NATO har sett FN ut av spel

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 7 1999


Ljubisa Rajic, professor i skandinaviske språk ved Universitetet i Beograd. (Foto: Audun Skjervøy , Dag og Tid)

NATO har med handlingane sine i Jugoslavia overtatt FNs rolle som lovgjevande, dømmande og utøvande internasjonal makt. Difor kan det stillast spørsmål ved om FN eksisterer meir, skriv professor i skandinaviske språk ved Universitetet i Beograd, Ljubisa Rajic.

FN-avtalen byggjer på to prinsipp, at statane er suverene, altså at all innblanding utanfrå er forbode, og at krig ikkje er tillate som middel til å løysa konfliktar mellom statane.

Ved åtaket på Panama sette USA til side prinsippet om suverenitet med den grunngjevinga at general Noriega måtte arresteres på grunn av kriminelle handlingar, noko som er ukjent i folkeretten. Ved Resolusjon 678 om Irak ble krig konstituert som måte å løysa konfliktar på. Ved åtaket på Jugoslavia blei begge prinsippa sette til side, og det blei innført eit tredje prinsipp - at ei uynskt regjering eller styreform i eit land kan endrast ved militært åtak utanfrå. Grunngjevinga for dette er at menneskerettane er universelle og overordna suvereniteten, slik at ein kan bruka makt for å forandra styreforma i landet dersom den ikkje tilfredsstiller krava om menneskerettane. Dette har fleire konsekvensar.

Kollektiv avstraffing

NATO har ved ei eigenmektig handling ikkje berre oppheva FN-prinsippa, men også medvite hindra FN i å blande seg i konflikten.. NATO har dermed faktisk overtatt rolla som lovgjevande, dømmande og utøvande internasjonal makt heva over ei kvar form for kontroll. Difor må ein stilla spørsmål ved om FN eksisterer meir. Ved å bomba sivile mål i eit land som ingen av dei angripande landa har erklært krig mot fordi dei ser styreforma eller regjeringa som uynskt, har NATO innført kollektiv avstraffing av folket stikk i strid med gjeldande krigsrett som definerer slike handlingar som krigsbrotsverk.

NATO som eit multinasjonalt selskap

NATO opptrer no som eit multinasjonalt selskap med USA som hovudaksjonær og kjenner seg ikkje forplikta overfor nokon form for lov, verken internasjonal eller nasjonal, og til ein viss grad heller ikkje forplikta overfor medlemslanda sine lovgjevande styresmakter. Dermed er heile folkeretten praktisk talt suspendert. Dei politiske konsekvensane på det internasjonale plan er like ille. Me er eigentleg på veg inn i ein ny kald krig. Land som ikkje er med i NATO kjem til å oppfatta denne militære alliansen som ei åtakspakt retta mot alle som ikkje føyer seg etter pakta sine ynskjer.Ved ikkje å skilja mellom regjeringa i eit land og folket i landet, ved å konstituera kollektivt ansvar og ved å setja til side styresmaktene til eit land, må NATO-aksjonane prinsipielt definerast som okkupasjon.

Politiske fylgjer i Jugoslavia

Konsekvensane for det politiske livet i Jugoslavia er katastrofale. Moderate og antinasjonalistiske parti, frie media og organisasjonar er på det næraste utraderte som politiske faktorar. Dei står i ein umogleg situasjon med valet mellom å støtta regjeringa, noko som er rett fordi landet er under åtak, men dermed styrkja den, eller gå imot regjeringa, men få stempel som forrædar. Styresmaktene i Montenegro, som har vore kritiske mot regimet i Beograd, har truleg fått dødsskotet gjennom bombinga. Mentaliteten dreiar allereie meir tilbake til før-moderne forhold, parlamentarisk demokrati kjem allereie meir i vanry når me tar omsyn til kven som deltar i åtaket, forholdet til Vesten er blitt generelt verre (i november 1998 var det 42,5 % som meinte at Serbia skulle vera vestorientert mot 35,6% for austorientert), dei politiske og borgarlege rettane er blitt praktisk talt annullerte. Opposisjonen i Serbia kan no i beste fall halda ein låg profil og prøva å overleva både det innvendige trykket og bombene. Om lag det samme gjeld for partia og organisasjonane til dei andre folkegruppene.

Rolla til norske akademikarar

Kva kan så akademikarar i Noreg gjera i denne situasjonen? Dei kan støtta fredelege løysingar, kjempa mot krigspropaganda uansett kvar og kven den kjem frå, gå inn for å styrkja FNs rolle, støtta demokratiseringa, lata vera å bli styrt av kjensler framprovoserte av media, ikkje dela verda i albanarar, serbarar, nordmenn og.liknande, men i makthavarar og vanlege folk, og elles gjera alt det som blei gjort i gamle dagar då fredsrørsla var ei fredsrørsle og ikkje ei krigsrørsle.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 7 1999

Publisert 7. mai 1999 16:22 - Sist endra 1. sep. 2014 13:49
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere