Ibsensenteret må dela Observatoriet med eit museum for norsk
naturvitskap fram til år 2008.
Deretter må Ibsensenteret flytta tilbake til Nasjonalbiblioteket. Det
foreslår universitetsdirektør Tor Saglie overfor Kollegiet.
Av Martin Toft
I framlegget til vedtak står det at Kollegiet ber universitetsdirektøren vidareføra arbeida med ein generell restaurering av Observatoriebygningen med midlar frå Jahrestiftelsen. Deretter foreslår han at Kollegiet opprettheld vedtaket om at Senter for Ibsenstudiar blir lokalisert i Observatoriebygningen. Senteret med tilhøyrande Ibsenprosjekt blir lokalisert i bustaddelen (langfløyen) med eigen inngang på langsida, i tillegg til at tilhøyrande villa blir tatt i bruk. Når Nasjonalbiblioteket stiller lokale til disposisjon og seinast i år 2008, flyttar Ibsensenteret ut, står det i framlegget til vedtak.
Vidare heiter det at observatoriedelen og eventuelle naudsynte tilleggsareal i bustaddelen av Observatoriebygningen blir avsette til museale formål. Dette bør skje med utgangspunkt i utgreiinga frå adhocutvalet til Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet. Det vil seia Observatoriets og kartverkets historie, Abeljubileet, Birkeland-Eyde-jubileet, historia til nordlyset og Stiftelsen for ungdom og forsking, heiter det i framlegget. Universitetsdirektøren blir beden om å foreslå eit mandat for og samansetjing av eit utval som skal greia ut opprettinga av eit universitets-/vitskapshistorisk museum med lokalisering i heile eller delar av Observatoriebygningen, står det til slutt i framlegget til vedtak.
Nøgd
Formann for Observatoriets Venner, professor Kaare Aksnes, er godt
nøgd med innhaldet i dette framlegget.
- Eg er glad for at observaroridelen og andre rom skal setjast av til museale
formål. Dette er eit rimeleg kompromiss som gjer at begge partar kan
få glede av dei 8 millionar kronene frå Jahrestiftelsen, slår
han fast. Han trur også dette vil vera eit godt utgangspunkt for å
skaffa fleire sponsorar til Observatoriet. I dag har Statens kartverk og
Stiftelsen for ungdom og forskning allereie lovt å oppretta ei stilling
kvar i tilknyting til Observatoriet. Aksnes seier seg likevel lei for at Norsk
Musikksamling ikkje kan bli verande i Observatoriet.
- Det hadde vore mykje betre om Musikksamlinga kunne ha blitt verande i bygningen medan Ibsensenteret hadde blitt flytta til Indeksbygningen. Men det løpet er nok kjørt no, konstaterer Aksnes, som ikkje trur det vil bli vanskeleg å få vedtatt dette framlegget i Kollegiet.
Vonbroten
Styreleiar for Ibsensenteret, Helge Rønning, er vonbroten over innhaldet i framlegget og understrekar at trugsmålet frå styret om å trekkja seg framleis står ved lag.
- Viss ikkje Ibsensenteret får tilstrekkelege og permanente lokale, står me fast på styrevedtaket om at me vil stilla våre plassar til disposisjon, seier Rønning. Han opplyser også at styret for Ibsensenteret vil diskutera det endelege vedtaket til Kollegiet torsdag 10. juni. Avdelingsdirektør Sissel Nilsen ved Nasjonalbiblioteket, avd. Oslo, ser det førebels som heilt urealistisk å ha ferdig lokale til Ibsensenteret i år 2008.
- Førebels er ikkje det tredje byggjetrinnet med lokale over dei underjordiske magasina ein gong på teiknebrettet. Det vil dessutan krevja ei omregulering av området rundt Nasjonalbiblioteket. Det vil nok vera meir realistisk å få klar lokale til Ibsensenteret i år 2010, meiner Nilsen.
Kollegiet vil gjera endeleg vedtak i saka i sitt møte tysdag 8. juni.
Logg inn for å kommentere