Nytt løns- og personalsystem utsett med to månader

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 19 1998


- Det nye løns- og personalsystemet (LØP-LP) som etter planen skulle ha blitt innført frå 1. januar, er utsett til 1. mars. Det opplyser prosjektleiar Jan Thorsen til Uniforum.

Av MARTIN TOFT

Det er den nasjonale styringsgruppa for LØP-prosjektet som denne veka kom fram til at innføringa av det nye løns- og personalsystemet måtte utsetjast med to månader. Dette løns- og personalsystemet er ei vidareføring av økonomisystemet (LØP-ØK) som blei innført tidlegare i år. Det er resultatet av dei siste testane av prosjektet som har gjort at styringsgruppa har koma fram til det var naudsynt med ei utsetjing. Dermed blir løna for dei tilsette ved Universitetet i Oslo også utbetalt ved hjelp av det gamle løns- og personalsystemet dei to første månadane av neste år. Alle LØP-prosjekta er nasjonale fellesprosjekt som både Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet i Trondheim (NTNU) deltar i. Til saman vil det nye løns- og personalsystemet kosta dei tre institusjonane elleve millionar kroner. Systemet er levert av selskapet Oracle som del av ein kontrakt med dataprodusenten IBM.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 19 1998

Publisert 11. des. 1998 15:43 - Sist endra 1. sep. 2014 13:46
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere