Tyrkias president Recip Tayip Erdogan utnemnde partivennen sin, Melih Bulu til ny rektor ved landets mest prestisjetunge universitet, Bogazici University i Istanbul, gjennom eit dekret 1. januar. Det er første gongen sidan militærkuppet i 1980 at universitetet, som er kjent som både liberalt og som ein forsvarar av akademisk fridom, har fått ein rektor som ikkje er frå universitetet og som er utnemnt av regjeringa.
Utnemninga har ført til store protestar frå både studentane og universitetslærarane ved Bogazici University. På måndag gjekk studentane ut og protesterte på universitetsområdet, men dei blei møtt av politi som ikkje akkurat brukte silkehanskar for å stansa dei. Berre den dagen blei 159 studentar arresterte, og fleire av dei blei sette i fengsel. Nokre av dei blei sette frie kort tid etterpå, men dei rapporterte om brutal behandling frå politiet.
Studentane og universitetslærarane krev at dei sjølve skal få velja kven som skal bli deira neste rektor. Derfor nektar dei å godta mannen som president Erdogan heilt åleine har utpeika som rektor for Bogazici University. Melih Bulu var parlamentskandidat for Erdogans parti AKP i 2015, men blei ikkje valt. Det høyrer med til historia at mange meiner å ha grunnlag for å seia at doktoravhandlinga til den nye rektoren var eit plagiat. Sjølv avviser han påstandane, og seier at han berre gløymde å setja nokre av sitata han hadde henta frå andre kjelder i hermeteikn. Sjølv har rektoren doktorgrad i bedriftsleiing, men altså frå ein annan institusjon enn den han skal forsøka å leia no. Kvar dag protesterer universitetslærarane og andre tilsette ved å venda ryggen mot kontoret hans på universitetsområdet, ifylgje New York Times.
Me må gjennom ord og handling visa at me støttar dei
Recip Tayip Erdogan har heilt sidan 2016 gitt seg sjølv rett til å utnemna universitetsrektorar over heile Tyrkia. Også før kuppforsøket i juli 2016, slo han hardt ned på akademikarar. Det gjekk hardast ut over dei som hadde skrive under på oppfordringa om at regjeringa måtte inngå ein fredsavtale med kurdarane. Mange av dei akademikarane som hadde skrive under på kampanjen “Academics for Peace” mista jobbane sine, og mange flykta utanlands.
Dette er derimot første gong Erdogan har peika ut ein rektor ved Bogazici University utan å ha vore i dialog med studentar og tilsette på førehand. For fire år sidan fekk universitetet ein rektor som alle partar kunne godta etter at dei blei forhandla fram eit kompromiss, melder New York Times (), The Guardian og Reuters.
Den britiskbaserte organisasjonen “Solidarity with the People of Turkey” oppfordrar no akademikarar, studentar og regjeringar over heile verda til å protestera mot undertrykkinga av den akademiske fridommen ved både Bogazici University og på andre akademiske institusjonar i Tyrkia.
Den oppfordringa støttar me, og me vil be om at forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim gjer det klinkande klart overfor NATO-landet Tyrkia at den norske regjeringa ikkje kan akseptera slike brot på akademisk fridom som president Erdogan står bak. Me vil også be studentar og akademikarar i Noreg om å visa at dei støttar kampen som studentar og universitetslærarar i Tyrkia står i brodden for. Dei gjer det for å redda det vesle som no er igjen av akademisk fridom i Tyrkia. Me må gjennom ord og handling visa at me støttar dei.
Logg inn for å kommentere