Jordskjelvtragedien i Tyrkia og Syria blei markert på UiO

Med klassisk musikk og talar av rektor Svein Stølen og leiar for  Studentparlamentet, Oline Sæther markerte  UiO  i dag jordskjelvtragedien for tyrkiske og syriske studentar og tilsette.

MINNESTUND: Både studentar og tilsette med bakgrunn frå Syria og Tyrkia møtte opp, då UiO heldt ei minnestund om jordskjelvtragedien. Oline Sæther, leiar for Studentparlamentet (t.h.) heldt ein tale på vegner av studentane.  

Foto: Ola Gamst Sæther

Den 6. februar råka eit jordskjelv som målte 7,8 på Richters skala i det sentrale Tyrkia og eit stort område i Syria. Til saman mista over 50 000 menneske livet medan heile byar blei lagde i grus.

– Vanskeleg å vera langt vekke

På Universitetet i Oslo er det både studentar og tilsette frå Tyrkia og Syria som er direkte eller indirekte berørte av jordskjelvtragedien. 

I dag arrangerte UiO ei minnestund om  tragedien med klassisk musikk og talar av rektor Svein Stølen og leiar for Studentparlamentet Oline Sæther. Den gjekk føre seg i 12. etasje i Niels Treschows hus på  Blindern. Markeringa blei leia av Svein Stølen. 

– Dette var eit jordskjelv som ramma Tyrkia og Syria med ei kraft som er vanskeleg å forstå. Mange av de som er her i dag har familiar, venner og kjenningar som er ramma av tragedien. Me veit at det er frykteleg vanskeleg å vera langt vekke frå dei når noko sånt har skjedd. I våre hjarte føler me med dykk, sa han.

FØLER MED DYKK: – I våre hjarte føler me med dykk, sa rektor Svein Stølen, då UiO markerte jordskjelvtragedien i Tyrkia og Syria med ei minnestund i ettermiddag. (Foto: Ola Gamst Sæther)

 

Og Svein Stølen hadde ei tru på at markeringa kunne vera til hjelp.

–  Etter dette møtet håpar me at de ser at de er inkluderte i universitetssamfunnet. Me vil fortelja dykk  meir om dei tilboda me har på¨universitetetet for å støtta dykk og der de også  kan snakka med nokon om det som har skjedd, sa Svein Stølen. 

– Me har medkjensle med dykk

Etter rektors tale var det eitt minutts stille for offera etter jordskjelvet, før leiaren for Studentparlamentet, Oline Sæther fekk ordet. Ho peika først på  alle dei ordspråka som understrekar kor viktig den jorda med bur og lever på er for oss. 

– Å stå på fast grunn, heiter det. Jorda er noko fast og solid som me stolar på og som alltid er der. I Syria og Tyrkia fall husa i grus over dei som budde i dei, då jorda begynte å skjelva midt på natta. Folka i Syria og Tyrkia erfarte det som  kanskje vil vera det verste nokon kan oppleva. For der visste dei  ikkje lenger om husa ville  stå, når dei vakna. I dag vil me bringa kondolansane våre til dei som er blitt ramma av jordskjelvet, sa ho.

– For meg finst det ikkje noko verre enn at det som du kallar for heim, fell i grus. Me har medkjensle med dykk og me vil vera til stades for dykk om de treng hjelp, lova  Oline Sæther, leiar for Studentparlamentet ved UiO. 

Etterpå informerte Anne Karin Mullally frå SiO helse om deira psykiske helsetilbod, medan studenprest Anne Anita Lillebø og humanistisk livsrettleiar Birgitte Fredriksen  informerte om tilbodet som begge har til å kunna samtala med kven som helst når som helst i romma for tru og livssyn på Blindern. 

Den klassiske musikken blei framført av Ina Brekke og Emma Ohm Ballestad frå Barrat Due Musikkinstitutt. 

 

• Les også: – Jordskjelvet i Tyrkia kan få følger for presidentvalet

 

 

 

 

Emneord: Tyrkia, Syria Av Martin Toft
Publisert 14. mars 2023 16:41 - Sist endra 14. mars 2023 17:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere