Våpenkvile i striden om Observatoriet

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 7 1999


Det kan gå mot eit kompromiss i striden om den framtidige bruken av Observatoriebygningen. Før helga var dekanane for HF- og MN-fakultetet i møte med rektoratet.

Av Martin Toft

OBSERVATORIET: Bygningen som alle vil ha, men som framleis ingen veit kven får. (Foto: Hanne Buxrud)

Alt tyder no på at det kan gå mot ei løysing i observatoriesaka. Etter det Uniforum kjenner til var både dekan Even Hovdhaugen ved HF-fakultetet og dekan Jan Trulsen ved MN-fakultetet sist fredag i møte med rektor Kaare R. Norum. Einaste punkt på saklista var Observatoriet. Samtidig har den tidlegare varsla kollegiehandsaminga av den framtidige bruken av Observatoriet blitt utsett frå 18. mai til 8. juni. Fram til då har både dei som vil ha Ibsensenteret inn i bygningen og dei som vil etablera eit museum for norsk naturvitskap der, lovd å liggja lågt og ikkje kome med fleire medieutspel. Samtidig har det gått rykte om at Jahrestiftelsen ikkje lenger set som eit ufråvikeleg vilkår at Ibsensenteret skal inn i bygningen for at stiftinga skal gi åtte millionar kroner til restaureringa av Observatoriet. Dette ryktet stemmer derimot ikkje, fortel styreformann for Jahrestiftelsen, Øyvind Fjeldstad.

  • For Jahrestiftelsen er framleis vilkåret for å gi åtte millionar kroner til restaurering av Observatoriet at Ibsensenteret skal inn i den bygningen. Avtalen Jahrestiftelsen har inngått med Universitetet i Oslo, er uforandra., seier Fjeldstad. I avtalen står det at Ibsensenteret skal halda til i Observatoriet i ti år frå innflyttingsdatoen. Han er likevel ikkje avvisande til tanken om eit museum for norsk naturvitskap.
  • Det kan uansett vera plass til eit slikt museum i kuppelen til Observatoriet, slår han fast. I dag held Norsk Musikksamling til i Observatoriet. Men frå 21. juni vil dei tilsette på musikksamlinga pakka ned både instrument, notar og andre kulturskattar og førebu seg på flytting til Indekshuset i Observatoriegata. Der vil Norsk Musikksamling gjenoppstå igjen rundt 2. januar år 2000.
  • Det vil føra til at musikkstudentar ved Universitetet i Oslo ikkje kan nytta seg av våre utlånstenester i dei seks månadane me er på flyttefot, seier avdelingsleiar Magne Seland ved Norsk Musikksamling. Og leiaren for Norsk Musikksamlings Venner, Per Buer minner om at dette også vil gå utover andre brukarar.
  • Både musikarar og komponistar som har vore flittige brukarar av Musikksamlinga, vil mista dette tilbodet i tida før dei nye lokala i Indekshuset blir opna. Det er synd at striden som to partar fører om Observatoriet, går verst utover ein tredje part, altså Norsk Musikksamling, meiner Buer.

I eit brev til Kollegiet tar Observatoriets Venner ved formann Kaare Aksnes til orde for at Musikksamlinga får vera i Observatoriet fram til samlinga kan flyttast inn i permanente lokale i Nasjonalbiblioteket. I det same brevet oppmodar Observatoriets Venner Kollegiet til ikkje å gjera vedtak om bruk av Observatoriet som gjer det umogleg å arbeida vidare med planane om eit naturvitskapleg museum i bygningen.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 7 1999

Publisert 7. mai 1999 16:22 - Sist endra 1. sep. 2014 13:49
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere