Seyran Ates fekk overrekt UiOs menneskerettspris

Den kvinnelege imamen Seyran Ates frå Berlin fekk torsdag 5. desember overrekt Universitetet i Oslos menneskerettspris i Gamle festsal i Urbygningen.

To kvinner sit i kvar sin stol og samtalar i Gamle festsal

IMAM: Den kvinnelege imamen Seyran Ates frå Berlin fekk torsdag 5. desember utdelt UiOs menneskerettspris. Her sit ho i samtale med teologidekan Aud Tønnessen som også er medlem i  priskomiteen.

Menneskerettsprisvinnaren Seyran Ates fekk utdelt prisen av rektor Svein Stølen ved Universitetet i Oslo. Før prisoverrekkinga fortalde ho litt om bakgrunnen sin og kvifor ho starta kampen mot tvangsgifte og til slutt valde å grunnleggja sin eigen moskè med seg sjølv som imam.

– Utdanning

– Utdanning er den viktigaste grunnen til at eg er her i dag. Det skjedde den dagen då eg var seks år gammal og dei fattige foreldra mine kom til Tyskland.  Då begynte eg på skulen og lærte tysk og gjennom tysken opna heile verda seg for meg, fortalde Seyran Ates i ein samttale med medlem i priskomiteen, dekan Aud Tønnessen ved Det teologiske fakultetet. 

UiOs menneskerettspris:

- blei starta av Lisl og Leo Eitinger gjennom etableringa av fondet som ber deira namn i 1984

.- prisen er eit symbol på anerkjenninga av personleg engasjement og aktiv involvering  innanfor for ein eller fleire av menneskerettane. 

(Kjelde: UiO)

Seyran Ates er utdanna jurist Ho er fødd i Istanbul, har tyrkisk mor og kurdisk far. I fylgje ei pressemelding som Universitetet i Oslo tidlegare har sendt ut, har ho gjennom ein lang karriere jobba for ytringsfridomen, menneskerettar, og mot religiøse fordommar. Menneskerettsprisvinnaren er spesialist i straffe- og famierett, og ho har mellom anna arbeidt for å få på plass lovgiving i Tyskland som vernar mot tvangsgifte.

Då ho var  jusstudent og rådgjevar for tyrkiske kvinner, blei ho på 80-tallet utsett for eit attentat. Ho har også fått fleire dødstrugsmål på 2000-talet. I 2017 etablerte ho den liberale Ibn Rushd-Goethe-moskeen i Berlin. Den ligg inne i ei protestantisk kyrkje.

– Mine englevakter

Sjølv om ho må ha livvakter rundt seg heile tida, meiner ho at det er naudsynt for å kunna forsvara demokrati og fridom for alle.

– Dei er mine englevakter, og dei er viktige for dei vernar ikkje berre meg, men også demokrati, fridom og fred, sa ho. 

Og ho tykte det var fint å ha tatt initiativet til og vera leiar eller imam for ein moské. 

– Mange kom til meg og sa at eg var den einaste som kunne hjelpa dei. Så då eg opna moskeen blei folk svært takksame, fortalde ho.

Har fått fiendar

Seyra Ates har fått mange fiendar. 

– Det skjedde etter at eg gav ut boka " Islam needs a sexual revolution." Mange meinte at eg framstilte døtrene deira som horer eller prostituerte, fortalde ho.

Fleire gonger har det kome dødstrugsmål mot moskeen. 

– For nokre personar er det ei ansvarleg fridomshandling å stå opp for menneskerettane. I Tyrkia set dei folk som kjempar for menneskerettane i fengsel. Kva type demokrati er det eigentleg president Recip Erdogan står for? spurte ho retorisk.

Fekk ein vekkjar i Den blå moskeen i Istanbul

Og ho kunne også fortelja nøyaktig når ho blei medviten på kva posisjon kvinner har i islam.

– Islam er eigentleg ein svært plural religion som finst frå Marokko i vest til Kina i aust.  Då eg var i Den blå moskeen i Istanbul og opplevde at kvinner ikkje kunne gå heilt fram til den øvre delen  inne i moskeen, forstod eg at kvinner blei behandla annleis enn mennene i moskeane, sa ho. 

FÅR MENNESKERETTSPRI: Seyran Ates får utdelt UiOs menneskerettspris av rektor Svein Stølen. Bak står prorektor Gro Bjørnerud Mo. (Foto: Martin Toft)

Seyran Ates nytta også høvet til å visa at ho var glad for å få tildelt denne prisen.

– Mange takk for at de gir meg ein pris for mine fredelege reformer i Islam. Det vil gi ei ekstraordinær hjelp til kollegaene mine og meg, sa ho.  

Uniforum kjem om kort tid med eit lengre intervju med Seyran Ates. 

Utdelinga av UiOs menneskerettspris til Seyran Ates innleidde også Oslo Peace Days som har utdelinga av Nobels fredspris den 10. desember som høgdepunkt. Det blir også arrangert fleire aktuelle temamøte om fred og demonstrasjonar for menneskerettar rundt omkring i verda.

 

 

 

Emneord: Menneskerettar, UiOs priser, Tyrkia, Islam Av Martin Toft
Publisert 6. des. 2019 01:00 - Sist endra 10. des. 2019 12:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere