Det var smekkfullt i Domus Bibliotheca i sentrum då UiO før helga inviterte til debatt om president- og parlamentsvalet i Tyrkia sundag 14. mai. NRKs tidlegare Tyrkia-korrespondent Sidsel Wold og Einar Wigen, professor i Tyrkia-studier på UiO, delte tankar og analysar om kva som kan skje i Tyrkia etter valet.
Den sitjande presidenten Recep Tayyip Erdogan har hatt makta i over 20 år, først som statsminister og deretter som president med utvida fullmakter. No stiller han opp på nytt for Folkealliansen med AKP og Nasjonalrørslepartiet.og håpar på å bli valt til president for fem nye år.
Motkandidaten Kemal Kiliçdaroglu, leiar for Det republikanske folkepartiet står i brodden for ein allianse på seks opposisjonsparti der hans eige parti er det største. Elles utgjer alliansen parti frå venstresida til sentrum-liberale parti og til og med eit lite islamistisk parti. Det kurdiske partiet HDP støttar alliansen utan å vera ein del av den.
– Skjønar no at det står svært mykje på spel
Professor Einar Wigen trur Kemal Kiliçdaroglu vil få problem med å halda saman denne alliansen gjennom ein valperiode.
– Dilemmaet er kor fort Kiliçdaroglu vil koma seg ut av den problematiske situasjonen der han skal gjeta fem kattar samtidig i ei koalisjonsregjering, sa Wigen.
Etter eit innspel frå NRK-journalist Sidsel Wold som peika på Tyrkias dårlege erfaringar med koalisjonsregjeringar, gav han henne heilt rett i det.
– Det var Erdogans største salsargument då han kom til makta i 2002. Men om du ser på veljardemografien i Tyrkia, så er dei fleste tyrkarar fødde etter 1980, så dei har lite minne om 1990-talet. Dei har større problem med denne maktkonsentrasjonen, peika Wigen på.
Sjølv trudde han at hovudpersonane i alliansen til Kiliçdaroglu vil leggja problema seg i mellom til side for å få ei best mogleg styring av landet og at det ikkje ville bli som på 1990-talet.
– Eg trur dei skjønar no at det står svært mykje på spel. Det var ein som braut ut i mars, men vedkomande blei fort hanka inn igjen gjennom eit svært godt handverk. Så eg trur kanskje dette kan gå ei stund. Det er ikkje sikkert det blir ein dans på roser i fem år, men dei kan få til ein del ting, var vurderinga til Wigen.
Og han trudde at om opposisjonsalliansen vinn valet på sundag, vil dei også trekkja Tyrkia ut av Erdogans militære eventyr i Libya, Syria og i Aserbajdsjan, sjølv om han tok eit lite atterhald for Aserbajdsjan der han meinte det ville bli vanskeleg å trekkja seg heilt ut.
– Her vil det vera mange kompromiss og avtalar som det vil vera fint å koma seg ut av. Og eg ser at ein avtale om flyktingar fort kan bli ein avtale med Assad. Dermed vil dei trekkja seg ut av område der dei har halde handa si over ein del militsar, Eg trur ikkje det blir særleg vakkert om dei sender masse syriske flyktningar tilbake. EU har vore flinke til å handtera denne flyktningeavtalen. Eg trur ikkje dei i alliansen vil gjera noko overilt, sa Wigen.
– Skremmande og deprimerande
NRK-journalist Sidsel Wold fekk spørsmål frå publikum om kva som ville skje med Tyrkia i NATO i tida framover.
– Tyrkia er viktig fordi det ligg der det ligg og fordi det har gitt viktige bidrag i NATO- operasjonar gjennom fleire tiår. Akkurat no har Tyrkia hatt ei slags fri rolle, men viser styrkje, noko eg trur mange tyrkarar er stolte over. Erdogan seier at dersom me seier nei, vil ikkje Sverige koma inn i NATO, før me bestemmer det. Samtidig har Erdogan hatt kontakt med både Putin og Zelenskyj i Ukraina. Det er veldig viktig for NATO. Det er ingen som har klart å få dei to leiarane til å møta kvarandre, men det at Tyrkia ikkje har sanksjonar mot Russland, men har opne dører til begge landa, har vore viktig, slo ho fast.
Derimot meinte ho at andre forhold i det tyrkiske samfunnet har vore svært negative.
– Når det gjeld situasjonen for pressefridomen har det vore skremmande og deprimerande. Eg kjenner så mange tyrkiske jouralistar som har mista jobbane sine. Eg tenkjer at om det blir eit skifte, er det mange politiske fangar som må bli sette fri, mellom dei filantropen og brubyggjaren Osman Kavala. Det verste med Tyrkia i dag er redselen for å tvitra, redselen for å seia noko høgt, Det klimaet må endrast, og eg håpar det blir endra med eit maktskifte, sa Wold.
– Det er nesten umogleg å sjå føre seg
Tidlegare Midtausten-korrespondent Sidsel Wold drog også ei samanlikning mellom Israels lengst sitjande statsminister Benjamin Netanyahu som etter eit kort opphald no er tilbake som regjeringssjef.
– Det er veldig vanskeleg å tenkja seg at Erdogan skal låsa døra til palasset og berre gå. Det er nesten umogleg å sjå føre seg. Eg veit ikkje, men eg håpar det aller beste for Tyrkia og spesielt for journalistar. Det er så utruleg mange flotte forfattarar og intelektuelle i Tyrkia. Om det blir betre kår for ytringsfridomen i Tyrkia, det er det som eg er mest spent på, sa Sidsel Wold.
Einar Wigen fekk også spørsmål om kva han trudde ville skje med kurdarane sin situasjon i Tyrkia etter eit mogleg maktskifte, og om det ville føra til endringar i grunnlova.
– Om koalisjonen av seks parti skal klara å halda saman må dei nok halda seg unna dei mest betente spørsmåla i tyrkisk politikk. Dei kan ikkje opna alle problem, og eg trur at dette er eit av dei problema dei kan velja bort. Eg trur ikkje det vil skje store endringar på det området. Endringar i grunnlova vil i hovudsak skje i valordningar og maktfordeling, konstaterte han.
Wigen viste også til at mange av dei som i dag sit i viktige maktposisjonar i Tyrkia, kan takka Erdogan for jobben.
– Dei har fått stillingane sine av Erdogan og partiet AKP. Ein har i dag veldig få kontrollfunksjonar. I stor grad dreiar det seg om å byta ut folk. Om kva som skjer med denne gruppa i samband med ei grunnlovssak, det veit eg ikkje, sa han.
– Må få ei oppreising
Dersom det blir ein ny president og ei ny regjering etter president- og parlamentsvalet i Tyrkia på sundag, er Sidsel Wold sikker på at det vil vera nødvendig å gjera ei stor opprydding rundt omkring i heile landet.
Tyrkia:
Republikk med 84,78 millionar innbyggjarar (2021)
Hovudstad: Ankara
President: Recep Tayyip Erdogan (69), AKP
Aktuelt: President- og parlamentsval 14. mai.
Presidentkandidat frå opposisjonen: Kemal Kiliçdaroglu(74) leiar for Det republikanske folkepartiet. Blir kandidat for seks ulike parti frå venstre til og med sentrum-liberale i Nasjonsalliansen.
Erdogan vIl ha ny periode som kandidat for Folkealliansen med Nasjonalrørslepartiet og AKP.
I tillegg stiller Muharrem Ince (59) frå Heimlandspartiet og Sinan Ogan (55) frå ATA,som presidentkandidatar.
Alle tyrkarar over 18 år har stemmeplikt.
110 personar knytte til det kurdiske partiet HDP blei arresterte i 21 ulike provinsar den 25. april skulda for å finansiera den væpna kurdiske gruppa PKK. Fleire er advokatar, journalistar og politikarar.
HDP avviser skuldingane og meiner det blir gjort for å skapa uro før presidentvalet 14. mai.
– Det som eg trur blir viktig, dersom det blir ei endring, er at alle dei kurdiske borgarmeistrane, politikarane og alle dei som er blitt avsette og arresterte, må få ei oppreising på ein eller annan måte. Det trur eg er veldig viktig fordi det har skapt mykje bitterheit hos folket, spesielt i søraust. Erdogan har forsøkt fullstendig å vengeklippa HDP-partiet og polititikarar frå det partiet, understreka ho.
Einar Wigen var viss på at det var mogleg å få til utan store grunnlovsendringar.
– Det er mogleg å få til innanfor det eksiterande politiske systemet. Det er ikkje det å endra det som står på papiret som står i vegen for dette, meinte han.
– Eg trur ikkje det er så lett å innsetja dei igjen
UiO-forskaren var einig i at det var nødvendig med ei form for erstatning for dei som hadde mista jobbane sine, men han trudde ikkje at det berre er så enkelt som å setja dei inn igjen i dei gamle posisjonane sine.Han meinte det var viktig å¨ta opp både korrupsjonsaker mot sitjande politikarar, og spørsmålet om oppreiising for dei som har mista jobbane sine.
– Men mange av dei har sete lenge i fengsel og andre har vore veldig lenge i eksil og ute av posisjonane dei hadde, til dømes offiserane som mista jobbane sine i 2009. Eg trur ikkje det er så lett å innsetja dei igjen. Kva ein skal gjera med dei, vil bli eit stort politisk problem, frykta han.
Sidsel Wold hadde registrert at det var mange sterke kjensler i Tyrkia.
– I det heile tatt er det mange som er sinte og urettferdig behandla.
– Er opptatt av å iscenesetja seg sjølv
President Recep Tayyip Erdogan spelar hovudrolla i dagens Tyrkia, og det er svært viktig for han sjølv, var Einar Wigen overtydd om.
– Han har jo ei form der han er svært opptatt av å iscenesetja seg sjølv. Den dagen han ikkje hamnar i overskriftene i avisene, den dagen han ikkje er øvst i nyhendesendingane,, då veit eg ikkje kva som skjer. Han er så vand til å setja agendaen.
– Når det gjeld motkandidaten, så har han leia opposisjonen i parlamentet, og han var den første som drog til jordskjelvområdet, Men han er ikkje den som vanlegvis set agendaen. Medan Tyrkias nasjonale kringkasting gir nokre minuttar med sendetid til Kiliçdaroglu, gir dei mange timar til Erdogan, peika han på.
– Om bodskapen er hemn, vil dei neppe vinna
Og Sidsel Wold supplerte.
– Då Erdogan heldt den siste talen sin, var det 21 fjensynskanalar som avbraut dei ordinære sendingane sine for å få kringkasta den talen. No er det veldig mange som hatar Erdogan. Også fordi dei berre tilset nevøar, venner av venner.av Erdogan, Og det er venner av Erdogan som får dei beste kontraktane. Mange lurer på om dersom Erdogan taper, vil då tida for hemn koma? spurde Sidsel Wold Einar Wigen.
– Opposisjonen må kommunisera overfor AKP-veljarar at dei ikkje er ute etter hemn. I motsett fall vil dei slutta opp om han som dei alltid har stemt på, altså Erdogan, sjølv om dei kanskje ikkje likar han lenger. Om bodskapen er hemn, vil dei neppe vinna, trudde Wigen.
Derimot var han overtydd om at dei seks partia som no står bak ein felles presidentkandidat må driva politikk på ein ny måte.
– Poenget er at meir av politikken må skje i relasjonen mellom desse partia og med Kiliçdaroglu, varsla Wigen.
– Det blir spennande uansett, konstaterte Sidsel Wold.
Stemmeplikt
Valet i Tyrkia er både eit president- og parlamentsval. Alle innbyggjarar over 18 år har stemmeplikt. Derfor må alle tyrkarar med stemmerett gå ut for stemma under skjebnevalet sundag 14.mai. Så langt tyder meiningsmålingane på eit lite forsprang til Kiliçdaroglu, ifylgje nettsstaden PolitPro. Men om ingen får over 50 prosent av stemmene, blir det ein andre valrunde nærmare sommaren.
• Les meir om situasjonen i Tyrkia i Uniforum:
Tyrkia: Sjølvstyret til universiteta og pressefridomen er under sterkare press
Ishtar Gözaydin håpar presidentvalet kan gi betre tider for akademia i Tyrkia
Dei står opp for akademisk ytringsfridom og demokrati i Tyrkia
Jordskjelvet i Tyrkia kan få fylgjer for presidentvalet
Logg inn for å kommentere