Den tyrkiske påtalemakta bestemte å utsetja rettssaka mot ti av underskrivarane av erklæringa til Academics for Peace til 12.april neste år. Det fekk dei ti akademikarane beskjed om då dei møtte opp i rettslokala i Istanbul tysdag 5. desember, melder den engelskpråklege utgåva av avisa Hürriyet og andre kjelder.148 av dei til saman 1128 underskrivarane er tiltalte for å ha støtta ein terroristorganisasjon. Dei kjem frå 89 universitet i Tyrkia. Academics for Peace blei sett i gang i januar 2016 for å krevja at tyrkiske styresmakter og dei væpna kurdiske gruppene i Søraust-Tyrkia, innstilte krigshandlingane og starta fredsforhandlingar. Akademikarar frå mange land har protestert mot dei varsla rettssakene, ein av dei er den verdskjende amerikanske lingvisten Noam Chomsky.
Tyrkia utsette rettssak mot 10 akademikarar
Publisert 8. des. 2017 11:41
- Sist endra 8. des. 2017 11:41
Logg inn for å kommentere