UiO-forskar Idil Eser risikerer 15 år i tyrkisk fengsel: – Eit stort vonbrot

Idil Eser risikerer mellom 7 1/2 og 15 år i tyrkisk fengsel. Amnesty Tyrkias tidlegare generalsekretær som no arbeider på UiO, er skuffa. –  Me har skaffa mange bevis som frikjenner oss.

Ei kvinne med raude briller ser mot kameraet

RISIKERER FENGSEL: – Berre Gud veit kva resultatet av denne rettsprosessen blir, sukkar Idil Eser. Amnesty Internationals tidlegare generalsekretær i Tyrkia kan få ei fengselsstraff på inntil 15 års fengsel.

Foto: Ola Gamst Sæther

For rundt ti dagar sidan blei det kjent at den tyrkiske påtalemakta kom med ei ny innstilling om fengselsstraffer for Amnesty Tyrkias styreleiar Taner Kilic og dei 10 akademikarane og menneskerettsaktivistane som er kjende som Istanbul 10.

Dette er Istanbul 10 og Taner Kilic:

  • İdil Eser, generalsekretær  for Amnesty International, Turkey
  • İlknur Üstün, Women's Coalition
  • Günal Kurşun, Human Rights Agenda Association
  • Nalan Erkem, Citizens’ Assembly
  • Özlem Dalkıran, Citizens’ Assembly
  • Veli Acu, Human Rights Agenda Association
  • Şeyhmus Özbekli, advokat
  • Nejat Taştan, Association for Monitoring Equal Rights
  • Ali Gharavi, forfattar
  • Peter Steudtner, kursleiar i ikkje-vald.

    Taner Kılıç, advokat og styreleiar for Amnesty International i Tyrkia blir også rekna som ein del av denne gruppa.

    Alle blei arresterte rett etter kuppforsøket 15. juli 2016.

    Statsadvokaten innstiller på straff med inntil 15 års fengsel for Idil Eser, Günal Kursun, Ôzlem Dalkiran, Nejat Tastan og Veli Acu.Straff med inntil 15 års fengsel for Taner Kilic.

    Statsadvokaten innstiller på frifinning for  Ali Gharavi, Ilknur Ûstün, Nalan Erkem, Peter Steudtner og Seyhmus Ôzbekli

    Neste rettshøyring er 19. januar 2020.

    (Kjelder: Amnesty International og Wikipedia

– Berre Gud veit

For fem av dei er alle skuldingane falle bort og dei kan rekna seg som frikjende. For dei siste fem vil påtalemakta ha fengselsstraffer frå 7 ½ år til 15 år for å støtta terrororganisasjonar utan å vera medlem. Mellom dei er Amnesty Internationals tidlegare generalsekretær i Tyrkia, Idil Eser. No arbeider ho som forskar ved Norsk senter for menneskerettar ved Universitetet i Oslo. Det er heller ikkje lett for henne å forstå kva desse straffesakene til slutt endar med. Uniforum møter henne i den nye jusbygningen Domus Juridicia i Oslo sentrum.

 – Berre Gud veit kva resultatet av denne rettsprosessen blir, sukkar ho. – Det ser likevel ut som om me skal bli straffa for dette. Det er mange val. Eg trur ikkje me får så lange fengselsstraffer. Nokre av oss har fått strengare straffer, medan andre av oss får redusert straffene våre fordi me har sete ei tid i fengsel. Dei kan også velja å utsetja heile domsavgjerda. Det vil seia at i fem år kan du ikkje gjera noko som helst, seier Idil Eser til Uniforum.

– For meg ser det ut som eit mønster

Amnestys Internationals tidlegare generalseketær i Tyrkia synest også dette er ei trist historie for det tyrkiske rettsvesenet.

 – For to år etter at me blei sette fri, driv statsadvokaten og oppfører seg som om ingenting er forandra i løpet av den tida. Me har skaffa mange bevis, mange forklaringar som alle frikjenner oss for alle skuldingane. Det er eit stort vonbrot, seier ho til Uniforum.

–Statsadvokaten meiner også at sidan me arbeider for sivilsamfunnet og er menneskerettsaktivistar, så jobbar me i det skjulte for terrororganisasjonar. For meg ser det ut som eit mønster i dette. Og så lenge ikkje folk reagerer mot dette, vil dei halda fram med liknande saker, spår ho.

– Patetisk

Skuldingane mot Idil Eser er altså at ho med vitande og vilje har støtta ein terrororganisasjon utan å vera medlem av den.

– Det er akkurat den same skuldinga som dei brukar mot mange, også mot journalistar, slår ho fast.

– Dei veit godt at det ikkje stemmer. Og når påtalemakta legg fram skuldingane i retten blir det lett avslørt kor klossete og usannsynlege skuldingane er, fortel ho.

Som døme viser ho til at ho er blitt skulda for å ha vore i kontakt med styreleiaren for Amnesty International i Tyrkia, Taner Kılıç.  

–  Kva er meir naturleg for ein generalsekretær i ein nasjonal organisasjon enn å ha kontakt med styreleiaren for organisasjonen? Dette er rett og slett patetisk, konstaterer ho.

Idil Eser viser til at påtalemakta meiner at styreleiar Tanes Kilic hadde ei spesielt kommunikasjonsprogram på mobiltelefonen sin. – Ein ekspert som blei kalla inn i retten, fortalde at han slett ikkje hadde det programmet i mobiltelefonen sin, trekkjer ho fram.

Verken Idil Eser eller dei andre som var sikta, har enno fått vita kva den endelege straffa kan bli.

– Det ser eigentleg ikkje særleg lovande ut, men det er likevel håp, trur ho.

Ho var ein av dei fem som den tyrkiske påtalemakta ynskjer å halda fram den juridiske saka mot. Fem andre blei frikjende. Idil Eser meiner ho vei kvifor.

 – To av dei er utanlandske statsborgarar, så det handlar om ein avtale mellom Tyrkia og landa dei to kjem frå, trur ho utan at ho kan dokumentera at det er grunnen.

Ho fortel at det einaste provet som blei lagt fram i retten var ein invitasjon frå den britiske ambassaden om å delta under markeringa av eit prosjekt som som var gjennomført av Barne- og familiedepartementetet.

– Det ser ut som om dei no har bestemt seg for å stilla Taner Kilic for retten saman med dei andre fem. Regjeringa er redd for oss fordi me reagerer mot alle slags brot på menneskerettane, slår ho fast.

Idil Eser føler at ho veit altfor lite om desse juridiske sakene.

– Det tyrkiske rettsvesenet er lite gjennomsynleg.

Ikkje optimistisk for dei neste ti åra

Også i vår snakka Uniforum med Idil Eser. Då var ho svært pessimistisk når det gjaldt den politiske utviklinga i Tyrkia.

– Det er eg framleis. Grunnen er at me har fleire og fleire journalistar i fengsel. Og styresmaktene kjem stadig med nye skuldingar mot dei.. Det handlar til dømes om at dei kritiserer den økonomiske situasjonen i Tyrkia. Nesten alle leiarar for organisasjonar som kjempar mot brot på menneskerettane er arresterte. Mange stader er valde politikarar skifta ut med byråkratar. I det lange løp er eg optimistisk, men ikkje for dei komande ti åra, seier ho til Uniforum.

Ho er svært glad for at kandidaten til opposisjonen vann ordførarvalet i Istanbul.

– Men det har ført til at regjeringa no har sett seg leia på lokalpolitkarane i istanbul. Derfor kjører  dei ei sak mot ein kvinneleg politikar på grunnlag av kritiske twittermeldingar som ho sende for over sju år sidan. Feilen hennar var truleg at ho var så flink til å organsiera partiet sitt at det vann valet, seier ho sarkastisk.

Frikjende akademikarar

Nokre lyspunkt i mørket dukkar likevel opp i Tyrkia.  For i den siste rapporten til Scholars at Risk, Free to Think 2019 går det fram at det tyrkiske rettsvesenet har avvist skuldingane mot ti av dei som i januar 2016 skreiv under på  protesten mot krigshandlingane i det kurdiske området i søraust-Tyrkia, kjende som "Academics for Peace."  Seinare har tyrkisk rett også annulert sakene mot 300 av dei andre underskrivarane. Men det sit framleis fleire journalistar og menneskerettsaktivistar bak lås og slå i Tyrkia.

VENDER IKKJE TILBAKE: Idil Eser var tildlegare generalsekretær for Amnesty International i Tyrkia. No arbeider ho ved Norsk senter for menneskerettar ved UiO:  – No har eg til og med fått kattane mine hit, seier ho, (Foto: Ola Sæther)

– Forkjempar for demokrati

Idil Eser snakkar sjølv svært varmt om filantropen og forretningsmannen Osman Kavala som har sete tre å i fengsel og dermed lengst av dei som blei arresterte rett etter det mislykka kuppforsøket i juli 2016.

– Dei har ein teori om at han er knytt til dei internasjonale mørke kreftene som dei meiner stod bak demonstrasjonane mot regjeringa i Gezi-parken i 2013. Han har vore ein forkjempar for demokrati og ein støttespelar for dei frivillige organisasjonane heile tida. Den aksjonen var heilt spontan og hadde ikkje bakgrunn i nokon organisert protest, understrekar ho.

Idil Eser føler seg trygg i Noreg, men ho er klar over at dei tyrkiske styresmaktene fylgjer med på kva ho gjer.

– Eg var på eit Amnesty-møte i Luxembourg. Der var det ein person frå den tyrkiske ambassaden som sat og noterte ned alt som eg sa, registrerte ho.

Førebels har ho ingen planar om å venda tilbake til Tyrkia for godt

 – No har eg til og med fått kattane mine hit, smiler ho.

Emneord: Menneskerettar, Tyrkia Av Martin Toft
Publisert 6. des. 2019 19:09 - Sist endra 9. des. 2019 09:49
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere