Digitale røntgenundersøkingar kan erstatta røntgenfilm

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 09 1998

Europeisk tannlegekongress i Oslo:

- Norden ligg i fremste rekkje når det gjeld utviklinga og utprøvinga av digitale røntgenundersøkingar som erstatning for tradisjonell røntgenfilm. Det seier professor Tore A. Larheim ved Det odontologiske fakultetet ved Universitetet i Oslo.

Av Martin Toft (tekst og foto)

{short description of image}
DIGITALISERING: Tre av dei fremste ekspertane i Noreg på digitale kjeverøntgenundersøkingar. Frå venstre: professor Tore A. Larheim, post.doc.-stipendiat Anne Møystad ved Noregs Forskingsråd og førsteamanuensis Dagfinn B. Svanæs.
{short description of image}
DIGITALISERT TANN: Slik kan tannlegane koma til å sjå tanna di i framtida.

Larheim leia organisasjonskomiteen for den europeiske tannlegekongressen som blei skipa til på Radisson SAS Hotel Scandinavia i Oslo i førre veke. 150 deltakarar frå 15 land kom saman for å diskutera ulike røntgendiagnostiske metodar for å undersøkja kjeve- og ansiktsregionen. Dei to hovudtemaene under kongressen var korleis ein kunne bruka avanserte medisinske radiologiske undersøkingar innan kjevediagnostikken, og om digitale røntgenundersøkingar av tenner vil kunne erstatta den røntgenfilmundersøkinga som kvar einaste tannlege har drive med i mest heile 100-årsperioden sidan røntgenstrålinga blei oppdaga. Larheim ser mange fordelar med dei nye digitale røntgenundersøkingane.

Meir miljøvennlege

- Først og fremst er dei mykje meir miljøvennlege, sidan me ikkje treng bruka kjemikalium. Etter at bileta har blitt overført til dataskjermen, kan dei også manipulerast, forstørrast og sendast elektronisk til tannlegar andre stader i landet eller i verda, som kan gi svar på spørsmål som andre tannlegar ikkje har kunnskap om, påpeikar Larheim. Det første systemet for å gjera røntgenundersøkingar av tenner utan bruk av vanlig røntgenfilm, blei introdusert på marknaden for om lag ti år sidan, og ei rekkje vitskaplege rapportar har vist at ulike filmlause system kan vera diagnostisk likeverdige med den vanlege røntgenfilmundersøkinga som blir utført hos tannlegar. I dag er det eit finsk system som er mest interessant fordi digitale røntgenundersøkingar kan utførast med velkjende innstillingsprosedyrar. Kort fortalt går systemet ut på å leggja ei fosforplate i munnen til pasienten. for å ta eit bilete av det aktuelle munnpartiet. Deretter legg ein fosforplata i ein laserscanner, og det ferdige biletet kjem opp på skjermen eit halvt minutt seinare. Tannlegeprofessoren ser store fordelar med desse digitale undersøkingane, men han trur likevel det vil ta ei god stund før dette blir standardutstyr på alle tannlegekontor i Noreg.

Norden og Europa lengst framme

- Systemet er framleis i startfasen, og det vil enno vera ganske dyrt å skaffa seg dette utstyret. Men dei odontologiske forskingmiljøa i Norden og Europa leiar an i denne utviklinga, og difor har det kome mange tannlegar frå USA og Japan til denne kongressen. Larheim blei nyleg invitert til eit forskingsår i USA, og han er også invitert til å halda fleire gjesteførelesingar ved ein internasjonal kongress og ved fleire universitet i Japan.Klinikk for odontologisk røntgenologi ved Det odontologiske fakultetet ved UiO, er eit av dei miljøa som allereie har skaffa seg dette utstyret, understrekar han. I hard konkurranse med dei andre forskingsmiljøa i Noreg, fekk røntgenavdelinga nyleg ei løyving på 1, 5 millionar kroner frå Noregs Forskingsråd. Pengane skal brukast til innkjøp av utstyr og vidareutvikling av digitale røntgenundersøkingar.

- Dette er eit godt døme på kor langt framme Det odontogiske fakultetet ved UiO ligg, når det gjeld forsking på digitale tannundersøkingar, meiner Larheim.

 

 

 

.

 

 


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 09 1998
Publisert 10. juni 1998 16:47 - Sist endra 1. sep. 2014 13:40
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere