Besøksadresse
NEMKO-bygningenGaustadalleen 30 D
Sundag 14. mai kan opposisjonskandidaten Kemal Kiliçdaroglu vinna presidentvalet i Tyrkia og overta etter Recep Tayyip Erdogan. – Det er ikkje sikkert det blir ein dans på roser i fem år, men dei kan få til ein del ting, er vurderinga til Tyrkia-ekspert Einar Wigen på UiO.
– Alle universiteta i Tyrkia er no kontrollerte av rådet for høgare utdanning. Derfor er autonomien til universiteta avgrensa, fortel Erkan Saka på Istanbul Bilgi University. Men Süleyman Irvan på Ûsküdar Unversity nektar likevel å driva med sjølvsensur.
– Sjølv om eg er frikjent for alle skuldingar om støtte til terrorisme, har ingen enno opna døra tilbake til akademia for meg. Det fortel jussprofessor Isthar Gözaydin frå Tyrkia, som blei tildelt UiOs menneskerettspris i 2017.
Akademikarane Erol Koroglo og Mirat Sevinc skreiv i 2016 begge under på ei oppfordring til Tyrkias regjering om å ta opp igjen fredsforhandlingane med dei kurdiske opprørarane. Den eine fekk halda fram i jobben som litteraturprofessor, medan den andre fekk sparken som jussprofessor.
Med klassisk musikk og talar av rektor Svein Stølen og leiar for Studentparlamentet, Oline Sæther markerte UiO i dag jordskjelvtragedien for tyrkiske og syriske studentar og tilsette.
– Uansett kor mykje du har sett det på fjernsynsskjermen, så viser det berre ein bitte liten del av storleiken på desperasjonen, øydeleggingane, tapa og sorga. Det finst ikkje ord som kan skildra det, seier den tyrkiske TV-produsenten Güldenay Sonumut. Både ho og kollegaen Nida Kara trur jordskjelvet kan få fylgjer for presidentvalet i mai.
Tyrkia vil enno ikkje godkjenna Sverige som NATO-medlem. – Sverige håpar likevel å møta Tyrkia også som leiar av EU-formannskapet, seier Sveriges ambassadør Cecilia Björner.
Me vil be regjeringa, studentar og akademikarar i Noreg om å visa at dei støttar kampen som studentar og universitetslærarar i Tyrkia fører for å redda det vesle som no er igjen av akademisk fridom i Tyrkia, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.
Da organisasjonen METU LGBTI+ Solidarity søkte om å bli en offisiell studentorganisasjon ved universitetet i Ankara, fikk de avslag, med begrunnelsen: "Det finnes ikke homofile studenter ved dette universitetet." Nå mottar de Studentenes fredspris.
Idil Eser risikerer mellom 7 1/2 og 15 år i tyrkisk fengsel. Amnesty Tyrkias tidlegare generalsekretær som no arbeider på UiO, er skuffa. – Me har skaffa mange bevis som frikjenner oss.
Den kvinnelege imamen Seyran Ates frå Berlin fekk torsdag 5. desember overrekt Universitetet i Oslos menneskerettspris i Gamle festsal i Urbygningen.
– Eg blei nervøs. Men eg kom over det. Det vedgår Ishtar Gözaydin etter at den tyrkiske ambassadøren Fazlı Çorman stilte henne kritiske spørsmål etter foredraget hennar på UiO om akademisk fridom i Tyrkia.
I dag kom tyrkiske Ishtar Gözaydin endeleg til Oslo, to år etter at ho fekk tildelt Universitetet i Oslos menneskerettspris.
Vinnaren av UiOs menneskerettspris i 2017, tyrkiske Ishtar Gözaydin har fått oppheva utreiseforbodet og fått passet sitt tilbake. – No er eg kjempeglad, seier ho til Uniforum.
– Eg trur ikkje situasjonen i Tyrkia blir betre på kort sikt, men på lang sikt har eg håp for landet mitt. Det seier Idil Eser som tidlegare var generalsekretær for Amnesty i Tyrkia. No er den tidlegare fangen på UiO for å forska på norske fengsel.
Norske PEN, Den norske legeforening og forskerens familie i Norge prøver å engasjere norske myndigheter.
Frå september 2017 til 31. august I år blei det rapportert om 294 åtak på høgare utdanning i verda. To av landa det for tida er farlegast å vera akademikar eller student i, er Nicaragua og Tyrkia, melder Scholars at Risk i rapporten «Free to Think 2018».
– Om ikkje me som eit lite land står opp for folkeretten, vil me tapa på det. Dei sterkaste skal ikkje vinna fram fordi dei er dei sterkaste.Det understreka Noregs utanriksminister Ine Marie Eriksen då ho heldt ARENA-førelesinga på Universitetet i Oslo i går ettermiddag
– Eg er svært skuffa over generalsekretær Thorbjørn Jagland og Europarådet og behandlinga av brota på menneskerettane i Tyrkia. Etter mi meining har Jagland ofra menneskerettane, seier Erol Önderoglu, leiar for Reporterar utan grenser i Tyrkia. Denne veka fall dommen over journalistane i avisa Cumhuriyet.
Vinnaren av UiOs menneskerettspris 2017, Isthar Gözaydin blei i Istanbul i dag frifunnen for skuldingane om at ho har støtta terrorisme.
Istanbul: Avgjerda i rettssaka mot tyrkiske Ishtar Gözaydin er utsett til onsdag 17. januar. Det bestemte domstolen i Istanbul før helga. UiOs menneskerettspris blei også eit tema.
Istanbul: I morgon formiddag skal Isthar Gözaydin møta for domstolen i Istanbul i Tyrkia. I haust fekk ho tildelt Universitetet i Oslos menneskerettspris, og dermed blir ho den første i historia av desse prisvinnarane som vert stilt for retten etterpå.
I dag tidleg klokka sju startar dei første rettssakene mot akademikarane som i januar 2016 skreiv under på oppfordringa til Tyrkias regjering og dei kurdiske gruppene om å starta fredsforhandlingar. Dei kan få ein dom på sju og eit halvt år i fengsel.