Statens kartverk vil inn i Observatoriebygningen

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 09 1998

- Me vil gjerne ta i bruk Observatoriebygningen som mottakingslokale og visingslokale for dei politiske kontaktane våre. På Hønefoss ligg me såleis litt for avsides til. Det seier kartverkssjef Knut O. Flåthen til Uniforum.

Av Martin Toft

{short description of image}POPULÆR BYGNING: Alle vil inn i Observatoriebygningen. Statens kartverk er den siste etaten som har meldt seg på i køen.

Frå før er det klart at Senter for Ibsenstudiar skal inn i Observatoriebygningen straks Norsk Musikksamling har flytta inn i Nasjonalbiblioteket. Det ligg det føre kollegievedtak på. Anders Jahres Humanitære Stiftelse har vedtatt å gi åtte millionar kroner til oppussing og restaurering av Observatoriebygningen på vilkår av at den skal takast i bruk av Senter for Ibsenstudiar. Vedtaket i Kollegiet har vekt stor oppstand blant fleire av dei tilsette ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet som vil gjera bygningen om til eit museum for naturvitskapshistoria i Noreg. No ynskjer også Statens kartverk å spela ei rolle i dramaet om Observatoriebygningens framtid. I eit brev til universitetsdirektør Tor Saglie viser kartverkssjef Knut O. Flåthen til at Christian Hansteen som bygde Observatoriebygningen, i 55 år var direktør for Noregs Geografiske Oppmåling som var forløparen til Statens kartverk. Han tek også med at den første kystkartlegginga av Nord-Noreg skjedde om lag då Hansteen tok huset i bruk.

Vil synleggjera Statens kartverk

Men Flåthen vil først og fremst ha Statens kartverk inn i Observatoriebygningen for å synleggjera Noregs eldste tekniske etat i hovudstaden.

- Statens kartverk feirar 225-årsjubileet sitt i år, og me kunne gjerne tenkja oss å visa kor viktig denne etaten er for det norske samfunnet, seier kartverkssjefen som synest det ofte blir litt upraktisk å ha hovudkvarteret på Hønefoss når dei skal pleia politiske og byråkratiske kontaktar. Men dette har han altså ei løysing på.

- Eg vil gjerne synleggjera Statens kartverk i hovudstaden med å flytta Fylkeskartkontoret for Akershus og Oslo inn i Observatoriebygningen. Dette kunne fungera som eit mottakings- og visingsstad for heile etaten, meiner Flåthen.

Avventande universitetsdirektør

Universitetsdirektør Tor Saglie stiller seg avventande til utspelet frå Statens kartverk.

- Det ligg føre eit kollegievedtak om at Senter for Ibsenstudiar skal inn i Observatoriebygningen samtidig som det blir gitt plass til ei utstilling for historia til huset. Viss Staten kartverk kan koma medverka til denne utstillinga, er etaten sjølvsagt velkomen til å gjera det, seier Saglie.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 09 1998
Publisert 10. juni 1998 16:47 - Sist endra 1. sep. 2014 13:40
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere