Tyrkia stiller fredsaktivistar for retten i dag

I dag tidleg klokka sju startar dei første rettssakene mot akademikarane som i januar 2016 skreiv under på oppfordringa til Tyrkias regjering og dei kurdiske gruppene om å starta fredsforhandlingar. Dei kan få ein dom på sju og eit halvt år i fengsel.

FOR RETTEN: Tyrkia begynner i dag rettssakene mot alle 148 av dei som skreiv under oppfordringa frå Academics for Peace om fred i i dei kurdiske områda. Nokre av dei  har tidlegare jobba her ved Istanbul University.

Foto: Martin Toft

Over 500 av dei som skreiv under oppfordringa til «Academics for Peace»  om at det måtte setjast i gang fredsforhandlingar mellom Tyrkias regjering og dei væpna kurdiske

Tidslinje for situasjonen for akademikarar i Tyrkia:

11. januar 2016: Academics for Peace publiserer kravet om stans i krigshandlingane i dei kurdiske områda og at partane startar fredsforhandlingar.

Februar 2016:  Dei første akademikarane får sparken eller blir arresterte for å ha skrive under på kravet frå Academics for Peace.

15. juli 2016: Kuppforsøk mot president Recip Tayyip Erdogan. Mange hundre soldatar og sivile blir drepne.

16. juli 2016: Presidenten startar arrestasjonar av akademikarar, juristar og andre som han skuldar for å sympatisera med Fethullah Gülen .

23. juli 2016: 15 universitet som skal vera finansierte av Gülen-rørsla blir stengde av styresmaktene. 

17 000 tilsette innanfor høgare utdanning mista jobbane sine fram til september 2016. 

2017: Over 100 000 akademikarar, juristar, journalistar og byråkratar har mista jobbane sine. 

gruppene i Søraust-Tyrkia, har mista jobbane sine på universiteta gjennom å få sparken, bli tvangspensjonerte eller å få ei skriftleg oppseiing. Fire av dei blei også arresterte.  Til saman skreiv 1128 akademikarar ved 89 universitet under på oppfordringa. Det same gjorde 355 akademikarar utanfor Tyrkia.

Les også i Uniforum: Fekk sparken etter akademikarprotest i Tyrkia

Først i dag, nesten to år etter at underskrivingsaksjonen blei sett i gang, kjem dei første sakene opp for retten.  Alle dei 148 aktivistane er skulda for å ha drive propaganda for ein terroristorganisasjon. Dei tyrkiske styresmaktene tenkjer då på den væpna gruppa Det kurdiske arbeidarpartiet (PKK/KCK). 100 av dei kan bli dømde etter artikkel 7/2 i den tyrkiske antiterrorlova. Den kan gi fengsel i opptil sju og eit halvt år, dersom dei blir funne skuldige. Kvar av dei skuldige må gå gjennom ei ti minutt lang rettssak.  Dei første begynner i Istanbul i morgon, og så vil dei halda fram heilt til april 2018. «Dette er eit trugsmål ikkje berre imot kollegane våre, men mot alle som bryr seg om ytringsfridom og akademisk fridom, skriv «Academics for Peace» i ei pressemelding.  

Les også i Uniforum: Ni rektorer med brev om Tyrkia til statsministeren

Begynner  i Istanbul

Dei første sakene vil bli handsama individuelt med ti minuttar mellomrom  ved Istanbul Criminal Court. På tiltalebenken sit underskrivarar frå Istanbul University og Galatasaray University. Seinare på dagen kjem det opp saker mot  andre underskrivarar frå Marmara Universty, Yildiz Technical University, Istanbul Technical University, Özyegin University og Kemerburgaz University.  Dei komande dagane vil det koma opp liknande individuelle saker på ti minutt kvar ved forskjellige domstolar over heile landet.

«Ideen om akademisk fridom står for retten»

Talspersonane for Academics for Peace meiner at grunnen er at styresmaktene vil hindra at underskrivarane skal stå saman og bli einige om ein felles strategi mot den likelydande tiltalen mot alle desse aktivistane. Dei meiner at det ikkje berre er dei individuelle aktivistane som no står for retten, men også ideen om akademisk fridom og forsvararane av denne fridomen over heile verda.  Academics for Peace oppfordrar no støttespelarar over heile verda til å senda observatørar til rettssakene og til å be tyrkiske styresmakter og styresmaktene i heimlanda deira til å stansa heksejakta på akademikarar og akademisk fridom i Tyrkia.  

Les også i Uniforum: Arresterte domarar og juristar i Tyrkia ventar framleis på tiltalen

Noam Chomsky støttar Academics for Peace

Dei har fått solid støtte av den verdsberømte amerikanske lingvistprofessoren Noam Chomsky frå Massachusetts Institute of Technology (MiT) . « Det er ingenting i erklæringa som støttar terrorisme på nokon som helst måte. Forsøket i tiltalen på å få ein appell om fred og rettferd til å bli ei støtte til terrorisme, bør ikkje bli tolerert i eit samfunn som set pris på fridom og grunnleggjande menneskerettar», skriv Noam Chomsky i ei støtteerklæring til Academics for Peace.

Les også i Uniforum: Tyrkiske Erkan Saka: – Eg lever i større frykt i år enn i fjor

"Propaganda for terrorisme"

Den tyrkiske påtalemakta meiner at underskrivarane av Academics for Peace si oppfordring til fred har drive propaganda for terrorisme, legitimert terroristorganisasjonen PKK/KCK,  sverta den tyrkiske republikken både nasjonalt og internasjonalt, provosert publikum med mål om å øydeleggja fred og integritet i landet. Samtidig har underskrivarane, etter dei tyrkiske styresmaktene si meining, bede internasjonale aktørar om å blanda seg inn i Tyrkias interne saker. Påtalemakta ber derfor om at dei mistenkte blir straffa i samsvar med det lova seier om slike alvorlege skuldingar. 

RETTSSAK: 148 av underskrivarane til Academics for Peace må møta i retten frå i dag og fram til april. Dei støtta alle kravet om at den tyrkiske regjeringa og dei væpna kurdiske gruppene måtte begynna med fredsforhandlingar.No er dei alle skulda for å støtta ein terroristorganisasjon. Uniforum har tidlegare møtt folk nær Academics for Peace i Tyrkia.(Foto: Ola Sæther, Uniforum)

Rettssakene mot 148 av aktivistane tar til i dag, og vil altså halda på fram til april neste år. Ein av fredsaktivistane Uniforum har vore i kontakt med, må møta i rettssalen i slutten av januar. Det må også vinnaren av UiOs- menneskerettspris for 2017, jussprofessoren,Ishtar Gözaydin. Ho er skulda for å tilhøyra ein væpna terrororganisasjon.

(Kjelder: Academics for Peace/ American PEN/Times Higher Education, ANF News)

 

 

Emneord: Tyrkia, Menneskerettar, Akademisk frihet Av Martin Toft
Publisert 5. des. 2017 00:15 - Sist endra 5. des. 2017 00:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere