla forbruk på 7,3 milliardar kroner. Difor er det viktig å leggja forholda til rette slik at det kan byggjast betre og billegare studentbustader. Ja, det ville vera rimeleg om dei også kunne få studentmoderasjon på kollektivtransporten i hovudstaden. Det ville dessutan ha hindra at dei heller brukte ein gamal bruktbil. Viss det i tillegg blei bygd fleire sykkelstiar, kunne det ha blitt veldig positivt for miljøet i Oslo, meinte Norum.

Brenna i baken

Åse Kleveland var samd i kravet om å seinka billettprisen på kollektivtransporten i Oslo.

- Men eg ville ikkje ha gjort det berre for studentane, men for alle brukarane, understreka ho. Ho svara dessutan ja på spørsmålet om universitetet er til bry for hovudstaden.

- Det er til bry for hovudstaden akkurat på same måte som alle andre som driv næringsverksemd i hovudstaden er det. Difor er det viktig å løysa det som er brysamt. Likevel er det Universitetet i Oslos rolle som medspelar lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt me kan nytta oss av, når Oslo kommune skal byggja opp eit kontaktnett. I dag har ikkje Oslo kommune ein eigen utanrikspolitikk slik som Tønsberg, Bergen og Stavanger. Det kan Universitetet i Oslo hjelpa oss med å få, meinte Kleveland, som også understreka at debatten om IT-Fornebu i alle fall hadde ført ein god ting med seg.

- IT-Fornebu fekk det til å brenna i baken på universitetsleiinga slik at Universitetet i Oslo har begynt å føra ein offensiv politikk overfor styresmaktene, sa Kleveland.

Osloidentitet

Per Ditlev-Simonsen minna om at oslofolket sitt medvit om Universitetet i Oslo ikkje er særleg stor.

- Men etter at 1000-årsjubileet er over, trur eg at folk vil ha enda større osloidentitet enn dei har i dag. Når det gjeld universitetet, vil eg minna om at mitt parti heile tida har gått inn for sterkare satsing på grunnforsking til skilnad for Arbeidarpartiet som har prioritert oppdragsforskinga. Det er også dagens Høgre-byråd som har selt dei tre stjerneblokkene ved Ullevål sjukehus til Studentsamskipnaden i Oslo (SiO) slik at dei kan brukast til studentbustader, presiserte Ditlev-Simonsen. Han trekte i tillegg fram at Oslo kommune nettopp hadde kjøpt 67 mål av grunnen i Sørenga frå NSB.

- Difor ynskjer eg Universitetet i Oslo velkomen etter og håpar det fylgjer opp kollegievedtaket om å byggja dei kulturhistoriske musea på Sørenga. Då kan universitetet lata Nasjonalgalleriet overta bygningen til Historisk museum. Så skal me stengja ein liten gatestubb og laga ein samanhengjande park frå Universitetshagen til Tullinløkka, lovde Ditlev-Simonsen. Men han ville ikkje lova studentmoderasjon på kollektivtransporten i Oslo. Heller ikkje at Universitetet i Oslo skulle bli eige reguleringsområde.

- Det hindrar det norske lovverket, sa han.

Studentar må røysta i Oslo

Derimot var både han og Åse Kleveland samde om at det er urimeleg at studentar ikkje får bruka røysteretten sin i den kommunen dei bur i, men må bruka den i den kommunen dei vaks opp i.

- Det er ein dårleg måte å få studentar engasjert i det som skjer i Oslo kommune på, meinte begge to. Dei frammøtte studentane slutta seg til det synspunktet.

- Send madonnafigurane heimatt!

Norum avslutta møtet med å oppmoda musea i hovudstaden til å senda alle madonnafigurane som no ligg på ”lit de parade” i magasina, tilbake til den bygda eller byen dei kjem frå.

- Då kan madonnafigurane få ein renessanse som turistattraksjonar på den staden dei eigentleg høyrer til. Dermed vil distrikta få ei meir positiv haldning til hovudstaden når den treng støtte i ei konkret sak, spådde Norum. Til slutt kom han med ei oppmoding til Bystyret i Oslo.

- Utan at eg har tatt dette formelt opp med resten av universitetsleiinga, inviterer eg alle medlemane i Bystyret til å høyra på foredrag og lytta til musikk i samband med markeringa av at det nye Universitetsbiblioteket blir opna for publikum i september.

Og kommune- og fylkestingsvalet er den 13. september.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 10 1999

Publisert 17. juni 1999 15:18 - Sist endra 1. sep. 2014 13:53
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere