Millionløyving kan gi ein tryggare Blindern-diagonal.
Av Martin Toft
Ei løyving på tre millionar kroner frå UiO, Samferdsleetaten i Oslo og Statsbygg har gjort det mogleg å setja i gang forarbeidet med ein lokal kulvert i kryssingspunktet mellom den nye trikkelinja til Rikshospitalet på Gaustad og riksvegen i Gaustadbekkdalen. Finansieringa har blitt ordna ved at UiO tar 1,2 millionar kroner av kostnadane medan Statsbygg og Samferdsleetaten løyver resten. Det vil gjera det mogleg å leggja heile veg- og tunnelprosjektet Blinderndiagonalen i ein kulvert gjennom Gaustadbekkdalen. Fylgjen vil bli både betre trafikkavvikling, trafikktryggleik og utnytting av arealet for UiO.
- Dette vil truleg kosta 40 millionar kroner i tillegg, og det vil også innebera at reguleringsplanen for området må endrast, fortel direktør Karen M. Helle i Samferdsleetaten til Uniforum. Ho tvilar på at Oslo kommune er villig til å betala desse kostnadane.
- Eg har fått klare signal frå byråd for miljø og samferdsel, Merethe Agebakk- Jensen om ikkje å gå vidare med denne saka. Difor må truleg statlege styresmakter trå til for å få finansiert ein alternativ trasé for Blindern-diagonalen, trur Helle. Universitetsdirektør Tor Saglie har tidlegare understreka overfor Uniforum at det av omsyn til vidare utbygging er viktig for universitetet å få lagd Blindern-diagonalen i kulvert.
Logg inn for å kommentere