- Thorbjørn Jagland har ofra menneskerettane i Tyrkia

– Eg er svært skuffa over generalsekretær Thorbjørn Jagland og Europarådet og behandlinga av brota på menneskerettane i Tyrkia. Etter mi meining har Jagland ofra menneskerettane, seier Erol Önderoglu, leiar for Reporterar utan grenser i Tyrkia. Denne veka fall dommen over journalistane i avisa Cumhuriyet.

KRITISK JOURNALISTIKK: Alle journalistar som skriv kritisk om regjeringa sin politikk, kan bli skulda for å vera spionar og terroristar, meiner Erol Önderoglu, leiar for Reporterar utan grenser i Tyrkia.

Foto: Ola Sæther

Akademikarar, journalistar og redaktørar blir framleis arresterte og halde fengsla i Tyrkia. Onsdag denne veka dømde ein domstol i Siliviri utanfor Istanbul 14 journalistar og redaksjonsleiarar i opposisjonsavisa Cumhuriyet til fengsel  frå fem til sju år. Dei er alle skulda for å støtta og vera allierte med ein terrororganisasjon som dei sjølve ikkje er medlemar i, nemleg Gülen-rørsla. Det er organisasjonen som blir leidd av Fehullah Gülen, som president  Recep Tayyip Erdogan meiner stod bak kuppforsøket mot han den 15. juli 2016.  

Tidslinje for situasjonen for akademikarar og pressefolk i Tyrkia:

11. januar 2016: Academics for Peace publiserer kravet om stans i krigshandlingane i dei kurdiske områda og at partane startar fredsforhandlingar.

Februar 2016:  Dei første akademikarane får sparken eller blir arresterte for å ha skrive under på kravet frå Academics for Peace.

15. juli 2016: Kuppforsøk mot president Recip Tayyip Erdogan. Mange hundre soldatar og sivile blir drepne.

16. juli 2016: Presidenten startar arrestasjonar av akademikarar, juristar og andre som han skuldar for å sympatisera med Fethullah Gülen .

23. juli 2016: 15 universitet som skal vera finansierte av Gülen-rørsla blir stengde av styresmaktene. 

17 000 tilsette innanfor høgare utdanning mista jobbane sine fram til september 2016. 

2017: Over 100 000 akademikarar, juristar, journalistar og byråkratar har mista jobbane sine. 

2018: 16. februar: Den tysk-tyrkiske journalisten Deniz Yüsel blei sett fri etter 11 månader i fengsel. Mehmet Altans fengselsdom blei oppretthalden av ein lågare rett.

2018: 25. april: 14 journalistar og redaksjonsleiarar i Cumhuryiet blei dømde til lange fengselsstraffer skulda for å "ha hjelpt ein terrororganisasjon dei ikkje er medlemar i."

– Inga straff kan stansa oss frå å driva med journalistikk. Om naudsynt, vil me gå i fengsel igjen, men me vil halda fram med å utføra ærleg og god journalistikk, sa ansvarleg redaktør Murat Sabuncu etter å ha blitt dømt til fengsel i sju år og seks månader, skriv The Guardian denne veka. Ein av dei som blei dømde til fengselsstraff, var Ahmet Sik , som er ein av dei som har vore mest kritiske til Gülen-rørsla i Tyrkia. Han er dømt til sju og eit halvt år i fengsel. No er til saman 160 journalistar i fengsel i Tyrkia, ifylgje pressefridomsgruppa P24.

Denne veka blei også 2018-årgangen av lista over landa med mest og minst pressefridom  kunngjort av «Reporterar utan grenser» i samarbeid med Fritt Ord i Oslo. Der hamnar Tyrkia på 157.-plass av 180 land, medan Noreg og Sverige kjem på første- og andreplass. Aller minst pressefridom er det i Nord-Korea som endar heilt sist.

I Tyrkia leier Erol Önderoglu Reporterar utan grenser. Han driv i hovudsak og hjelper tyrkiske journalistar og utanlandske journalistar og akademikarar som skal skriva om situasjonen for pressefridomen, ytringsfridomen og menneskerettane i Tyrkia. 

– Erdogan vil ta over all presse

Då Uniforum for ei tid tilbake møtte han i Istanbul, uttalte han seg svært kritisk til president Recip Erdogan og forsøka hans på å knebla pressefridom, ytringsfridom og den akademiske fridomen i Tyrkia. 

– Dei siste ti åra har Erdogan ført ein bestemt politikk for å ta over mest mogleg av dagsavisene og andre media i Tyrkia. Og no er han i ferd med å lykkast med det. No deler 80 prosent av alle avisene og media hans ideologi eller er kontrollerte av økonomiske støttespelarar. Tolv tyrkiske entreprenørar eig dei aller viktigaste og største avisene. Det er eit slags redaksjonelt monopol, men ikkje på eigarsida, slår han fast. Han viser til at det dagleg blir selt 3 millionar aviser i eit land med 80 millionar innbyggjarar.

– Opplaget for opposisjonsavisene er på mellom 300 000 og 500 000 aviser dagleg, konstaterer han. 

Erol Önderoglu har sett ei forverring av respekten for menneskerettane etter kuppforsøket 12. juli 2016. – Det blei innført unntakstilstand og dei normale rettsreglane for ein rettsstat blei i stor grad sette til side.  Dermed braut respekten folket hadde til regjeringa og statlege institusjonar saman.

– Ser du noko lys i enden av tunnelen? 

– Nei, det gjer eg ikkje. Alle brot på menneskerettane blir forsvart fordi det har å gjera med krigsstrategi og regional stabilitet.  Alle journalistar som skriv kritisk om regjeringa sin politikk, kan bli skulda for å vera spionar og terroristar, meiner han. 

Etter hans oppfatning hamnar president Recip Erdogan ofte i eit dilemma.  – På den eine sida er han på internasjonalt nivå redd for å bli skulda av Vesten for å blanda seg inn i konfliktar i Midtausten. På nasjonalt nivå vil han sikra seg at han ikkje blir skulda for å vera innblanda i politisk korrupsjon eller for å setja strek over fredsavtalen med kurdarane eller til å bruka kuppforsøket til sin eigen fordel, seier han.

– Tabu å arbeida for toleranse

Önderoglu viser til historia om ein journalist som avslørte våpensal frå Tyrkia til jihadistgrupper i Syria,  og som fekk harde skuldingar mot seg, sjølv om det einaste han gjorde var å gjera jobben sin. – Å jobba for at journalistar får ein rettferdig rettargang, å arbeida for samarbeid og toleranse mellom muslimar, kurdarar og mellom kristne og sekulære tyrkarar og mellom majoriteten og minoritetane, mellom gresktyrkarar og tyrkarar, ja, det er nesten blitt tabu å jobba for desse sakene i Tyrkia i dag, meiner han. 

– Må ta vare på mangfaldet

Erol Önderoglu er overtydd om at det hastar å redda det som er igjen av det demokratiske og liberale samfunnet Tyrkia.   – Regjeringa vil hindra all form for kritikk. Det er ein prosess me aldri har sett i Tyrkia tidlegare. Derfor må me arbeida for å ta vare på mediemangfaldet og det politiske mangfaldet i dag.  Om me ventar, vil me aldri få tilbake det mangfaldet me trass alt har i dag, trur han. 

– Skuffa over Jagland og Europarådet

Som menneskerettsaktivist og forkjempar for pressefridomen i Tyrkia, hadde han venta å få meir støtte frå Europarådet.

SKUFFA : Erol Önderoglu hadde venta meir av Europarådet og generalsekretær Thorbjørn Jagland når det gjeld å forsvara menneskerettane i Tyrkia. (Foto: Ola Sæther)

– Eg er svært skuffa over generalsekretær Torbjørn Jagland og Europarådet og behandlinga av brota på menneskerettane i Tyrkia. Alle land som skal vera med i Europarådet må respektera menneskerettane. Etter mi meining har Torbjørn Jagland ofra menneskerettane som nettopp han og Europarådet skal forsvara, seier han til Uniforum. I februar var generalsekretær Thorbjørn Jagland Tyrkia og møtte president Recep Tayyip Erdogan. 

Ifylgje VG var han svært uroa over utviklinga. – Me er veldig uroa. Mange journalistar, parlamentarikarar og borgarmeistrar er fengsla. Me jobbar intenst med heile rettssystemet fordi så mange dommarar blei avsette, sa Jagland til VG.

– Samarbeider med ultranasjonalistar

Erol Önderoglu trur heller ikkje nokon kan utfordra makta som president  Recep Tayyip Erdogan har i Tyrkia.

– Nei, han har allereie lagt ein strategi. No samarbeider han og partiet hans AKP med ultranasjonalistane i partiet MHP for å sikra at han kan halda på makta si, slår han fast. 

Den akademiske fridomen har også blitt hardt ramma i Tyrkia. Sidan kuppforsøket er 150 000 statstilsette oppsagte, mange av dei jobba tidlegare på universiteta.  – Når dagens generasjon ser korleis dei mest taleføre akademikarane, dommarane, journalistane og juristane hamnar i fengsel, lærer dei at det vil lønna seg for dei å halda kjeft.  I dag blir det rekruttert folk frå landdistrikta til domstolane i byane, og dei må ha opplæring i korleis domstolane fungerer, rett før dei skal i elden, seier han.  – Alt er under omstilling under full kontroll av regjeringa. I dag blir Tyrkia styrt av dekret frå regjeringa og ikkje gjennom lover, meiner Erol Önderoglu. 

– Erdogan må respektera grunnlovsdomstolen

I sentrum av Istanbul møter Uniforum også advokaten Veysel Ok. Han er advokaten til den tysk-tyrkiske journalisten Deniz Yüsel frå Die Welt og for skribenten og journalisten Mehmet Altan. Han tykte det var lite som skulle til, før Deniz Yüsel blei dømt og sett i fengsel. 

– Han skreiv åtte artiklar i Die Welt om det kurdiske problemet og om kuppforsøket. Det enda med elleve månader i fengsel, fortel han til Uniforum.  Då me møter han, har den tyrkiske grunnlovsdomstolen nettopp oppheva fengselsdommen av dei to frå ein lågare rett. Samtidig uttalte ein talsmann for regjeringa seg imot dommen. 

– Grunnlovsdomstolen er den høgaste rettsinstansen i Tyrkia. President Erdogan bør respektera den avgjerda.  Det er ei rivalisering mellom dei lågare domstolane og høgsterett i Tyrkia i dag. Regjeringa har ikkje noko anna val enn å godta avgjerda frå den høgaste domstolen, understrekar han.  

VIKTIG MED UTANLANSKE OBSERVATØRAR: Det er viktig at utanlandske observatørar fylgjer rettssakene mot journalistar og akademikarar i Tyrkia. Det er både pressefridomsaktivist Evin Barış Altıntaş og advokat Veysel Ok einige om. (Foto: Ola Sæther)

– Appellerte til ytringsfridomen

Veysel Ok er overtydd om at avgjerda også vil få fylgjer for andre fengsla journalistar.  – Eg appellerte til ytringsfridomen og til retten til personleg tryggleik og fridom for å få sett desse journalistane fri.  Han meiner det er viktig at utanlandske observatørar fylgjer rettssakene mot journalistar og andre menneskerettsaktivistar i Tyrkia. 

– Når det sit utanlandske observatørar i rettssalen, oppfører dommarane seg på ein heilt annan måte, slår han fast. Evin Barış Altıntaş frå P24 nettverket for ei fri presse i Tyrkia er einig. Men ho seier seg lei for at folk i Tyrkia er for ideologiske.

– Difor støttar dei berre dei som blir fengsla som deler deira eigen ideologi.  Dei solidariserer seg ikkje på tvers. Det er viktig at dei også aksjonerer for dei som dei er ueinige med i sak, seier ho til Uniforum.

To klientar med ulike lagnader

Då me snakka med Veysel Ok tidlegare i år, var han ganske optimistisk.  Den tysk-tyrkiske journalisten Deniz Yüsel kom ut av fengselet 16. februar, og då fekk han også utreiseløyve til Tyskland. Journalisten og skribenten Mehmet Altan blei derimot på nytt dømt til fengselsstraff.  Avgjerda til grunnlovsdomstolen blei dermed ikkje tatt til fylgje.

 

PRESSEFRIDOMEN ER UNDER PRESS: Tyrkia ligg no på 157.plass i rangeringa over pressefridom frå Reporterar utan grenser. Denne veka var leiaren for Tyrkiaavdelinga av Reporterar utan grenser,  Erol Önderoglu (i midten) hos Fritt Ord då rangeringa blei publisert. Der møtte han generalsekretær i Reporterar utan grenser, Antoine Bernard (t.v.) og Harlem Desir, Representative on Freedom of the Media, OSCE. (Foto: Ola Sæther)

Og denne veka blei altså 14 journalistar i opposisjonsavisa Cumhuryiet dømde til lange fengselsstraffer for å «ha hjelpt ein terrororganisasjon som dei ikkje er medlemar i». Det ser dermed ut til at det dramatiske fallet i pressefridom i Tyrkia på Reporterar utan grenser si rangering over pressefridom samsvarar godt med røyndomen i Tyrkia.

 Les meir om Tyrkia i Uniforum

Akademikarar og juristar i Tyrkia ventar framleis på tiltalen

Tyrkiske Isthar Gözaydin får UiOs menneskerettspris: Kan få 15 år i  fengsel

Tyrkia stiller fredsaktivistar for retten i dag

Fekk sparken etter akademikarprotest i Tyrkia

 

(Stiftelsen Fritt Ord har finansiert Uniforums pressereise til Tyrkia)

Emneord: Tyrkia, Menneskerettar. Akademisk frihet Av Martin Toft
Publisert 27. apr. 2018 15:39 - Sist endra 27. apr. 2018 15:50
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere