Jahrestiftelsen finansierer renoveringa av Observatoriet

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 19 1998


Kollegiet gir klarsignal:

 

OBSERVATORIET: Kollegiet har no gitt universitetsdirektøren fullmakt til å underskriva under kontrakt med Jahrestiftelsen om renovering av Observatoriet. (Chr.H.Groschs akvarell av Observatoriet)

Universitetsdirektør Tor Saglie har fått fullmakt av Kollegiet til å underteikna kontrakt med Anders Jahres humanitære stiftelse om ei pengegåve på åtte millionar kroner til renovering av Observatoriet.

Av MARTIN TOFT

Dermed er det også slått fast ein gong for alle at Ibsensenteret skal flytta inn i bygningen. Det stadfestar også universitetsdirektør Tor Saglie.
- Det har det heller aldri vore nokon usemje om i Kollegiet, seier han.

- I kontrakten står det også at kuppelen og enkelte rom kan nyttast til dokumentasjon av den opprinnelege naturvitskaplege funksjonen til bygningen. Vil det seia at Observatoriets venner som vil ha eit museum for historia til naturvitskapen, kan nytta seg av den delen av bygningen?
- Ja, det er så absolutt planen. Men brukargruppa skal vurdera nærmare korleis hovudfløyen og bustadfløyen skal fordelast mellom Ibsensenteret og den delen som skal disponerast av eit museum for historia til naturvitskapen, fortel Saglie, som synest det er gledeleg med gåvepakka på åtte millionar kroner frå Jahrestiftelsen.
- Utan den kunne me ikkje ha renovert Observatoriet på mange år enno, forklarar han.

Dersom framdriftsplanane i kontrakten blir fylgde, kan renoveringsarbeidet ta til i april og vera avslutta om rundt eitt år. I kontrakten står det også at bygningen i dei første ti åra etter at den står ferdig, først og fremst skal nyttast til Senter for Ibsenstudiar. Dersom bruken av bygningen seinare blir endra, føreset det semje mellom universitetet og stiftelsen, heiter det i kontrakten.

Eit par dagar før kollegievedtaket, den 30 november, overrakte Det matematisk-naturvitskaplege fakultetets ad-hocutval sine planar for Observatoriet til universitetsleiinga. Utvalet leverte planar både for ei heilskapleg løysing og ei delt løysing. Sjølv tilrår utvalet den heilskaplege løysinga.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 19 1998

Publisert 11. des. 1998 15:43 - Sist endra 1. sep. 2014 13:46
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere