Observatoriet må bli eiga kollegiesak

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 17 1998


Bøn frå vitskapsfolk:

Kollegiet må ta opp den framtidige bruken av Observatoriet som eiga sak. Det er bøna fleire vitskapsfolk ved universitetet framfører i eit brev dei har sendt til alle kollegiemedlemane.

Av Martin Toft

 
OBSERVATORIEBYGNINGEN: Dette er bygningen som fleire vitskapsfolk ved UiO ynskjer skal husa eit eige museum for naturvitskapen. Senter for Ibsenstudiar skal etter planen flytta inn når bygningen er ferdig restaurert. (Foto: Ståle Skogstad)

I brevet blir det hevda at Kollegiet aldri har handsama spørsmålet om korleis Observatoriet skal nyttast i framtida som eiga sak. Vidare i brevet står det at det under ei sak med ei heilt anna overskrift er gjort vedtak som har konsekvensar for bruken av bygningen. Her siktar brevet til kollegievedtaket frå 30. september i fjor om å lata Senter for Ibsenstudiar flytta inn i bygningen.

Osnes blant underskrivarane

Blant underskrivarane av dette brevet finn me tidlegare rektorkandidat Eivind Osnes, biologiprofessor Arne Løvlie, professor i sosialøkonomi Tore Thonstad og førsteamanuensis Arne B. Sletsjøe ved Matematisk institutt. Sistnemnde står fast på at det er naudsynt å etablera eit museum for historia til naturvitskapen i denne bygningen.

- Det er behov for eit utadretta museum for naturvitskapen for å vekkja oppatt interessa for realfaga. Det er også viktig at det kjem eit slikt museum i Observatoriebygningen nettopp fordi det blei bygd som arbeidsstad for professor Christopher Hansteen, som blei kjent for forskinga på jordmagnetismen, seier Sletsjøe. Han håpar eit slikt museum kan vera med på å snu den teknologifiendslege haldninga, som han hevdar finst i dagens lærebøker.

Saglie inviterer til møte

I eit notat frå universitetsdirektør Tor Saglie til Kollegiet går det fram at han inviterer dei ulike interessentane til bygningen, blant dei Observatoriets venner, til å delta i eit eige møte om fordelinga av areala i bygningen. Dette møtet blei halde i førre veke, og i Kollegiemøtet denne veka var planane for Observatoriebygningen oppe som eiga prienteringssak.

Av notatet går det dessutan fram at arbeidet med Observatoriebygningen skal setjast i gang til våren og bli avslutta rundt 1. januar år 2000. Ein spørjerunde som Uniforum har gjort til medlemane av Kollegiet viser at i alle fall tre av dei, Sigrid Angen, Rolv Mikkel Blakar og Berit Smestad Paulsen, er opne for å støtta førespurnaden om å handsama framtida til Observatoriet som eiga sak i Kollegiet.

Norum medlem i Observatoriets venner

Nyvald rektor Kaare R. Norum er også medlem i Observatoriets venner.

  • Eg melde meg inn før eg blei vald til rektor. Det gjorde eg fordi eg er glad i bygningen. Eg vil gjerne vera med på å koma fram til ei god løysing for alle partar når det gjeld bruken av denne bygningen, seier Norum. Han vil ikkje kommentera førespurnaden om å handsama framtida til Observatoriebygningen som eiga sak.
  • Men eg synest det er hyggeleg at Jahrestiftelsen har gitt åtte millionar kroner til restaureringa av Observatoriebygningen. Eg kan ikkje sjå at det legg bindingar for universitetet sine planar med bygningen, meiner han.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 17 1998

Publisert 12. nov. 1998 15:00 - Sist endra 1. sep. 2014 13:45
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere