Betre informasjonsstrategi ved UiO

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 09 1998

Styringsgruppe vil ha:

  • Eigen formålsparagraf for Uniforum og Apollon
  • Auka vekt på elektronisk informasjon
  • Sentralbordet bør knytast til Informasjonsavdelinga

Av Martin Toft

Dette er tre av framlegga som Styringsgruppa for informasjonsprosjektet ved Universitetet i Oslo har lagt fram. Styringsgruppa som er blitt leia av assisterande informasjonsdirektør Inger Stray Lien har gått gjennom heile informasjonsverksemda ved UiO

Statleg informasjonspolitikk

Mandatet til gruppa har vore å vurdera korleis det er mogleg å løysa behovet til universitetet for ekstern og intern informasjonsverksemd, finna ut korleis informasjonsarbeidet kan hjelpa til med å løysa primæroppgåvene til universitetet og synleggjera posisjonen og oppgåva til universitetet i samfunnet. Dessutan skulle Styringsgruppa vurdera korleis informasjonsarbeidet kan hjelpa til med å styrka forholdet mellom universitetet og samarbeidspartnarane til institusjonen, departement og andre interessentar. Styringsgruppa meiner at Universitetet i Oslo må ha som eit overordna prinsipp å leggja den statlege informasjonspolitikken til grunn for informasjonsverksemda si. Informasjonsavdelinga har ansvaret for at dei felles informasjons- og kommunikasjonskanalane som institusjonen har, det vil seia Uniforum, Apollon, offisielle web-sider og den elektroniske oppslagstavla fungerer på ein effektiv og formålstenleg måte og passar på at dei blir brukte slik at dei utfyller kvarandre, heiter det i kortversjonen av rapporten frå styringsgruppa.

Desentralisert informasjonsansvar

Det blir også presisert at kvart fakultet, institutt, senter, museum og sentral fagavdeling ved UiO sjølv har ansvaret for å planleggja og budsjettera sine eigne informasjonsoppgåver. Informasjonsavdelinga skal først og fremst gi faglege råd om korleis ei oppgåve kan løysast, rettleia ved bruk av eksterne tenester, gi råd om nyttige kanalar eller presseorgan og formidla kontakt. Styringsgruppa ser for seg ei inndeling av Informasjonsavdelinga etter fylgjande arbeidsoppgåver: produksjon (internavis, forskingmagasin, grafisk design, foto, korrektur m.m.), koordinering, rådgjeving og opplæring(elektronisk informasjon, profilering, kurs, mediehandtering og marknadsføring, arrangement (kongressar, utstillingar, forskingsdagar, besøksprogram og universitetsseremoniar, og avdelinga må også ha ein stabsfunksjon med ansvar for adresselister, arkiv, utsendingar, fakturering m.m. Dessutan gjer altså Styringsgruppa framlegg om å ta opp til vurdering om sentralbordet bør knytast til avdelinga. Styringsgruppa meiner at sentralbordet på denne måten lettare kan sikrast oppdatert informasjon, noko som kan gi betre service både internt og eksternt. Det blir ikkje oppretta fleire stillingar i Informasjonsavdelinga, anna enn at det blir overført ei stilling til avdelinga frå kontoret til Universitetsdirektøren.

Formålsparagraf for Uniforum og Apollon

Styringsgruppa kjem også med framlegg om ein eigen formålsparagraf for Uniforum og Apollon. Formålsparagrafen for begge avisene understrekar at dei skal verna om ytringsfridomen og at redaktøren skal fremja sakleg og fri informasjons- og opinionsformidling. Det blir også lagt vekt på at Uniforum skal vera ein kanal der både leiinga og dei tilsette kjem til orde. For Apollons del blir det presisert at tidsskriftet skal reflektera kvaliteten og breidda i forskingsaktiviteten ved Universitetet i Oslo. For både Uniforum og Apollon blir det understreka at redaktøren har det personlege og fulle ansvaret for innhaldet i avisa/tidsskriftet. Rapporten til Styringsgruppa blir no sendt ut til høyring før den skal handsamast og endeleg vedtakast i Kollegiet.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 09 1998
Publisert 10. juni 1998 16:47 - Sist endra 1. sep. 2014 13:40
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere