Samrøystes storting: Forskingsinnsatsen skal nå OECD-nivå

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 9 1999



DRAHJELP: Stortingsrepresentant Rolf Reikvam håpar vedtaket om at norsk forskingsinnsats skal opp på OECD-nivå kan gi statsråd Jon Lilletun verdifull drahjelp i kampen om pengesekken.

- Det var eit politisk skup å få Stortinget til å vedta at den norske forskingsinnsatsen skal opp på OECD-nivå i løpet av dei næraste åra. Det seier mannen bak framlegget, stortingsrepresentant Rolf Reikvam frå SV.

Av Martin Toft (tekst og foto)

Det var tidlegare i vår at eit samrøystes storting gjekk inn for å be Regjeringa om å utarbeida ein plan slik at Noreg i løpet av dei neste åre er minst på nivå med gjennomsnitt for OECD-landa når det gjeld FoU-innsats målt i høve til BNP (bruttonasjonalprodukt).

Reikvam er SVs medlem av Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, og han kom med framlegget om å styrkja den norske forskingsinnsatsen i debatten om næringspolitikk inn i det 21. hundreåret.

- Eg håpar dette vedtaket kan vera med å gi drahjelp til statsråd Jon Lilletun når han skal kjempa for å få løyvd meir pengar til forsking, seier Reikvam, som ikkje har noko til overs for satsinga på eit IT- og kunnskapssenter på Fornebu.

- Det går ikkje an å vedta IT-industri på Fornebu. IT-verksemder vil automatisk dukka opp i tilknyting til der IT-kompetansen finst, altså rundt universiteta og høgskulane. Dette er ei heilt gal satsing som tilhøyrer fortida. Dessutan vil det bli altfor dyrt for datagründarar å etablera seg på Fornebu, meiner Reikvam, som kan garantera at SVs gruppe kjem til å stemma imot bygging av eit IT- og kunnskapssenter på den gamle flyplassen. Han talar likevel varmt for satsing på forsking ved universiteta.

- Det viktigaste er å satsa pengar på grunnforskinga. Viss ikkje den ligg på eit høgt nivå, vil det heller ikkje vera nok pengar til oppdragsforsking. Difor er det viktig å satsa på forskarutdanninga. Det vil i høgste grad vera ansvaret til universiteta, og difor er det viktig å få vist at innsatsen på dette feltet må aukast, understrekar han. Han ser fram til å lesa Forskingsmeldinga som skal leggjast fram denne veka. Eit tips går ut på at den kjem med framlegg om å dela universitetsbudsjettet inn i ein forskingsdel og ein undervisningsdel.

- Det kan vera fornuftig med ei form for synleggjering av dei to hovudoppgåvene til universiteta, men eg veit ikkje om dette er vegen å gå.

Men han synest at Universitetet i Oslo må bli flinkare til å synleggjera seg.

- Universitetet må vera med og kjempa om ressursar og fortelja kva gode og viktige roller universitetet kan spela for utviklinga av samfunnet. Det nyttar ikkje å stengja seg inne på Blindern og håpa at politikarane skal koma dit. Universitetsleiinga må koma hit til Stortinget og leggja sakene sine fram for oss politikarar. Forskarar og andre tilsette ved UiO må bli flinkare til å fortelja oss kva dei driv på med, oppfordrar Reikvam.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 9 1999

Publisert 3. juni 1999 15:26 - Sist endra 1. sep. 2014 13:53
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere