Ishtar Gözaydin endeleg i Oslo for å bli heidra som vinnar av UiOs menneskerettspris 2017

I dag kom tyrkiske Ishtar Gözaydin endeleg til Oslo, to år etter at ho fekk tildelt Universitetet i Oslos menneskerettspris.

Ei kvinne står framfor Universitets aula i Oslo sentrum

I OSLO: Ishtar Gözaydin er endeleg i Oslo for å ta imot UiOs menneskerettspris for 2017. I formiddag spaserte ho forbi Universitetets aula.  I kveld arrangerer UiO ein middag til ære for henne, og i morgon er ho hovudgjest på eit seminar om akademisk fridom i Professorboligen.

Foto: Ola Gamst Sæther

Klokka 10.40 i formiddag dukkar Ishtar Göyzadin opp i ankomsthallen på Oslo lufthavn Gardermoen. Og ho tykkjer det er ei fin oppleving å vera tilbake i Oslo etter over tre år med utreiseforbod frå Tyrkia.  

– Absolutt vakkert og vidunderleg. Den dagen eg fekk vita at eg ville få passet mitt tilbake, gret eg. Vanlegvis græt eg nesten aldri. Så då kan de forestilla dykk kor viktig det er for meg å ha fått det tilbake att. Det seier ei smilande og glad Ishtar Gözaydin til Uniforum rett etter at ho har gått av flyet frå Istanbul til Oslo.  Me møter henne på Gardermoen og fylgjer med henne på flytoget inn til Oslo sentrum.

PÅ GARDERMOEN: I formiddag kom vinnaren av UiOs menneskerettspris 2017, Ishtar Gözaydin med fly til Oslo frå Istanbul. (Foto: Ola Sæther)

Høyrde Mozarts Requiem i Wien

– Eg har vore ein gong i utlandet sidan eg fekk tilbake passet mitt etter at dei tok det frå meg den 5. oktober 2016. Eg var på veg til ein EU-konferanse på Sicilia, då eg fekk vita at passet mitt var inndratt. Så då vende eg heim igjen til husværet mitt i Istanbul. Det første eg gjorde på denne datoen etter at eg hadde fått tilbake passet, var å dra til Wien for å tilbringa to kveldar for meg sjølv og gå og høyra på Mozarts Requiem. Det var veldig flott. Og no er eg her i Oslo, fortel ho strålande til Uniforum.  

No ser ho fram til eit seks dagar langt opphald i Oslo, der ho dei første dagane er Universitetet i Oslos offisielle gjest, medan ho resten av tida skal vera saman med venner i Oslo.

– Først og fremst ser eg fram til å treffa fagfellar som eg har korrespondert med utan å sjå korleis dei ser ut. Elles brukar eg ikkje å ha så mange forventningar, men eg berre ventar og ser kva som skjer, fortel ho.

Tildelt UiOs menneskerettspris i 2017

Tidslinje for menneskeretts-prisvinnaren Ishtar Gözaydin:

Juli 2016: Får  sparken frå jobben som professor ved Gediz University i Izmir etter å ha sendt vidare ei twittermelding som oppfordra folk til å protestera mot unntakstilstanden og forslaget frå presidenten om å gjeninnføra dødsstraff i Tyrkia. 

September 2016: Blir stansa på flyplassen i Istanbul på veg til ein forskarkonferanse på Sicilia. Får beskjed om at ho har utreiseforbod og ho må levera inn passet. 

20. desember 2016: Politiet kjem til husværet hennar  og arresterer henne. Ho blir sendt med fly til Izmir. Der blir ho sett i varetekt i politiarresten i åtte dagar.  

2017: Frå januar til 1. april sit ho og sonar ein dom på 94 dagar i kvinnefengselet i Izmir. 

Saka hennar blir flytta til Istanbul. Ho er skulda for å vera medlem i ei væpna terroristgruppe. Ho risikerer å få ein dom på 15 år. Rettssaka startar 12. september, men blir truleg ikkje ferdig før i november.

August 2017: UiO gjer kjent gjennom Uniforum at Ishtar Gözaydin får UiOs menneskerettspris for 2017. Avgjerda er tatt av universitetsstyret.

November 2017: Ishtar Gözaydin får utdelt UiOs menneskerettspris utan å kunna vera til stades.Tyrkia vil ikkje gi henne passet tilbake.

Januar 2018: Tyrkisk rett utsett avgjerd i rettssaka mot Ishtar Göyzadin til 17. januar.

31. januar 2018: Tyrkisk rett frifann henne for skuldingar om å ha støtta terrorisme.

25. august 2019: Får passet sitt tilbake og kan reisa ut av Tyrkia.

12. november 2019: Kjem til Oslo og UiO for å delta på middag med UiO-leiinga og juryen for UiOs menneskerettspris.

13. november 2019: Ho skal halda foredrag om akademisk fridom på eit seminar til ære for henne som vinnar av UiOs menneskerettspris for 2017. Det er også ei markering av tiårsjubileet for etableringa av Scholars at Risk ved UiO.

(Kjelder: Uniforum og UiO)

Det var i 2017 det blei bestemt at UiOs menneskerettspris skulle gå til den tyrkiske professoren Ishtar Gözaydin. Då hadde den tyrkiske staten både sparka henne frå jobben som professor og leiar for Institutt for sosiologi ved Gediz University i Izmir og arrestert og sett henne i fengsel. Grunnen var at ho hadde støtta ei twittermelding der akademikarar gjekk imot forslaget til president Recip Tayyip Erdogan om å gjeninnføra dødsstraffa i Tyrkia. Ishtar Gözaydin vart også skulda for å vera medlem av ein ulovleg, væpna terrororganisasjon. Ho risikerte ei straff på 15 år i fengsel.

Då Ishtar Gözaydin fekk tildelt UiOs menneskerettspris i desember 2017, måtte ho fylgja med på seremonien på Skype frå sitt eige husvære i Istanbul. Ho hadde utreiseforbod, og ho hadde heller ikkje fått tilbake passet sitt etter at ho blei sett i fengsel i 3 ½ månad vinteren 2017 skulda for terrorisme. Der ho skulle ha sete i Gamle festsal i Urbygningen, var det ein tom stol. Men ho skåla for prisen via Skype saman med alle dei som var til stades i Gamle festsal for å æra henne med at ho hadde fått UiOs menneskerettspris for 2017.

I 2018 kom saka hennar opp for kriminaldomstolen i Istanbul, og den 31. januar det året, blei ho blankt frifunnen for skuldingane om at ho hadde støtta terrorisme. Men det etterlengta passet sitt fekk ho likevel ikkje tilbake, før ho fekk den gledelege beskjeden rundt 25. august i år.  

• Les meir i Uniforum:

No kan endeleg menneskrettsprisvinnaren Ishtar Gözaydin reisa ut av Tyrkia

Talar om den akademiske fridomen i Tyrkia

I morgon skal ho halda eit foredrag om akademisk fridom på ei markering for henne som vinnar av UiOs menneskerettspris 2017. Til Uniforum avslører ho litt av kva talen vil innehalda.

– Det vil bli ei blanding av korleis situasjonen er for menneskerrettane og den akademiske fridomen  i Tyrkia akkurat no og mi eiga personlege historie.

– Korleis er situasjonen for deg personleg i Tyrkia no?

– Eg har inga formell, akademisk stilling lenger. Eg arbeider ikkje og har ingen intensjon om å jobba i Tyrkia. For å seia det rett ut, så er det heller ingen som har bede meg om å ta ein jobb. Eg har ingen rettslege problem lenger, men alle i min situasjon har likevel heilt konkrete problem. Institusjonar i Tyrkia nøler før dei tilset akademikarar på nytt igjen, seier ho.

– Nokre akademikarar, journalistar og redaktørar har blitt sette fri frå lange fengeselsopphald i Tyrkia. Vil det seia at tidene er i ferd med å forandra seg i heimlandet ditt?

– Det trur eg faktisk ikkje, for det handlar berre om den reint juridiske delen av situasjonen. Det er personar som har vore fengsla utan at dei har hatt juridiske grunnar til å gjera det. Då bestemmer rettsvesenet på eigne vegner. Det vil ikkje nødvendigvis seia at desse personane vil gå tilbake til dei jobbane dei hadde før på universiteta eller andre stader. Det vil ta tid før det skjer, trur Ishtar Gözaydin.

– Elskar akademisk arbeid

No håpar ho at ho får god tid til å lesa fagbøker og arbeida som forskar.

– Eg vil gjerne driva med forskingsarbeid, sjølv om eg ikkje er formelt tilsett ved eit universitet. No vil eg halda fram slik som eg gjer og bli ein del av eit forskingsnettverk. Uansett kor mange hindringar som kjem i vegen for det, så er det akademisk arbeid eg elskar aller mest her i verda. Og det vil eg halda fram med same kva som skjer, lovar Ishtar Gözadin.

Då er flytoget framme ved Nationaltheatret stasjon, og me fylgjer henne til Grand Hotel der ho skal bu dei første to dagane under Oslo-opphaldet.

Ei kvinne midt på Karl Johan med slottet i bakgrunnen
KARL JOHAN:  Ishtar Gözaydin er på veg opp Karl Johans gate i retning Grand Hotel.  I kveld arrangerer UiO og juryen for UiOs menneskrettspris ein middag til ære for henne i Professorboligen i Oslo sentrum. (Foto: Ola Sæther)

Middag til ære for Ishtar Gözaydin

I kveld arrangerer universitetsleiinga og juryen for UiOs menneskerettspris ein middag til ære for henne i Stallen i Professorboligen i sentrum.  I morgon er ho hovudinnleiar når UiO skipar til seminar om akademisk fridom i Professorboligen i sentrum frå klokka 08.30 til kl. 13.00. Då deltar også prorektor Gro Bjørnerud Mo, statssekretær Rebekka Borsch i Kunnskapsdepartementet og fleire forskarar frå UiO. Arrangementet er også ei markering av tiårsjubileet for etableringa av Scholars at Risk ved UiO. Nettverket har hjelpt mange tusen akademikarar, også mange frå Tyrkia, med å få ei trygg akademisk hamn etter å ha  blitt forfylgde eller trakasserte i heimlanda sine.

Etter seminaret om akademisk fridom vil UiO-leiinga ta Ishtar Gözaydin med på omvising i Universitetets aula og Gamle festsal i Urbygningen. Det var på den siste staden ho fekk tildelt UiOs menneskerettspris for 2017, medan ho sjølv deltok på Skype frå husværet sitt i Istanbul.

Ei kvinne viser fram passet sitt på eit hotellrom
DET ETTERLENGTA PASSET: – Den dagen eg fekk vita at eg ville få passet mitt tilbake, gret eg. Vanlegvis græt eg nesten aldri. Så då kan de forestilla dykk kor viktig det er for meg å ha fått det tilbake, seier Ishtar Gözaydin til Uniforum.  Her viser ho fram passet sitt på rommet på Grand Hotel. (Foto: Ola Sæther)

Ikkje opera denne gongen

I løpet av opphaldet i Oslo skal ho også besøkja norske venner som ho ofte vitja her i byen før ho blei fengsla og trakassert i Tyrkia etter det mislykka kuppforsøket i juli 2016.

Ishtar Gözaydin ville gjerne ha tatt ein tur i operaen også. Men denne gongen har ho ikkje funne noka operaframsyning ho ynskte å sjå.

– Derfor kjem eg snart tilbake for å få med meg ein av favorittoperaene mine ved eit seinare høve, seier ho til Uniforum.

Emneord: Tyrkia, Menneskerettar, UiOs priser, Akademisk frihet Av Martin Toft
Publisert 12. nov. 2019 14:17 - Sist endra 13. nov. 2019 14:42
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere