Teknologirådet sjøsett
![]() |
TEKNOLOGISKE KONSEKVENSAR: Teknologirådet skal vurdera kva konsekvensar teknologien kan ha for samfunnet og enkeltmennesket, forklarar rådsleiar Eivind Osnes. (Foto: Martin Toft) |
- Eg er glad for å vera til stades når denne båten skal setjast på vatnet. Champagneflaska til skipsdåpen manglar eg, men det er kanskje ikkje så overraskande når det gjeld denne statsråden.
Av Martin Toft
Slik opna kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Jon Lilletun det første møtet i det nyoppnemnde Teknologirådet som er leia av fysikkprofessor Eivind Osnes ved UiO. Statråden hadde også bestemte oppfatningar av kva Teknologirådet ikkje skulle vera.
- Eg ville ikkje ha eit spesialistråd. Likevel ville eg ha ein frå det naturvitskaplege miljøet som kunne leia rådet og gi det autoritet. Difor fall valet på fysikkprofessor Eivind Osnes. Og eg gir stortingsrepresentant Erik Solheim honnør for det pådrivararbeidet han har gjort for at rådet skulle bli ein realitet, skrytte Lilletun. Teknologirådet skal vurdera kva konsekvensar teknologien kan ha for samfunnet og enkeltmennesket.
- Me skal vera teknologikritiske, men ikkje fiendslege, sa rådsleiar Eivind Osnes. Han presiserte at rådet skal vurdera både etiske, moralske, sosiale miljømessige og økonomiske sider ved teknologien.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere